…heiter plassen som sunnmørs-eventyraren Ragnar Torseth bygde opp for nokre år sidan. Ein gamal handelsstad rett ut mot Hustadvika; ei omflødd, lita øy, berre tilgjengeeg med båt. No er det gjestehus og overnattingsplass, fem minutt med kjapp båt ut frå Atlanterhavsvegen.
Her er eg no. Har site lenge yttarst ute og sett sola gå ned, sett dei sommarlege regnbygene som bygg seg opp i sommarvarmen, drive forbi som skrå skuggar under kôlblå skyhattar og gyllen himmel. Berre godvêret. Vi køyrde frå Drøna (sjå nedanfor), over Midøya og Otrøya, ferje over Julsundet, innover rundt Frænfjorden med sine breie bygder, stansa i solsteik på Bud og tok pause. På Bud heldt det norske riksrådet (dei som var att av adelen etter svartedauden, og elles biskopane i riket) eit av sine sine siste møte før reformasjonen og danskane tok over. På Riddarsalen som det er minne om enno. I dette fiskeværet og stormpunktet nordvest i Noreg.
Vidare nordover langs Hustad-landet – med lyng og hamrar uendeleg og flatt innover mot kystefjella som her reiser seg høge og markante. Ytst her er ute, på kanten av dette enorme myr- og lynglandskapet, har folk budd for det meste; nærast havet og fisken. Harde Hustadvika blir små idylliske vågar og hamner langs landet her. Ei bukt opnar seg mot sjølve Hustad som breier seg ut med vidt jordbruksland, kvite låner (bustadhusa) og store, raude driftsbygningar. Grønt, grønt, med vaiande gras heilt ned i havsanden.
Forbi Vevang, nørdst på denne store halvøya – og no er vi på Nordmøre. Herfrå slangar det dristige veganlegget (Atlanterhavsvegen) seg over holmar og små øyar, med bruspenn og fyllingar over eit ope havstykke, til det når land på Averøya.Derfrå går det vidare mot Kristiansund.
Men vèl midt på strekka er det kai for båten ut til Håholmen. Den tok vi.
Det er enno ljost i skrivande stund. Kunne site der ute heile natta. Berre sett, lytta, grunna. Stilt hav, men eg ser høg sprut av brenning lenger ute, det bryt mot dei usynlege skjera og båane. Blank natt. Ein av regnskurane vaska meg i håret, med store sommardropar; berre fem minutt, så for han vidare.
Best å sove litt.
Liker disse reiseskildringene!! God tur!
Så er vi på blog-sommarferd igjen, i ord og bilete som gjer Mørekysten uimotståeleg frisk og saftig sett frå eit kvardagskontor i hovudstaden. Og som kan få sjølv ein austfolding til å skrive nynorsk. Det er godt du skjenkte Engelbrektssonen ein tanke då de kvilte på Bud; det var i sanning stormfulle embetsår han fekk på Nidaros-stolen.
Kva for kvardagskontor sit du på? Ta ein tur til Møre-kysten. Møre og Romsdal er fantastisk, storslått; dei lange liners-, blånande høgders- og vide utsyns land. Og Nordmøre er ei høgtid av eit område; alt for lite kjent.
Så flott!
Hilsen Herman
Ja, eg veit eg snart må sjå Mørekysten att sommarstid, og takk for alle påminningane! Før det også i år blir augustdøger på Austfoldkysten, ventar Olsokfesten i Nidaros og på Stiklestad. Der er det eit føredrag eg tenkjer å få med meg i St. Olavskyrkja i Trondheim 30. juli kl. 14.00: http://www.katolsk.no/nyheter/2010/06/25-0005.htm
Me andre som har andre planar, kan kanskje få lesa føredraget her på bloggen?
Gjerne, men fyrst må eg skrive det! 🙂