30
Jun
08

carpe diem…

«WENN JEMAND EINE REISE TUT…

dann kann er was erzählen».. Seier det slik i dag, sidan eg er komen til Hamburg. På ein litt modernistisk benk på Gertrudenkirchhof, ikkje langt frå Hauptbahnhof. Kom inn med natt-toget frå Offenburg for ein times tid sidan. Sov godt, i Sitzwagen. Som sagt; orden på sakene i Deutsche Bahn; presis på minuttet kom vi til stasjonenen her. Vidare klokka 1328 (litt vetettid på rimlege Internett-billetar), til Køpenhamn.

I går kom eg altså til Strasbourg – men måtte leggje om planane; vanskeleg å plassere bagasjen på stasjonen og den stor baggen med bøkene mm var for tung å drasse fram og tilbake til klosteret (der eg var novise i si tid). Så eg tok neste tog rett over grensa til Offenburg der natt-toget skulle ta meg på seinare. Ein triveleg liten by, som visst nok var ein tysk fristad (som Hamburg) i tidlegare tider. Jarnvegutbyggjing på slutten av 1800-talet gjorde at folketalet eksploderte. No er jarnvegsysystemet rasjonalisert så byen er blitt ein ganske søvning stasjonsby (med litt høgskular etc) i Baden Wûrtemberg. Bak oss: Schwarzwalds mørke skogåsar; bortanfor, på den andre sida av Rihnen og den breie, alsassiske (elsassiske, på tysk) sletta, ligg det låge fjellmassivet «Les Voges», også skogkledd – med gamle borger og kloster. Ein gong, i novisiatet, gjekk eg i solsteik og til fots over sletta, med maisåkrar og vinmarker og landsbyar med ei svær kyrkje i sentrum – opp til den gamle heilagstaden Mont St Odile

Men no (i går): i Offenburg. Ser to store kyrkjetårn og tenkjer at eg skal gå dit og sjå om det er kveldsmesse, sidan eg miste messa i Strasbourg. På vegen dit passerte eg den evangeliske kyrkja. Stengt. Så kom eg forbi den gamle bykyrkja; Heiligen Kreuz, frå 16-1700-talet. Svært vakker, moderat barokk. Open. Utanfor fann eg informasjon som synte meg at kveldsmessa ikkje er her, men i den «nye» soknekyrkja Dreifaltigkeitkirche, den med dei to tårna. Eg går dit og får sett byen og på vegen. Klassisk tysk (eller rett og slett: europeisk-) småby, med torg, rådhus, eit mellomaldersk hospital (St Andreas!), kroer og kafear – og kyrkjer. «Dreifaltigkeitkircche» er stor, frå 1908, vakker utsmykka. Det er ope, ein time til messa. Litt folk ut og inn; og ei eldre kvinne helsar på meg og blir glad over å treffe ein norsk dominikanar på farten. Eg seier at eg gjerne vil konselebrere i messa – og ho tilkallar kyrkjetenaren som presenterer meg for kapellanen, p Christian, i sakristiet. Før eg veit ordet av det, togar vi inn, med fire små ministrantar, med orgelspel så ein skulle tru ein var i luthersk kyrkje, med tyske koralar og det heile! Så feirar vi Peter og Paulus (deira fest, den 29. juni, som kjent). Rart å stå der; til altaret, rett frå toget, på ein plass eg aldri har vore før. Dette er Kyrkja.

Etterpå inviterer den eldre dama meg med; fyrst innom ein MacDonald og eit par hamburgarar, så til eit slags ope eldresenter, like ved den gamle kyrkja (drive av det katolske Caritas) – der bur ho. Det synte seg at huset også vender mot torget – som no var blitt sprengfullt av folk, mange tusen tyske fotballpatriotar, med gul-svart-raude flagg både måla på kjakane og viftande i lufta. Her er det nemleg storskjermframsyning av Tyskland- Spania-kampen – med orkesterplass i andre etasje på eldresenteret! Der traff eg også ein pensjonert katolsk sokneprest som heia ivrig på Tyskland, utan at det hjalp, for Spania vann, som kjent. Massane tok det tålegt bra og alt såg ut til å ende godt, skjønt litt vemodig. Han velsigna meg før eg gjekk til stasjonen, i 23-tida.

Den eldre kvinna, Frau X, fortalde meg mykje om kyrkjelivet i bispedømet Freiburg (im Breisgau), om masse folk i Freibürger Münster (domkyrkja der; Freiburg ligg nokre mil lenger sør) tidlegare i dag, den årlege (ellr noko slikt) «kyrkjedagen», med messe, føredrag, samtalegrupper, ungdomssamlingar osv. Og ho fortalde om bønegrupper i Karlsruhe; vanlege menneske som har fått ein ny glød både i bøn og i tru. Ting skjer i Tyskland.

No skal eg sjå meg litt rundt her i Hansa-byen; så nært, i grunn, for ein nordmann og ein tidlegare Bergens-buar. Nordsjøkulturen. Kjenner at eg er lenger nord. Friskare luft, meir drift i skyene. Nydleg. «Nord-vegen» opnar seg.

PS Liten korreksjon til gårsdagens «carpe diem»: Togreisa frå Lyon går berre så vidt opp i Bourgogne, i staden går ho nok så raskt opp i Franche-Comté; eit vakkert landskap i utkanten av Jura-fjella, mot den sveitsiske grensa. Eg blanda litt saman med bilvegen som går opp til Macon, Baume og Dijon.

Reklame

0 Svar to “carpe diem…”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: