24
Jul
08

carpe diem…

SOL OG FJELL – OG BLOGGPAUSE TIL SUNDAG

Strålande sol også over indre Sunnmøre i dag – og min planlagde tredagars tur i Tafjordfjella (fjellområdet mellom Sunnmøre og austlandsbygdene Lesja og Skjåk) går av stabelen snart. Eg skal frå Grønningseter gard, øvst i Valldalen, over til Vakkerstøylen i Ulvådalen, så til Pyttbua og tilslutt over til Reindalseter. Derfrå ned til Tafjord og tilbake til sivilisasjonen. Om alt går bra, er eg på Stranda igjen sundag ettermiddag.

Sekken er lett, kondisen god og himlen blå i dag, altså! I Tafjordfjella tek eg ikkje sikte på å finne trådlaust nett, anna enn den åndelege, så all blogging må vente til nedstiginga frå fjellheimen. Fantasien og gode tankar er ei god erstatting! Pax et bonum!

Reklame

2 Svar to “carpe diem…”


  1. 1 Gro
    juli 24, 2008 ved 10:49 am

    Heisann Arnfinn!

    Hvordan går det med deg? Skjønner du koser deg på Sunnmøre. Jeg vil også ha ferie! Hils til farmor da, så får vi ta den middagen snart.

    Klem fra Gro

  2. juli 27, 2008 ved 3:30 pm

    Hei, Gro! Så hyggeleg! 🙂 Tilbake frå Roma, har vore på Sunnmøre i Juli, og no i dag ned frå tur i Tafjordfjella; tre dagars track på maratonrute! 30 varmegrader på 1700 m o h. Kjempeform! Drar til Oslo fredag – og er klar for middager! Snakkast!

    @rnfinn


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: