19
Jul
08

nota bene…

SJØLVSAGT FLEIRKULTUR

Få fenomen skaper så mykje hysteri og sinne som integrasjonen av ulike kulturar i dei vestlege samfunna. Dei sekulære domedagsprofetiane får dei fleste religiøse til å bleikne. Eit helvete av konfliktar, nedbryting av sivilasjonen, retur til fortida – spådomane er mange, høglydde og svovelluktande.

At endringar er vanskelege og spenningsfylte, er sjølvsagt ikkje noko nytt. At det fleirkulturelle samfunnet skulle vere sjølve heksesabbaten for alle vonde krefter og det endelege Ragnarokk for det gode samfunnet, har eg vanskeleg for å skjøne.

For min del har eg levd det siste halvåret i Roma, i eit gamalt urbant kloster-universitet. Både i kommuniteten og i studentmassen er mangfaldet stort – og sjølvsagt. Av dei seksti dominikanarbrørne, stort sett professorar og stipendiatar på universitetet, er det italienarar, nordmenn, polakkar, fillipinarar, vietnamesarar, ein frå Kviterussland, sveitsarar, tyskarar, franskmenn, maltesarar, ein frå Australia, spanjolar, columbianarar, indarar, slovakar, britar, irlendarar og folk som til vanleg lever i Egypt og i Jerusalem. Alle desse og fleire til bur under same tak – rett nok er det fem fulle meter under taket i dette 1500-talsklosteret – deler sine måltid rundt det same bordet, syng sine tidbøner i dei same korstolane og feirar messa rundt det same altaret. Kvar dag. Året rundt. Dei styrer også kommuniteten på samsen i ”allmannamøtet”, eller ”kapitlet”, som det heiter hos oss, og vel sin prior, sin subprior, økonom, kantor og lektor og ombodsmenn til alle dei andre verva som trengs i ein slik fellesskap. Her er folk fyrst og fremst dominkanarbrør og katolikkar og dernest alt mogeleg og umogeleg anna.

Like typisk er mangfaldet og einskapen når det gjeld studentane. Seminaristar og ordensystre og lekfolk i alle slags kulørar såvel på huda som i klesdrakta; svært mange afrikanarar, slår det meg. I eit seminar eg fylgde, var eg saman med ein prest frå Serbia, ein frå Texas, ein frå Vest-Afrika, to indiske systre og ein som hadde jobba store deler av livet sitt ein- eller annan plass i Brasil. Folk tek sine eksamenar, deltek i studentdemokratiet og står i same køen i studentkantina.

Er det så eit spesialopplegg eller særskilde rammer som er lagde for at alt dette skal funksjonere, såvel i alle dei daglege banalitetane som i den djupare fellesskapen? Absolutt ikkje. Faktisk trur eg dei fleste har det som eg; ein tenkjer ikkje over det. Slik er det berre. Ikkje spesielt fantastisk, ikkje spesielt problematisk. What’s the big deal?

Her heime er også den katolske kyrkja eit veritabelt laboratorium for kulturell integrasjon. Kyrkjelydar er meir komplekse enn eit kloster eller eit universitet; det er heile tida ei avveging kor mykje dei ulike språkruppene skal ha av eigne messer og møteplassar og oppretthalde banda til kulturen i det opphavlege heimlandet. Men det går seg til. Utlendingane endrar seg i møtet med det norske; det norske endrar seg i møte med det som kjem utanfrå.

Ligg noko av forklaringa i at ein har ei felles tru og tilhøyrer ei felles, universell kyrkje? Utan tvil. Og det bør, sant å seie, vere eit interessant poeng i seg sjølv. Einskap i tru, etikk, symbolikk og ritual, lovgjeving og styringsstruktur utfordrar det som er ulikt, men gjer også samliv mellom ulike språk og nasjonalitetar mogeleg. Problemfritt? Nei. Men dei velprøvde livsformene i kyrkja gjev reidskapar og ein modus vivendi som gjer at vanskane ikkje naudsynlegvis eskalerer og endar i kaos.

Kan dette tillempast på multikulturelle samfunn der religionane er ulike? For det fyrste er det ikkje alltid dei andre truande som skaper spenningar, men trykket frå den fiendtlege, og til dels altså hysteriske, sekulærkulturen. For det andre er kulturell sameksistens eit spørsmål om mentalitet; positive røynsler bryt ned angst og fiendebilete og påverkar haldningar langt utover eins eige interne miljø.

Mange ting tyder på at norsk folkeleg mentalitet nærmar seg den danske ny-sjåvinismen. Difor tillet eg meg å seie: Det finst alternativ.

(Spalten «Signert», «Klassekampen», laurdag 5. juli-08 )

Reklame

16 Svar to “nota bene…”


  1. juli 20, 2008 ved 1:24 pm

    Klimadebatten alene står for ganske mange av de mer globale dommedagsprofetiene. Hmm, det ga meg en idé til en bloggpost…

  2. juli 20, 2008 ved 3:43 pm

    Eg har nok meir tru på at menneskeleg grådigskap bryt ned øklologien enn at eit fleirkulturelle samfunn bryt ned sivilisasjonen.

  3. 3 Herman
    juli 21, 2008 ved 6:17 pm

    For å si noe i Marie Antoinette’s egen ånd..: Er det ikke bare å leve i fred, da?

  4. juli 22, 2008 ved 9:54 am

    For katolikkar burde fleirkultur vere sjølsagt. Vi gjev fredselsinga (Pax) i messa, før kommunionen – til alle, uansett nasjonalitet.

  5. 5 Kristin
    juli 22, 2008 ved 9:01 pm

    Når jeg har vært til messe ulike steder i verden og sett at Kirken alltid er like sammensatt, har jeg ofte tenkt noe i retning av det du skriver — at den universelle romerske Kirken er et fungerende flerkulturelt samfunn. At jeg kan delta i liturgien hvor som helst i verden, og at menneskene rundt meg i alle farger og fasonger er mine brødre og søstre, tross alle ulikheter og motsetninger. Det er prisverdig at du bringer synspunktet ut i mediene, fordi svært mange som lovpriser multikulturalismen i den norske offentligheten har et abstrakt, litt naivt og nokså utopisk bilde av den — trolig fordi de aldri har sett eller vært del av et samfunn som i praksis er flerkulturelt, slik som Kirken. Forutsetningen er uten tvil vår felles tro. Følgelig blir det utopisk å tro at flerkultur uten en eller annen form for «lim» — det være seg tro, lover, etiske grunnprinsipper eller rett og slett vennskap — kan fungere godt. Ikke alle politiske tiltak for å fremme integrering tar inn over seg dette. «Mangfoldsåret» synes jeg er et eksempel på å dyrke det abstrakte begrepet «kulturelt mangfold» som en verdi i seg selv. Bare det bevilges penger til mange nok band og teatergrupper av ulike etnisiteter, kan man vise til integrasjonsvilje og fortsette sin norske, i praksis mono-kulturelle, tilværelse. Men flerkultur er ikke parallell-samfunn og ghettoer. Flerkultur er være forpliktende sameksistens. Jeg vil mene at Kirken i vestlige land har et særlig stort ansvar for å vise at det er mulig.

  6. juli 23, 2008 ved 7:05 pm

    Den katolske kyrkja har ein unik sjanse til å vise at einskap og mangfald lar seg kombinere. I det sekulære/pluralistiske storsamfunnet må vi nok akseptere «parallellsamfunn», men det er viktig at det er opne dører mellpm dei ulike kulturane og samfunna. Og storsamfunnet må jekke seg ned og forstå seg meir som eit «rammesamfunn». Einskapskulturar i nasjonalstatleg regi er «time out».

  7. 7 Kristin
    juli 23, 2008 ved 9:51 pm

    Jeg er selvsagt helt enig med deg i at nasjonale enhetskulturer tilhører forrige århundre. Men i hvilken grad et samfunn som det norske skal akseptere «parallellsamfunn», kommer an på hva man mener med begrepet. Hvis du i det legger parallelt ekisterende, tildels nokså «introverte» kulturelle grupperinger med medlemmer som deler samme tro, etnisitet, klasse eller lignende og dermed skiller seg ut som egen gruppe i storsamfunnet, har jeg ingen problemer med det. Slik er det jo allerede, og slik var det jo faktisk også på mange vis før Norge fikk en internasjonal befolkning. Men hvis «parallellsamfunn» betyr en form for frivillig apartheid, der det er vantette skott mellom grupperingene og ulike lover gjelder for innbyggerne i det samme landet (slik det ble tatt til orde for av Church of Englands høyeste prelat i vinter en gang), er jeg dypt skeptisk. Det er en helt sentral kulturell, politisk og medmenneskelig oppgave å definere de åpne dørene du snakker om, og sørge for at de blir stående åpne. Det handler blant annet om å sørge for at alle barn som vokser opp i et pluralistisk samfunn som vårt, settes i stand til å delta i «rammesamfunnet» uansett etnisk og religiøs bakgrunn. De katolske skolene i Norge er slike anti-segrererende institusjoner som både fremmer en religiøs minoritets identitet OG utdanner barn og unge til samfunnsborgere i Norge. Til tross for regjeringens skepsis til privatskoler burde inkluderingsministreren ta en titt på dem.

  8. juli 24, 2008 ved 8:07 am

    Dei katolske skulane er eit godt døme å tenkje utfrå. Ein einskapskulturell tenkjing – det vere seg den à den franske med «laïcitée», eller den skandinaviske modellen – kan lett kome til å sjå slike skular som trussel mot «sitt» storsamfunn. Både venstresida og den nye høgresida kan vere skeptiske til miljø som ikkje er kontrollerte av rammesamfunnet – venstresida er kritiske både til kristendomen og til islam, og høgresida, også dei ny-liberale (FrP), er sterkt kritiske til ikkje-norske (ikkje- vestlege, ikkje-kvite) kulturar.

    Dei katolske (og tilsvarande) skulane må både kunne ha sin eigenart og kunne funksjonere i eit meir samansett, mangfaldig samfunn. Dei må også ha sitt rotfeste i katolsk kyrkjeliv, kultur og sosialitet, kort sagt: i det katolske «samfunnet». Kyrkja er, etter mitt syn, eit verkeleg samfunn. Som også må kunne leve utfrå sin eigenart og kunne funksjonere i samspel med andre.

    Å få dette på plass som modell for framtida, er den største politiske utfordringa i dag. Igjen: Korkje sekularistiske eller religiøse einskapskulturar er mogelege. Ein meir kommunitaristisk politikk er alternativet.

    No blir eg i fjellet tre dagar, så debatten må ta ein pause frå mi side. På gjenhøyr! Og takk for viktige og konstruktive bidrag!

  9. 9 Ståle Breie
    juli 30, 2008 ved 1:00 pm

    Et morsomt innlegg. Erfaringene fra «multikulturelle» samfunn er vel så langt ganske blandete. Man kan ikke naivt gå ut og si «dette vil ordne seg av seg selv», og man kan heller ikke si at «dette vil ende i Ragnarok.»

    I Europa har man opplevd betydelige utfordringer i det multikulturelle samfunn. Betydelig OVERrepresentasjon i kriminalitet, betydelig UNDERrepresentasjon i arbeidslivet er fasit i mange land, også for «nasjonaliteter» som har oppholdt seg lenge i landet.

    I andre land har det gått bedre, men det tyder på at mixen er noe av poenget. Store nasjonale minoriteter i et land, danner ofte subkulturer og blir ikke en del av den kulturelle «smeltedigelen». De fortsetter som om de bodde i hjemlandet, og det fungerer dårlig for dem, og for storsamfunnet.

    I USA (og delvis i Canada) har man en større variasjon i det multikulturelle. New York er en salig blanding av nasjonaliteter. Folkegruppene søker sammen i nabolag, men de er ikke en «stat-i-staten» på samme måte som i Europa, delvis fordi yrkesaktivitet er en absolutt nødvendighet for å overleve i USA.

    I Europa er yrkesdeltakelsen betydelig lavere, den etniske mixen betydelig mer selektiv (bl.a. betydelig innvandring fra landenes opprinnelige kolonier) og resultatet viser seg i de utfordringer man ser.

    Vi kan lukke øynene og si «dette går seg til av seg selv», men da gjør vi samme synd som hvis vi proklamerer «dette går ad undas» uten å røre en finger.

  10. juli 31, 2008 ved 10:34 pm

    Eg skreiv ikkje at «det går av seg selv». Poenget er at samliv mellom ulike nasjonale kulturar har mykje med haldningar å gjere; «sjølvsagt» vil seie «naturleg». New York er eit godt døme.

    «Stat i staten»? Kanskje ikkje, men at det i framtida må vere plass for fleire «samfunn i (stor-)samfunnet», er eg ikkje i tvil om. Kyrkja er sjølv eit slikt samfunn.

  11. 11 Per Steinar Runde
    august 19, 2008 ved 9:49 pm

    Sams tru er eit godt eksempel på noko som kan skape samfunn trass ulik etnisk bakgrunn. For den som har trua som sentrum i livet, vil fellesskap på dette området vere overordna alt anna. Blant dominikanarar (og andre kristne) vil difor religionen gje kjensle av fellesskap i møte med andre med same tru. Også andre kulturtrekk, som språk og historie eller på individnivå; utdanning og yrke kan gje litt av same effekt. Eit samfunn blir skapt der ein har ein slik sams (felles) kultur, men eksisterer ikkje der menneska manglar dette. «Det fleirkulturelle samfunn» finst difor berre som eit omgrep; ikkje i praksis. Derimot finst det mange fleirkulturelle land, men mest alle desse er dysfunksjonelle, prega av konflikt og borgarkrig. Det er ei framtid eg ikkje ønskjer for Noreg eller for mine og andres barnebarn.

  12. august 20, 2008 ved 7:52 am

    Som du har skjøna, meiner eg nettopp at «det fleirkulturelle samfunnet» er eit fleirkulturelt «land; eit felles område, eller eit «rammesamfunn» (storsamfunn), som eg òg har kalla det. Eit slikt samfunn må vere mindre pretensiøst enn ein einskapskultur kan vere. Likevel er det viktig at det funksjonerer så godt som råd, på basis av forhandling og dialog.

    Eg er ikjkje samd i at fleirkulturelle land berre er arenaer for krig og konfliktar. Faktisk er dei fleste landa i Europa fleirkulturelle land. Spenningar må ein rekne med (som alltid i historia) og det beste ein kan gjere for fredeleg sameksitens, er å innsjå at «dei andre» (kulturane, menneska) er komne for å bli.

    Eit godt døme på eit rimeleg funksjonelt fleirkulturelt land, er USA.

    Eg ville ha førebudd både born og barneborn på at dei må leve saman med mange slags folk og kulturar «next door» i framtida.

  13. 13 Per Steinar Runde
    august 21, 2008 ved 9:21 pm

    SV har eit godt slagord: «Del godene!» Langt på veg har vi lukkast med dette i Vest-Europa, der vi har utvikla samfunn med velferd for alle. Det same kan ein ikkje seie om USA. Sosiologen Sigurd Skirbekk har nyleg gitt ut ei bok, «Nasjonalstaten – Velferdsstatens grunnlag». Som tittelen seier så er det ikkje ei sjølvfølgje at solidaritet skal strekkje seg utover næraste familie, stamme eller etniske gruppe. Det krev ein stor grad av gjensidig tillit i samfunnet; noko vi har hatt i Norden. Afrikas ulykke er ikkje minst at det er så etnisk lappedelt. Sjølv i eit lite land som Kongo-Brazzaville er der ti ulike folkegrupper, som manglar tillit til kvarandre og difor strir om makta.

    Dei fleste land i Europa har ikkje historisk sett vore fleirkulturelle i same grad som i dag.
    Eg har likevel ikkje sett nokon seriøs person fremje tanken om eit «exodus» av framandkulturelle, for eks. muslimar, frå Europa eller Noreg, men det er ikkje likegyldig for utviklinga i landet vårt om det kjem 1000 eller 50 000 pr år med andre skikkar og tankar om korleis samfunnet skal styrast.

    P.S. Såg at du nyleg hadde seminar og heldt preike i Herøy. Diverre var eg ikkje heime den helga. Lukke til med den tenesta du har valt.

  14. august 22, 2008 ved 8:35 am

    Eg har ikkje lese boka av Sigurd Skirbekk, men eg kjenner hans «agenda» frpå det offentlege ordskiftet – og dermed hans skepsis til det det fleirkulturelle samfunnet og tilsvarande hevding av nasjonalstaten. Her er vi nom usamde; ein retur til den reindyrka nasjonalstaten – gjennomført i Europa etter mellomalderens og Kristedomen («Kristenheten»)s meir opne, internasjonale samfunn – ser eg som både urealistisk og lite ynskjeleg. Dyrkinga av «etnisitet» med tilhøyrande «folkeyrkjer» etc er ideologisk tvilsamt, etter mitt syn.

    Heilt greitt med nasjonalstatar; så lenge ein tenkjer pragmatisk og fleksibelt. Med tung ideologisk føring på mange politiske område (innvandringspolitikk, livssynsmangfald, religionsfridom, stats- og folkekyrjkje), vert det meir porblematisk, tykkjer eg.

    Det vil mest sannsynleg kome mange tusen til landet vårt i framtida, med «ulike skikkar og tankar om korleis samfunnet skal styrast» (sit.). Det vil medføre ulike måtar å leve saman på, og ein blir nøydd til å ta omsyn til kvarandre.

  15. august 22, 2008 ved 8:39 am

    Synd du ikkje var heime under «Herøy-spel»-helga! Det var ei svært fin oppleving; både seminaret, spelet, utescena, gudstenesta, gjensyn med vener og kjenningar – og ikkje minst turen til Runde på laurdagen! Tur over fjellet, vitjing på fyret og dukkert i ei bukt like ved brua til Remøya, på heimvegen. Friskt!

  16. september 9, 2008 ved 5:52 am

    «At det fleirkulturelle samfunnet skulle vere sjølve heksesabbaten for alle vonde krefter og det endelege Ragnarokk for det gode samfunnet, har eg vanskeleg for å skjøne.», skriver du. Jeg arbeider for tiden med et Fritt Ord-støttet bokprosjekt, og der vil jeg gi et grundig svar på hvorfor det multikulturelle prosjektet, slik det nå gjennomføres, med stor sannsynlighet vil gi katastrofale resultater. Jeg kommer også til å si litt om hvorfor det er høyst upassende for kristne å gi sin tilslutning til de anti-intellektuelle og totalitære kreftene som ligger i bunnen for det hele. Du kan få en liten antydning om hvor jeg vil, ved å lese dagens kommentar om Den Politisk Korrekte Kirke på HonestThinking. Der avlegger jeg også deg en aldri så liten visitt:
    http://www.honestthinking.org/no/arkiv/HT.index.2008.09.html#Den_politisk_korrekte_kirke

    Mvh Ole Jørgen Anfindsen


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: