Her er eg, saman med biskop Bernt (Eidsvig), Sindre Bostad og Bjørn Øiulfstad – vi er er eit lite fylgje som visiterer Sunnmøre, biskop Eidsvigs ættejord. Vi har vore i Ålesund, i sjølve EidsvikV vidare på Longva ute i Haram – på Haram var vi innom den gamle kyrkjegarden der stavkyrkja låg, og forbi Anfinngarden der eg stammar frå. Strålande sol i går, vi sat utanfor naustdøra på Longva, med solnedgangen rett vest.
I dag er det varmt og stille, 20 grader her ute yttarst i havgapet, og skal labbe opp på Rundebranden, ut mot fulglefjellet. I kveld er det «Hærøyspelet», «Kongens Ring» på den vakre friluftsscena med utsyn sørover Flåværleia mot Stadthavet. Referat og melding skal kome etterkvart. Og altså: her på det nybygde Miljøsenteret er det både mat å få og nett å koble til.
Noreg er større enn Akersveien! Herleg å vere heime!
He he.. Synes det er morsomt at du heter Haram. Den forbudte vei i Islam er haram (det motsatte av det påbudte, som er halal). Ha det fint!
Hilsen Herman