31
Mai
09

bokmelding: Cupidos jubileumsskrift, meldt for Morgenbladet

denne bokmeldinga skreiv eg etter oppdrag frå Morgonbladet; fyrst publisert i MB fredag 28/5-09…

Eg må innrømme at eg nettopp har pressa meg til å lese gjennom det erotiske tidsskriftet Cupidos jubileumsnummer. Det var eit pæs, for det dreiar seg sjølsagt om pornografi, uansett kor lekkert og seriøst utgjevarane ynskjer å presentere det. Eg har full forståing for at folk som likar slike tekstar, vil finne mine meiningar urettferdige som bokmelding. Så kom gjerne med ein alternativ resensjon og la det eg skriv, stå som mine heilt subjektive oppfatningar.

Og eg oppfattar dette heftet og heile sjangeren som andpusten raddisporno. Eller som orda fall frå ein eg viste boka til: ”SV-sex!”
Her finst det meste: Tradd heterosex, litt for lesber og homsar, gruppesex og blandingssex, sadomachosisme med spanskrøyr og børstar, overgrep på fjortisar i gymgaredroben m.m. Ille nok, men tanken er at det er moralsk akseptabelt som estetiske smaksprøver for eit kultivert publikum. Den danna og beherska lesaren kan nyte ubeherska sex utan skruplar.  Han vil gjerne bli kåt, men syns det er triveleg å kombinere det  med ei meir estetisk tilskodarrolle. Tekstens ”vidunderlige potensial også for sekseull tenning” dukkar kanskje opp ”først ved andre gangs lesning” i fylgje  intervju med pionérredaktøren (s 4).  Ei historie med grovt overgrep av ei kvinne, utført av firmaets ”ledergruppe”, blir heilt Ok gjennom den intellektualiserande introdukjsonsteksten: ”I bunnen av det hele ligger hovedpersonens vilje til å gi fra seg all kontroll, og samtidig være den som bestemmer alt. Dermed blir ikke dette en historie om et overgrep, men en drivende god beskrivelse av lykke, både fysisk og mentalt” (s 49). Vips!

Cupidos mjukporno for middelklassen presenterer sexlitteratur som noko greitt og tilbakelent, som hedonisme for skjønnånder. Sex som gastronomi.  Vi har klubbar for lutefisk, for østers, for smalahovud, for whisky og for fine vinar. Kjennarane nyt ikkje berre produkta, men sjølve kunsten å nyte.  Skal tru om ikkje den menneskelege evna til nyting har ein av sine verste fiendar i den gastronomiske forfininga og spesialiseringa? Kor gode kan godsaker bli? Kor teknisk perfekte CD-ar og høytalaranlegg kan vi tole? Kor elegant kan elegansen bli? Kor mykje kan sensualiteten stimulerast før vi byrjar å smuggjespe?  Etter min Cupido-lektyre kan eg berre seie: ”Less is more!” Asketisk avgrensing er bra, ikkje berre for dygdene, men også for sensualiteten.  Kanskje vill gastronomar og hedonistar av alle slag vere samde i at eit visst avhald inngår i nytingskunsten. Eg meiner det tippar nettopp når nytinga blir ein kunstart, noko utsøkt, noko søkt.

Men røpar eg ikkje her berre den munke-puritanismen som Cupido vil gå til felts mot? Nei. Det er ikkje opplagt at det å vere kysk fører til forakt for kroppen og frykt for sensualiteten. Det erotiske og det etiske har blitt sett som motsetningar både av moralistane og av antimoralistane. Mennnesket er eit erotisk vesen, eit lengtande vesen. Det vi lengtar etter, er ikkje abstraksjonar. Kroppen lar oss ta  i mot alt som er godt som noko verkeleg. Mennesket er kropp og må elske kroppsleg. Ekteskapet er eit sakrament, fullbyrda i den seksuelle og kroppslege akta. Er mennesket skapt i Guds bilete, må det vere noko sensuelt ved Gud også: At han elskar, at han lengtar, at han er sjalu, at han trår etter oss, at han saknar og syrgjer.  Gud lar seg inkarnere, ”ikjøte”, sakramenta er materielle og guddomlege på same tid, ikonane er kroppslege avbildingar og manifestasjonar av åndelege røyndomar. Ortodoks teologi har alltid fasthalde det positive ved det kroppslege og materielle og avvist manikeisme og dualisme.

Det er ei gjengs oppfatning at det er kyrkja og kristendomen med sitt asketiske ideal som har skapt fiendskap mot kropp, sex og sensualitet. Men det rare er at nettopp libertinismen kan slå over i avsky for det kroppslege. Kvifor er sadisme og innslag av vald seksuelt pirrande?  Oppgjeret med kristen og religiøs praksis har vilja gje tilbake eigenverdien åt det sanslege og naturlege. Men kva hender når mennesket og røyndomen blir berre ”natur”? Cupido-festskriftet siterer Marquis de Sades hedonistiske opprop frå ei av bøkene hans: ”Nytelsesmennesker i alle aldre og av alle kjønn! Det er kun dere jeg tilegner dette verket. La dere nære av bokens prinsipper, for de vil fremelske deres lidenskaper, og disse lidenskaper…er ikke annet enn nettopp de samme midler som naturen benytter for å få mennesket til å nå frem til de anskuelser som naturen selv har på det. Ikke lytt til noe annet enn disse deilige lidenskaper” (s 7).

Når ”det naturlege” blir lausrive frå dygdene, er vegen kort til menneskeleg rovdrift både på seg sjølv og andre. Her er de Sade sjølvsagt heilt usamd og Cupido siterer han igjen, sannsynlegvis med samtykke: ”Formelen for historien er enkel: Det finnes ingen Gud, dyd leder til ulykkelighet, og laster førrer til glede og triumfer” (s 77). Men er mennesket så eindimensjonalt som dette? Er det ikkje heller slik at den sanselege nytinga har ei uro i seg, noko som søkjer ut over sansinga? Eller som nettopp gjev sansinga intensitet som ei menneskeleg oppleving? Har ikkje moderne psykologi kritisert det einsidige synet på driftene som den djupaste, menneskelege drivkrafta?  Er det ikkje eigentleg lengten etter fullstendig fellesskap, forståing og aksept som er det inste i oss? Det kroppslege er ein del av dette, men er ikkje alt. Pornografi, også den mjuke varianten, er seksualitet med humanistisk underskot.

Det er nettopp det grenseoverskridande, fordjupande og utvidande ved erotikken som kjem til kort i Cupido. Samanlikn med eit erotisk dikt som Høgsongen: ”Eg er ein mur, og mine bryst er som tårn. I augo hans har eg vorte lik ein som finn fred” (8, 10).  Den erotiske kjærleiken er ikkje berre eit poetisk tema par excellence, erotikken er i seg sjølv poetisk lada; han er eit teikn og ikkje berre rå smatting. Flørten og den frivole humoren har sin plass, mennesket kan ikkje vere ha-stemt heile tida, men det erotiske kan vere like sterkt når det berre røpar seg i forteljinga utan å bli klint opp i trynet på lesaren heile tida. Ein klassikar som Decameronen er lystigare både som litteratur og som er erotikk, etter min smak.

Alt i alt spør eg meg om eit prosjekt som Cupido eigentleg handlar om erotikk i seg sjølv. For meg framstår det meir som eit ideologisk manifest og som eit julenummer for den seksuelle frigjeringa. Difor verkar det også litt forsinka, som eit programskrft for grånande livsnytarar. Kor sensasjonelt er det med endå meir sex i eit samfunn som liknar stadig meir på eit slags permanent russefeiring? Det sentrale idékapitlet i skriftet plasserer pornografien og dei obskøne tekstane nettopp som modernitetens ”demrende håp om en ny tid etter middelalderens prestestyrte mørke” (s. 71), som ”hovedsaklig antigeistlig” og som særleg retta mot ”moralelementene i den katolske kirken” (s 71).

Det er stadig dette det dreiar seg om, og det får vere opp til lesarane å vurdere i  kor stor grad seksuelle restriksjonar er ein trussel no for tida.  Alt for omstendeleg sexlitteratur verkar meir trivialiserande enn stimulerande, trur eg. Det er kanskje ikkje tilfeldig at ein innimellom dei dristige tekstane og heftige illustrasjonane finn små, greie statistikkar som opplyser oss om prosentsatsen av analsex, flexisex og ”slikk og sug”.

Erotisk kveik er menneskeleg og nødvending. Men dersom eg vil ha seksuell tenning, droppar eg Cupido og tek heller ein tur i Bogstadveien.



19 Svar to “bokmelding: Cupidos jubileumsskrift, meldt for Morgenbladet”


  1. 1 w
    juni 3, 2009 ved 9:09 pm

    Eg lurer på kvifor du av alle ting vel å prioritera Cupido. Du må jo på eit vis meina at bladet er verdt reklamen du gjev det ved å melda det. Eg reknar med at du får spalteplass til å ta opp emnet seksualitet der du måtte ynskja. Redaktøren har laga ”Manifest for Den Erotiske Revolusjon”. Der kan du og kven som helst sjå kva målet for hennar virke er. Det samsvarer ikkje akkurat med dine mål.

  2. 2 Herman
    juni 4, 2009 ved 4:18 am

    Tror han skriver at seksualitet og erotikk oppleves bedre i Høysangen enn i Cupido, så reklameverdien er vel så som så.

    Når det er sagt, hva er alternativet? Det finnes både kvinne -og manneblader som er skarpere tuftet enn Cupido. Alle disse har vel også et «erotisk-revolusjonært» ønskemål, mer eller mindre uttrykt.

    Hilsen

  3. juni 4, 2009 ved 3:02 pm

    til w: Raskt svar, er på fjellet, innom ei sjappe i Bagn…

    Som du kanskje såg av ingressen, var denne artikklen skriven på oppdrag frå bladet. Etter ettertanke, kom eg til at deg ville ta utfordringa – ein predikant må kunne vere på fronten – og dessutan er det nettopp eit kritisk oppgjer med Cupido, og eit kristent/katolsk syn på temaet. Med ein glimt i agua…

  4. juni 5, 2009 ved 10:17 am

    Eg synest det er herleg forfriskande at ein munk anmelder Cupido. Det sprenger litt grenser. og glimtet i auga var tydeleg. Eg lo for meg sjølv… Hadde lyst til å kommentera, men våga ikkje heilt…

  5. 5 Herman
    juni 5, 2009 ved 6:48 pm

    Off, ja. Forfriskende! Men likevel, det vil jeg si er et mål bunnet i ganske innbilte generelle forestillinger om hva en munk er. Dessverre, det er ikke meningen og skuffe deg, Heidi, og det er ikke nødvendigvis deg jeg kaller innbilsk, men store deler av vårt samfunn. Norge vet ikke hva munker er. Men de tror de vet det!

    Og andre deler av verden ikke heller. Det «vi» forestiller oss som munker er jo denne innesluttede, dommedagspregede, men likevel stormende fyren i kappe og kutte, som gir deg tusen rosenkranser i bot i skriftestolen. Alt annet er humor når dette bildet brytes.

    Likeledes får man inntrykk av at munken «ikke skal ha noe», «ikke skal delta som noe element i samfunnet» etc. Humoren liker best den munken «som ikke egentlig er som en munk», dvs Dom Perignon liggende bevisstløs i kjelleren. Det bildet liker vi godt. Og ler. Kanskje.

    Hvorfor og hvordan det er blitt slik vet jeg ikke, men det er det som er det fine med denne bloggen, synes jeg, at frater Arnfinn gir tilkjenne hva en munk egentlig er og hvordan han (munken) lever. Og det for et stort publikum!

    En munk er et levende vesen, men ikke nødvendigvis en vedtatt «forferdelig kåt en» (jfr. Cupido…!) fordi han lever i sølibat, men en som lever og ånder for Gud, og gjerne vil gi hans gaver inn til de mennesken av god vilje som lever på andre måter.

    Det frivillige sølibatet gir inngang til mange sider av menneskesjelen som vi andre må gi etter for, og kanskje er det derfor det blir så rart å sy denne sammenhengen sammen- kanskje fordi vi hopper over Høysangen og forkaster Bibelen som et moralsk fundament?

    Munken har ikke vært i Norge i mange hundre år, han ble slaktet (altså – bokstavelig) under reformasjonen, og det var utidig å ha dem her i landet, selv opp til nær fremtid.

    Takker Gud for at du er dominikanermunk, frater Arnfinn! Mange oppgaver venter, mange mennesker trenger din bønn og ditt arbeid! Og ditt syn på Cupido!

    Hilsen Herman

  6. 6 w
    juni 6, 2009 ved 9:29 pm

    Det går mot val. Eitt av våre politiske parti har formulert seg slik i partiprogrammet. Kan du kommentera?

    3.1.6 Religion

    Alle livssynssamfunn må sikrast like rettar i det norske lovverket. Dette inneber òg at retten til å kritisera livssyn og utøving av desse må vera lik for alle. Særposisjonen til Den norske kyrkja i lovverket må avviklast fullstendig. Religiøse handlingar og ytringar må berre avgrensast av norsk straffelov og dei prinsippa som gjeld for politisk ytringsfridom. Opplæringslova må ikkje visa til noko særskilt livssyn. Seremoniar og forkynnande opplæring må berre gå føre seg i regi av livssynssamfunna sjølve, men det offentlege må stilla nøytrale lokale til rådvelde, på same vis som for andre frivillige organisasjonar.

    3.1.7 Seksuelle rettigheiter

    Seksualpolitikken vår handlar ikkje om å skapa spesielle rettigheiter for ulike grupper, men i staden å avskaffa dei særskilde privilegia for dei heterofile. Vi arbeider for at den einskilde skal ha rett til å definera den seksuelle legninga si, kjønnsidentiteten sin og kven/kva kjønn ein vil bu og leva saman med.

  7. 7 Kåre
    juni 8, 2009 ved 1:20 pm

    Legendarisk anmeldelse! «Julenummer» er en herlig karakteristikk.

    Men jeg skjønte ikke helt avslutningssatsen med henvisning til Bogstadveien? Var det ironisk ment? Det finnes vel knapt noen større turn-off enn Bogstadveien…

    mvh K

  8. 8 w
    juni 8, 2009 ved 10:59 pm

    Nå har eg heller spurt Dei grøne sjølve om kva det er dei eigentleg meiner. Det var eit bra innlegg du, pater A, hadde i Vårt Land, om miljøpolitikk for kristne. Miljøprofilen må telja mykje ved dette valet – og ved komande val.

    Dei grøne går fram i EU om dagen ser det ut for, og grøn politikk bør få framgang her hjå oss og. Når partia får økonomisk støtte etter kor mange røyster dei får, er det ikkje nødvendigvis å kasta bort røysta si med å stemma på eit lite parti. Kvar røyst gjev pengar i kassen til å byggja seg opp.

    Men partia skal altså ha politikk for alle livsområde, så då spørst det kva me skal prioritera.

  9. juni 9, 2009 ved 8:35 am

    Kåre:
    Bogstadveien ligg rett bort i her, rett og slett. Og det var ikkje gata og butikkane eg tenkte på, men straumen av menneske. Det er det som gir trigget, på alle måtar, i alle gater, see? 🙂

    W:
    Travel helg her, så politiske kommentarar kom fram i køen fyrst no.Skjønar at det er Dei Grøne det handlar om. Eit parti eg har mykje sympati med. På det seksualpolitiske området har dei vel stort sett den same agendaen som dei fleste andre i dagens norske partiflora, botsett frå KrF. Tankegangen er prega av den moderne individualismen; individet skaper/konstruerer seg sjølv etter eigen smak. At parti som legg vinn på liberalismekritikk politisk/samfunnsmessig styring, så lett kjøper den moralske liberalismen, er eit mysterium, men…

    For min del har eg forsona meg med at partia og storsamfunnet ikkje kan fylgje opp kristen seksualetikk lenger, det er inga dekning for det i den generelle opinionen. Det beste ein kan vone (også av dei grøne?), er at dei tillet at t d kristen etikk og praksis vert tolerert i det offentlege rommet.

    Eg er samd med dei grøne i synet på statskyrkjeordninga; ho må avviklast. Eg er mot livssynsprivilegia i dagens samfunn – berre ein då skjønar at det ikkje gjeld religion åleine, men også sekularistiske livssyn!

  10. mars 4, 2010 ved 9:32 am

    hei arnfinn! fin opptreden på Trygdekontoret i går. det var vel med utgangspunkt i nettopp denne teksten? var det ikke slik Seltzer’en hadde oppdaget deg?

  11. mars 4, 2010 ved 12:00 pm

    Takk! Det var denne teksten, ja! Fare for at det er den eg vil bli huska for, alas! 🙂

  12. 12 Sveinung Helleve
    mars 24, 2010 ved 1:30 pm

    Hei.
    Fann denne teksten etter at eg såg nettutgåva av Trygdekontoret. Bra at det fins eit Tv-program der det går an å snakka saman om tildels alvorlege tema, og der deltakarar med svært ulik bakgrunn også får lov til å vera einige med kvarandre. Dialog og ikkje berre polarisert debatt. Håpar du får fleire invitasjonar til å vera med der!

  13. mars 26, 2010 ved 4:53 pm

    Takk for det! Nettopp slik oppevde eg det; at så ulike folk kunne føre ein straight samtale om viktige tema.

  14. april 4, 2010 ved 6:15 pm

    Takk til deg Arnfinn Haram for en glimrende anmeldelse av Cupidos jubileums nummer. Er veldig enig med deg på mange punkter at mennesket også har andre og kanskje mer dyptgripende behov, men mener samtidig at Cupido tar opp en del viktige og tabubelagte emner i relasjon til seksualitet og relasjoner mellom mennesker. Det er også viktig!
    Vennlig hilsen Erik Granlie

  15. 15 W
    april 4, 2010 ved 9:27 pm

    Kva for viktige og tabubelagte emne er det Cupido tek opp? Eg forstår du meiner at dei gjer det på ein god måte.

    • 16 E. Granlie
      april 6, 2010 ved 4:32 pm

      W
      Det er først og fremst på området seksualitet generelt jeg mener tabubelagt. Innenfor denne delen av den menneskelige adferd, vil der alltid forekomme usikkerhet, spenninger, undertrykte følelser, negative opplevelser osv mellom mann og kvinne. Der er lite litteratur som belyser en del av disse problemstillinger på en fordomsfri og direkte måte, hvis man da ikke velger å lete seg gjennom tyngre fagrelaterte sexologiske flerbindsverk med dertil tilhørende terminologi, eller konsulterer spesifikke faginstanser, noe som kan være vanskelig for mange og slett ikke lystbetont.
      Om det gjøres på en god måte? Det blir jo definisjonen her da. Pragmatisk vil jeg si.
      Med hilsen E. Granlie

  16. 17 W
    april 9, 2010 ved 12:50 pm

    Ja, viss du er ute etter fordomsfrie ytringar, kan eg tenkja meg at Cupido er plassen. Så vidt eg kan sjå på heimesida, bør der i prinsippet ikkje vera nokon grenser for noko, så lenge det er friviljug.

    Fr Arnfinn har teke eit kritisk oppgjer med bladet, men eg skulle likt å vita kven som har kome ut med den største gevinsten, kyrkja (sin seksualetikk) eller Cupido.
    Har fr Arnfinn alt i alt fått meir reklame for sin bodskap enn redaktøren i Cupido for sin?

  17. april 9, 2010 ved 2:11 pm

    W: Her trur eg heilt klart at eg har fått meir merksemd på min kristikk enn bladet på sin bodskap…

  18. 19 W
    april 9, 2010 ved 10:01 pm

    Ja, du veit jo korleis responsen har vore for deg, men har du snakka med redaktøren i bladet og? Tener dei meir pengar? Eller mindre?


Kommenter innlegget


kategoriar