30
Mai
09

officium: Laurdag, 7. vike i Påsketida, 3 Joh (matutin)

”..kor trufast du er mot sannninga; den lever du i” (v 3)

Kvifor har dette korte brevet fått kanonisk status og er teke med i Det nye testamentet? Fordi det er skrive av ein apostel, sjølvsagt, men også fordi det innheld ei påminning om noko som høyrer saman i den apostoliske trua:

Vi skal halde fast ved sjølve trussanninga, vedkjenninga til Jesus Kristus. Dette kan vi berre gjere om vi lever eit liv i kjærleik, i samsvar med ”det gode” (v 11). Og dersom vi forblir i fellesskapen med apostlane. Ditotrefes var ein skismatikar; han ville ikkje ha noko med Johannes og hans medarbeidarar å gjere (v 9).

Sanning og einskap høyrer òg i hop.

Reklame

2 Svar to “officium: Laurdag, 7. vike i Påsketida, 3 Joh (matutin)”


  1. mai 30, 2009 ved 10:47 pm

    Ein annan lærdom, som gjerne protestantar (og tidlegare protestantar) kan ha godt av å reflektera over er det apostelen skriv i slutten av brevet: om dei mange tinga han ikkje ville skriva med blekk og papir, men vil ta opp muntleg. Breva apostlane skreiv var ikkje meint som ei uttømmande lærebok i alt som har med kristent liv å gjera. 8 apostlar etterlet seg ikkje noko skriftleg. Hadde dei ikkje noko å seia ettertida? Eller formidla dei det munnleg? Blant anna difor er tradisjonen og kyrkja naudsynt for å skjøna heilskapen og fullnaden av den kristne trua.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: