Go’morn! Nydeleg vêr på Møre i dag – og eg er på ein tur med mor mi (87) som òg treng litt ferie. Ho stiller med bil (Subaru); har fått sertifikat dette året også, men i dag er eg sjåfør. Vi dro frå Stranda, over Storfjorden og ut til Brattvåg. Sit no på ferja over til Drøna og skal etterkvart finne Atlanterhavsvegen med stopp på Håholmen i kveld.
Det er sommar over landet her, med varme vindar, skimrande hav ute i vest, djupgrøne fjellsider heilt til tops, berre brote av kolsvart norsk grunnfjell. Innover opnar Moldefjorden seg, sør og ut er det øyane i Haram. Her ute vaks eg opp dei sju fyste åra mine og sidan nesten alle somrar. Heimlandet Barndom på sitt finaste i dag. À propos: vi skal passere Fræna og Hoem; det barndomslandet Edvard Hoem skildra i si beste (meiner eg) bok. Meir i kveld…
Du må hilse til mor di å si at det var skikkelig sprekt å ta sertifikat i så høy alder! God ferie der på Sunnmørskysten.