16
Jul
10

carpe diem: å hjul med din glede IV

Eg kom meg heil-, men våtskinna frå Runde. Mens eg sat på Miljsøsenteret, tjukna det alvorleg til, som det gjerne gjer når det er lummert sunnavêr, og det tok laust med toreskrall og styrtregn. Det letna såpass at eg heiv meg avgarde, men måtte hykje meg inn på eit buss-skur på Remøya. Forsynet kunne ikkje plassert det betre. Regnet for forbi og himlen blåna igjen, også typisk for dette vêrlaget. Skulle handle litt mat til kvelden, men ingen butikkar korkje på Remøya elller Leinøya sjølv om det bur tett med folk der, så eg måtte ta ein omveg til Coop- Eggesbønes. 

Vel tilbake i huset på Bølandet, blei det ein roleg kveld med boka i fanget. Skal kome tilbake til denne lektyren; ei bok av Hans Urs von Balthazar om den franske forfattaren Bernanos (vonar eg stavar det rett no..), Det blei seint.

Nydeleg vêr i dag tidleg og eg fekk ei stille økt på verandaen.  Rydda, pakka saman og sykla. Til Herøy gard. skal kome tilbake seinare  til dette. No er eg i Tjørvåg, Indre Herøy… [vart avbroten her, nokon som ville prate litt, framhald fylgjer…]

Herøy gard – ein gamal  handelsstad. Her på Herøya, ei lita øy midt i skipsleia, låg den opphavlege kyrkjestaden i Herøy. Fyrst ei mellomaldersk steinkyrkje som dessverre vart riven, og så ei 1800-tals trekyrkje; grunnmuren er bygd av den nedbrotne  mellomalderkyrkja og no er det berre denne muren som stend att. Det var lenge snakk om å byggje oppatt den fyrste kyrkja, men ein har i alle fall markert plassen og omrisset og sett opp eit lite altar i det som var koret. Altarplata er den opphavlege, eg såg relikviegøymet midt på. Relikvien blei nok raskt fjerna ved reformasjonen, no var det berre holrommet att, fyllt med regnvatn.   

Eg bøygde meg og kyssa altarsteinen, slik katolske prestar alltid gjer ved byrjinga av messa, dersom altaret er vigsla og har ein relikvie. Her er det ingen no, men det har vore, og gjennom hundreåra har Kristi lekam  vore framboren og motteken her . Som Jakob sa då han hadde slåss med engelen: «Sanneleg, her er Guds hus, her porten til himlen» (1 Mos 28,17).  Her har englar stige opp og ned og folket frå øyane og fastlandet i kring har halde høgtid med dei og med «han som tronar over kjerubane».  Gud og fiskarbøndene – det er kortversjonen av historia på denne staden. 

Det er så stille her ute. Englar er her. Ein plass å  be. Slik blei denne delen av turen ei pilgrimsferd. Eller rettare: Vitjinga her gjer heile reisa til pilgrimsferd. Og ei pilgrimsferd gjer du for å be. For å hente inn alt det som utgjer livet ditt: Alle dine vener gjennom alle åra, alle som reknar med dine forbøner, alt du arbeider med og har ansvar  for, alt du er redd for, alt du vonar på – og, ikkje minst, alt det du er. Kjenn etter no. Kom fram med det. No har du tid. Her er det plass. 

Også naturen og kulturlandskapet høyrer med i reisa mot Gud. Ikkje nødvendig med noko spesielt for å oppleve det; sjølve reisa, kroppen, vegen, vêret, menneska, sansane, tankane, pausane, måltida, boka, sykkelen… Skaparen er ditt mål og ditt reisefylgje. Alt du opplever, er ei påminning om noko som alltid er. Bak hovudbygningen på Herøy er det eit lite steinhus (ein gamal kjellar, tenkjer eg) som er  innreidd som eit stille rom, «Løynkammaret», har dei kalla det. Her såg ei antikvarisk bok som var lagt fram, forfatta av ein benediktinarmunk, Dom Alberto,  i 1645. Eg bladde litt. Innleiingskapitlet opnar slik, omsett frå latin: «Det mest verdige gjeremål er å tenkje over verda slik ho er», consideratio mundi. Fordi røyndomen er Guds spor. 

Å tenkje over verda – som Guds spor. Det er det eigentleg fascinerande med livet. Å skjerpe sporsansen, det er preikebrorens kall, trur eg.

Som sagt; hos vener i Tjørvåg i kveld. Vidare i morgon. Om Gud vil.

Reklame

5 Svar to “carpe diem: å hjul med din glede IV”


  1. 1 Heidi .K Ljosland
    juli 17, 2010 ved 6:52 am

    Det er en glede å følge turen din.

    Du skriver så levende, så det er som om en var der sjøl.

    En asfaltgjenger,kan drømme seg til vind i håret ,og lukten av hav.

    ;Skaparen er ditt mål og ditt reisefylgje,

    Gode ord for dagen

    Heidi.

  2. 2 Ingvild
    juli 18, 2010 ved 5:22 am

    Hei, Arnfinn!

    Flott å følge reiseskildringen og refleksjonene dine! Sykling er topp ferie, og nå spørs det om jeg ikke må overtale mannen til at neste år må sykkelturene legges langs fjord og fjell…Men det er vel ikke like lett for fremmedfolk å finne overnatting ute på øyene?
    Selv har jeg kommet meg hjem fra retrett på Stella Matutina der jeg også traff din venn Jesper som beriket oss med flere gode prekener underveis. Han er en gave til stedet og til Kirken :-)!
    Et spørsmål til det du skriver om alteret: Har de fleste katolske kirkers alter en relikvie, og er det kun da/derfor at alteret kysses? Hvordan oppfattes det om andre enn presten kysser alteret?

  3. 3 Torill
    juli 18, 2010 ved 7:25 pm

    Hei!
    Herlig å lese disse beskrivelsene!Er selv sunnmøring med romsdalsrøtter;kjempeidé å sykle på hjemlige trakter! Dessverre er ferien over…Kanskje neste sommer? Har forøvrig hatt en fin ferie,men det var en lykke å gå til søndagsmesse i min egen kirke igjen!
    God tur,og for å sitere deg(det eneste jeg kan dechifrere fra mine notater fra evangeliseringsuken i Bergen:Navigare necesse est!

  4. juli 19, 2010 ved 8:12 am

    Ingvild: Katolske altar skal normalt sett ha ein relikvie. Alt dette går tilbake til feiringa av evkaristien/messa på martyrane sine graver, i oldyrkja; eit uttrykk for communio samctorum, samfunnet av/med dei heilage.

    Å kysse altaret er føreskriven handling for presten, som ein del av liturgien. I offentleg/liturgisk setting er dette reservert for presten. Samanhengen er tydleg til skikken med «den heilage kyssen» (med bakgunn i orientalsk helseform); fredskyssen, samfunnsteiknet. I mellomalderen sende ein rundt ei plate som alle kyssa på, sikkert av omsyn til det sømelege; ho blei send frå person til person og blei kalla «pax-spjald» (spjald/spjeld= ei plate).

  5. 5 sol
    juli 30, 2010 ved 7:39 pm

    Du skriv så godt. Spesielt siste del om besøket på kyrkjestaden er sterkt, for meg også fordi eg har vore der mange gonger og alltid har kome i reflekterande modus der. Staden har kraft.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: