23
Aug
09

homiletica: 21. sundag i det allm. året, St Dominikus krk., Joh 6, 60-69

Kjære brør og systre!

Vi tala sist sundag om at Jesu forkynning om seg sjølv som det levande brødet var ei utfordring til tru og vedkjenning. Han ville at dei som høyrde på og han og fylgde med han, skulle ta stilling, skulle gjere eit val. Som vi høyrde Josva sa det då han utfordra Israel som stod på dørstokken til det lova landet, på Jordans breidd; han stilte dei på val og sa: Har dere imot å tjene Herren, så velg i dag hvem dere vil tjene. Du ikkje vere kristen. Du ikkje vere katolikk. Dersom du synst at kristendomen og det med kyrkja er for drygt: Let go! Du er fri. Du kan velje.

Nettopp i dagens evangelium høyrer vi at Jesus reknar trua som ei vedkjenneande tru, som ei tydeleg og uttala tru. Ofte har vi i vår kultur idealisert det nølande og usikre og hylla tvilen. Stadig ser vi når det er snakk om tru og religion; å tru er dumt, å tvile er fint. Det er sant at Gud ikkje knekkjer det brostne strået elller sløkkjer den rykande veiken; det minste teikn til og den minste vilje til tru oppmuntrar han, tek han i mot.

Men er det likevel slik at vi brukar nølinga og det utydelege for å  skjule oss, brukar det til å skuve utfordringa frå oss? Dersom vi har vanskar med å tru; lat oss då ta fatt i det på ein konstruktiv måte, gjere noko med de, ikkje berre surre rundt i rundkøyringa utan å velje retning. Dersom vi slit med å tru, så lat oss seie som høvedsmannen: Herre, eg trur! Hjelp meg i mi vantru! Trua er eit dristig sprang, noko som overskrid våre menneskelege evner. Ånden er det som gir liv, kjøtt og blod er til ingen nytte, sa Jeus. Då han tala om å ta i mot hans ord, hans harde, utålelege tale. Og han held fram: Derfor var det også jeg sa til dere at ingen kan komme til meg uten at Faderen gir ham det i gave. Som den heilage Paulus seier: Ingen kan seia: ’Jesus er Herre!’, utan i Den Heilage Ande”(1 Kor 12,3).

Guds folk er eit vedkjennande folk. Det veit kvar det står: Jeg og min ætt, vi vil tjene Herren” sa Josva. Israel var Guds folk, men trua var ikkje noko sjølsagt, det var noko som måtte fornyast og uttrykkjast stadig på nytt. I den nye pakta, i kyrkja, er ikkje trua i det heile tatt knytt til nasjonalitet, til rase, til stamme. Kyrkja er eit folk av alle folk, ein nasjon av alle nasjonar, eit folk av vedkjennarar.

Vi ser det tydeleg i kyrkja sine gamle initiasjonsriter: Katekumenen blir uttrykkjeleg spurt om han vil gå vegen, om han er beredt til å fylgje Kristus. Og når han etter lang tids skulering og trening står ved døypefonten, blir han spurt: Forsakar du? Trur du? Der og då må han istemme kyrkja sitt Credo. Så blir han døypt. Slik var det i oldkyrkja. Slik blir det meir og meir også i vår tid. Massekristendomens tid er forbi.

Brør og systre! Alle som berre heng med i kyrkja av nasjonale og såkalla kulturelle grunnar, vil – i den tida vi lever i – stå i fare for falle av lasset når det røyner på, når presset blir stort. Det er stadig mykje snakk om kristne ”verdiar”, ”tradisjonar” og ”spiritualitet”. Vel og bra. Men framtidas kristne, framtidas katolikkar, vil vere kristne som kan sitt Credo, som lever ut dei nådegåvene og den utrustinga dei mottok i ferminga, som lar seg nære av evkaristien, som lar seg opplyse av Ordet. Framtidas kristne vil vere kristne som har eit teologisk fundament, som er liturgisk aktive og lever med i messa, som er diakonalt solidariske og sosialt innstilte. Som vågar å forplikte seg.

Eg veit kven eg trur på, seier Paulus. Vi trur og vi veit at du er Guds Heilage, sa Peter, på vegne av apostlane, på vegne av alle truande. Vi lever i ei tid då vi må gjere opp vårt bo, vite kva vi vil. Bror og syster:

Har du mot å følge Kristus hva det enn skal koste deg?/ Har du mot når verden håner og til motstand reiser seg?

I namnet åt Faderen og Sonen + og Den Heilage Ande. Amen.


16 Responses to “homiletica: 21. sundag i det allm. året, St Dominikus krk., Joh 6, 60-69”


  1. 1 Ingvild
    august 23, 2009 ved 7:48 pm

    En utfordrende appell! Så er det godt at vi kan klynge oss til «jeg tror, hjelp min vantro». Jeg våger, gi du meg mot! Karl Rahner sier også noe om framtidens kristne, der han vektlegger erfaringen av Gud: The devout Christian of the future will either be a “mystic”, one who has experienced something, or he/she will cease to be anything at all.
    Når Peter kunne komme med sin bekjennelse, var det i følge Matteus fordi Gud hadde åpenbart det for ham. En erfaring som ble ham gitt. Dette skjer når vi «lar oss nære, lar oss opplyse…» Så vil også motet bli oss gitt, tenker jeg. Det er lite/ingenting vi kan prestere uten at det er oss gitt. Men vi tar kanskje altfor sjelden i bruk det som er oss gitt!

  2. 2 wo
    august 23, 2009 ved 9:08 pm

    Og kva bør framtidas kristne røysta i Stortingsval, tru?

  3. 3 wo
    august 23, 2009 ved 9:09 pm

    Eg meiner kva bør dei som vil vera framtidas kristne røysta i år?

  4. 4 Eirik
    august 24, 2009 ved 5:06 am

    Takk for en nydelig preken. Det var tidvis vanskelig å høre deg fra bakerste rad, så det er godt at den nå er blitt lagt ut. Pax et bonum–EBS

  5. 5 Camilla
    august 24, 2009 ved 9:05 am

    Det er klart jeg tror, og det livet i Paradis vil bli perfekt!

  6. 6 Olav
    august 24, 2009 ved 12:09 pm

    I mine studier leste jeg om: Allmenn og Spesiell åpenbaring.

    Allmenn åpenbaring beskriver menneskets kjennskap til Gud gjennom sine naturlige evner og kulturelle bakgrunn. Fordi mennesket er naturlig religiøst, bruker det altså sin forstand til å kjenne og forstå Gud. Tankene om Gud blir derfor forskjellig fra menneske til menneske, alt ut fra dets ståsted og gitte forutsetninger.
    Derfor er det ikke nok å kjenne Gud ut fra våre naturlige forutsetninger. Det er helt nødvendig med noe annet, nemlig at Gud gir seg til kjenne for oss.

    Altså ved en spesiell åpenbaring. Hvordan skjer den? Jo, gjennom Jesus Kristus.
    Gud åpenbarer seg alltid gjennom Jesus. ”Ingen har noensinne sett Gud, men sønnen har forklaret Ham.”

    Den allmenne åpenbaring gir mennesket en livsholdning. Noe å orientere seg mot. Den innholdsbestemmer samvittigheten. Den gir mennesket altså en gudsdimensjon, men den er preget av en lovpreget religiøsitet. Dvs. mennesket lever sitt liv på en måte som forsterker dets selvrettferdighet. Gjennom å tekkes Gud.
    Gjennom den allmenne åpenbaringen forstår mennesket Gud som ”Lovens Gud”

    Den spesielle åpenbaringen er ikke åpenbaringen om en lære, men av Gud selv og hans virkelighet, Gud gir seg til kjenne hvem han er.
    Ved den Spesielle åpenbaring får vi se Gud som ”Nådens Gud”. Kun gjennom den vil vi se Gud som en kjærlig og frelsende Gud.
    Det som skjer da er en omskaping av menneskets hjerte. Det gamle er borte, se alt er blitt nytt. Mennesket blir omvendt/frelst, og begynner et nytt liv sammen med Jesus.

    Å elske Gud er altså ikke noe vi kan lære rent intellektuelt, men man må først bli født på ny. «Da Guds godhet og kjærlighet ble åpenbart for oss, frelste han oss». ”Se og lev”, som det står i sangen.
    «Hver den som påkaller Ham skal bli frelst»! Det blir ikke noe vanskelig å tro da.

    Hilsen Olav

  7. august 24, 2009 ved 7:17 pm

    W: Eg vil ikkje gje noko råd om kva folk skal røyste. Veit nok kva eg sjølv skal røyste dette året, men eg har nok elles eit litt distansert tilhøve til den parlamentariske politikken.

    Ingvild: Heilt klart at framtidas kristne vil vere mystikarar; menneske som vågar å søkje røynsla av Guds nærvere. Av Gud.

    Eirik: Takk for oppmuntring! Lovar å heve røysta endå meir når eg preikar!

    Olav: Katolsk teologi skil nok ikkje så skarpt mellom «lov» og «evangelium». Guds nåde er i den naturlege openberinga også, og den naturlege Guds-kunnskapen er ikkje berre ein blindveg. Den fulle, frelsande nåden er gjeven i Jesus Kristus, den inkarnerte Sonen/Ordet, han som kom «då tida var inne».

  8. 8 Eirik
    august 24, 2009 ved 7:54 pm

    Nei, ikke bebreid deg selv! Det var mer på grunn av diverse bakgrunnsstøy enn ditt stemmevolum som gjorde det vanskelig å høre til tider. Men jeg synes jo det bare var koselig med litt småpludring fra de minste – selv om en riktignok kan være de voksne kirkegjengernes småprat foruten…

    Hva gjelder kristnes partivalg, forblir det viktig å presisere at kristne langt fra er en homogen gruppe med delte politiske interesser.

    Når en gruppe som den nystiftede Kristenfolket forsøker å definere «kristne» politiske mål på vegne av hundretusener, er det dømt til å ende i en ganske snever fortolkning av disse hundretuseners politiske grunnsyn.

  9. 9 wo
    august 24, 2009 ved 9:57 pm

    Fr A: Eg veit ikkje heilt om eg er ute etter råd, men eg er forviten på korleis folk tenkjer, for eg tykkjer det er så vanskeleg i år. Det e» lov å prøva seg…

  10. 10 Olav
    august 25, 2009 ved 5:59 am

    Det er klart at det naturlige må komme før det mystiske/åndelige. «Ingen kan komme til meg uten at min Far drar ham» Og Gud drar mennesket til seg på forskjellige måter. Lengsel, nysgjerrighet, etc. Men det evige liv er å kjenne Ham, og den Han utsendte, Jesus Kristus. Peter sier også: «Så sant dere har SMAKT at Herren er god» 1.Pet 2.3.
    Hisen Olav

  11. august 25, 2009 ved 7:19 am

    Olav: Det er heilt sant; det evige livet ligg i kjennskapen til Jesus Kristus. I bibelsk språkbruk er «å kjenne» nokon uttrykk for dei næraste relasjonar, frå samliv til djup, personleg einskap. Denne «kjennskapen» og einskapen blir gjeven oss i trua og ikkje minst i sakramenta.

  12. august 25, 2009 ved 7:36 am

    W: Det er mogeleg å reflektere over kva som er vettuge val (!) for kristne menneske, politisk. Sant at ein må orientere seg utfrå ein heilskap og ikkje berre ut frå einskildsaker. Likevel: Nokre saker er så fundamentale at å røyste på parti som aktivt motarbeider det kristne synet, er umogeleg. For min eigen del er det politiske føringar eg sympatiserer med, t.d. på venstresida (sosial rettferd, ikkje minst globalt; miljø osv), medan partia som står for dei, har andre føringar som hindrar meg i å røyste på dei (abortsaka, familieetikken, religions- og kyrkjepolitikken).

    Eit anna dilemma er kor mykjke ein skal kanalisere politisk engasjemnet inn i det parlamentariske/nasjonalpolitiske showet. Det er noko av grunnen til at eg ikkje er veldig aktivtist à la «kristenfolket» og «netteverk for familien» i kampen for lovendringar. Eg konsenterer meg meir om kyrkja, for å byggje opp haldningar og praksisar. I sin tur kan desse påverke mentalitet og opinion i storamfunnet. Grunnleggjande haldningar og mentalitetar – det er der det er «tomt» i dei breie laga av det norske samfunnet i dag.

    Denne interne oppbyggjinga prøvar eg å kombinbere med tydleg deltaking i den offentlege debatten. Ikkje som poltisk kampanje, men som meiningsbryting og som manifestering av kristent grunnsyn. Eg prioriterer det som er mest forsømt i dag: Det meta-politiske planet, for å seie det fint :), det nivået som «informerer» den konkrete politikken. Det er her krisa er.

    Dersom eg likevel skal røpe meg, kjem eg i år truleg til å røyste på KrF. Det er, slik eg ser det, det mest sømmelege alternativet slik stoda er.

  13. august 25, 2009 ved 7:44 am

    W: Dersom eg hadde fått vite meir om «Dei grøne» sin politikk i høve til kyrkje og kristendom, kunne dei vere eit verkeleg alternativ, jamvel til KrF. Vil nokon verve meg til dette, må dei skunde seg 🙂

  14. august 25, 2009 ved 7:48 am

    Eirik: Eg trur vi bør skjøne at «Kristenfolket» ikkje pretenderer å representere alle kristne. Historisk er dette uttrykket eit litt tabloid omgrep for den lågkyrkjelege lekmansrørsla innan DNK. Langt på veg har det vore grunnfjellet i KrF – men seinare har meir amerikanske innslag gjort seg gjeldande; som Israel-synet. Sjå elles intervju med professor Bernt Oftestad om dette i Vårt Land for nokre dagar sidan.

  15. 15 Ståle
    august 25, 2009 ved 8:59 am

    Jeg støtter deg i det du skriver om innsats på det metapolitiske planet! Delta i liturgien – redd politikken.

  16. 16 Elisabeth Vetland
    august 26, 2009 ved 7:46 am

    Det er utrolig hvor godt du klarer å formulere det som sikkert mange av oss tenker. På en lettfattet og oversiktlig måte beskriver du akkurat det som jeg har prøvd å forklare min datter de siste dagene. Takk!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: