17
Jul
08

carpe diem…

«ØYAR OG STRENDER

veg ikkje meir enn dust», stod det i Laudes-salmen i dag tidleg (Jes 40,15). Det kan sjå ut som om øyane her ute er overletne til kraftselsskapa sin ekspansjonstrong; for styremaktene har vedteke vindkraftutbyggjing med seksten kjempestore vindmøller (opp til 150 m!) over heile fjellet her på Haramsøya!

Folket er kraftig (!) i mot det, både folk flest og dei kommunalpolitiske organa. No er det berre ein anke som kan redde naturen her frå ei drastisk valdtekt. «Miljø» er ikkje berre lufta vi pustar eller jorda vi går på – det er også det estetiske rommet vi lever i! Øyane her er tettbygde med det meste av kulturarealet som dyrka mark. Fjellet og strendene er sjølvsagt avgrensa på ei øy, og desse områda er det einaste ein har å omrømme seg på utanom sine eigne fjøsgolv og stovegolv. I tillegg er digre vindmøller på eit nake kystfjell på ei øy utanfor fastlandet svært synleg. Og heilt drepande for den naturlege estetikken, for det sterke, vakre kystlandskapet vi har her. Mennesket lever ikkje berre av energi, men også av å ha visuell og estetisk trivsel i livsmiljøet sitt.

Etter alt å døme, er det kraftselskapa (Tafjord Kraft) som er hovudinteressentar; gode pengar å tene på sal av elektrisitet, og «mykje vil ha meir». Ille, når ein veit at vindkraftproduksjon ikkje er økonomisk lønsamt, men er avhengig av store subsidiar. Vindkraft er «rein» energi, men også prisen for det kan bli for høg når produksjonen skjender naturen og det menneskelege miljøet på andre måtar.

Vi treng energi, men framfor alt må vi lære oss å trenge mindre energi. Og vi treng naturlege omgjevnader som det er verdt å leve i. Blir det utbyggjing på Haramsfjellet, stiller eg i lenkegjengen!

Reklame

7 Svar to “carpe diem…”


  1. 1 Rob
    juli 17, 2008 ved 7:32 pm

    Sett gjennom kalkulatorens briller, blir selv vindmøller vakre… 🙂

  2. 2 Birgit Oline Kjerstad
    juli 18, 2008 ved 1:02 pm

    Godt og oppmuntrande å lese kommentarane dine til vindkrfaftplanane. Prosjekta gneg på meg natt og dag, og eg er fortvila over at nokon i det heile kan tenke tanken å øydelegge kystnaturen og ta ifrå oss rikdomen landskapet og augnekvilda i dei reine konturane gir. Ironisk nok tyder Haram «ørnehammar». Mykje tyder på at nettopp ørna vil bli borte om Haram Vindkraftverk vert borte. Alt dette fordi kraftkrevande industri og sentrale politikarar har lagt opp til ein abnorm vekst i kraftkrevande verksemder. (340% meir forbruk enn i 2002)Ei t godt eksempel frå ein kultur som ikkje tek omsyn til grenser for forbruk.

  3. juli 18, 2008 ved 3:39 pm

    Her er det nok kraft-gribbane som slær ut ørnene, er eg redd. Men vi får halde fram å skrike ut; kanskje det let seg stanse til sjuande og sist. Skal prøve å skrive noko til avisene (Sunnmørsposten/Aftenposten)…

  4. 4 wen
    juli 18, 2008 ved 4:17 pm

    Eg blei så forviten på korleis det ser ut der oppe. Og kva finn ein ikkje når ein leitar:

    http://www.prikk.com/Haramsoy.htm
    Må sjåast! Ja, fr Arnfinn, du bør lenkja deg!

  5. 5 K
    juli 19, 2008 ved 9:15 am

    Godt at du har det fint – men synes synd på deg at du har måttet se den forferdelige ødeleggelsen som vindmøllene – etter mitt skjønn – representerer.

  6. 6 Are Hugo Pripp
    juli 19, 2008 ved 12:42 pm

    Det er forferdelig at man ikke tar hensyn til at miljøvern også er å ta vare på det estetiske i naturen. Først har man ødelagt vassdragene med vannkraftutbyggingen og nå er man i gang med å ødelegge kystlandskapet med gigantiske vindmøller. Vi må få overbevist folk om at dette ikke er veien å gå for å få en miljøvennlig og bærekraftig energiproduksjon.

  7. juli 19, 2008 ved 5:39 pm

    Estetikk er veldig nedvurdert i norsk mentalitet. Det «nyttige» dominerer.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: