15
Aug
09

discursus: Eusebius» bilete av oldkyrkja

Eg les litt i Eusebius (f 260) si kyrkjehistorie for tida. I introduksjonskapitlet i den utgåva eg les, seier omsetjaren noko det er verdt å merkje seg:

Mange av oss i dette landet [England, min merkn.] vaks opp med den overtydinga at dei tidlege kristne hadde svært enkle trussatsar, ei primitiv organisasjonsform og ein fullstendig mangel på liturgisk seremoniell. Ein studie av Eusebius vil gjere det meir enn tydeleg at vi har blitt kraftig bløffa. Ikkje berre i det Eusebius sjølv fastslær, men óg vitnemålet frå andre tidlege autoritetar som han påropar seg, syner oss at kyrkja åt dei fyrste generasjonane av kristne var slik at ein notidig anglikanar ville kjenne att dei fleste ideane og praksisane som han er van med. Vi vil finne den same sondringa mellom geistlege og lekfolk, den same opdelinga av kleresiet i den trefaldige embetsordninga med biskopar, presbyterar og diakonar, den same praktiseringa av biskopleg ordinasjon og konsekrasjon, den same insisteringa på apostolisk suksesjon og på at det er Kristus som har innstifta Den heilage, katolske og apostoliske kyrkja.


Vi vil finne oppdelinga av dei kristne områda i bispedøme og erkebispedøme, presiderte over- og styrde av hølgt respekterte biskopar. Vart ikkje Jakob, Herrens bror, berre nokre få dagar etter Frelsarens død, innsett på Jerusalems biskoplege trone. og forretta han ikkje den heiage tenesta i presteleg skrud? Og var ikkje Johannes, den læresveinen Jesus elska, ’ein offerprest, kledd i mitra’?

Eusebius kyrkjehistorie er ei tidleg og viktig kjelde til kunnskap om den tidlege kyrkja. Historisteten tilfredssteller sikkert ikkje moderne vitskaplege kriteriar på alle måtar. Likevel gjev boka eit bilete av korleis samtida såg på kyrkja og det kyrkjelege livet. Dette syner oss, som mange andre skrifter og kjelder frå oldtida, at mange gjengse førestellingar må reviderast. Ei kyrkje utan dogmer, utan liturgi, sakrament, embete og ytre ordningar, er eit fantom frå den liberale teologiens tid; delvis ein arv frå reformasjonen og dessverre overteken også av mykje av vekkjingskristendomen og frikyrkjene.

Som ein liten smakebit frå Eusebius, kan vi lese noko av hans skildring frå vigsla av den atterreiste katedralen i Tyrus i Fønikia. Etter sjølve skildringa legg han ved si eiga preike (utan direkte å seie at det er hans) ved festen – ei preike som var skriven på førehand og som det ville ta minst ein time å framføre! Staseleg liturgi var altså ikkje ukjent i oldtida, men heller ikkje lange preiker..

Der var ein kraft frå den guddomlege Anden som rann gjennom alle lemene; ei sjel i dei alle, den samen entusiasmen for trua, ein hymne av lovprising på alles lipper. Ja, og våre leiarar utførde seremoniane med full praktutfalding, og det vigsla presteskapet forvalta sakramenta og dei majestetiske ritane åt kyrkja; stundom med med song av salmar og resitasjon av bøner, gjevne oss av Gud, stundom med å forrette dei guddomlege og mystiske innstiftingane; medan dei underfulle bileta av Frelsarens liding truna over det heile.

Og heile det truande folket – av alle aldrar, menn og kvinner, med alle sine sjelskrefter, jublande i sjel og hjarta, med bøner og lovprisingar – gav ære til Gud sjølv, han som er opphavsmannen til deira glede og lukke. Kvar og éin av dei prelatane som var tilstades, preika til kveik for den store forsamlinga, alt etter evne.

(Eusebius: The History of the Church from Christ to Constantine, by G.A. Williamson, 1976, Penguin)


12 Responses to “discursus: Eusebius» bilete av oldkyrkja”


  1. 1 Hans Bj.
    august 16, 2009 ved 5:34 am

    «Ei kyrkje utan dogmer, utan liturgi, sakrament, embete og ytre ordningar…..»
    I retreat-kretser blir ofte såkalt keltisk spirualitet fremhevet som noe som var mer frigjort fra den romerske katolske kirke og da som noe positivt. (i oposisjon ?)
    Har aldri helt forstått hva som menes med denne spiritualiteten. Den irske og angesaksiske kirke var jo knyttet til Roma og følgelig katolsk og med katolsk spritualitet. Kanskje med enkelte lokale særtrekk, men ikke i oposisjon til Rom og den øvrige kat. kirke.

  2. 2 Elisabeth Vetland
    august 16, 2009 ved 10:44 am

    Fascinerende med oldkirken! Hvorfor drikke flaskevann(altså alle mulige nye -ismer) når man kan gå til kilden? Skulle forøvrig gjerne visst om den såkalte keltiske spiritualiteten slik den brukes nå virkelig kan belegges, eller om den mest er nykonstruert?

  3. 3 Rob
    august 16, 2009 ved 11:37 am

    Keltisk spiritualitet er sterkt knyttet til treenighets-dogmet og Kristus som sann Gud og sant menneske. Selvsagt med enkelte lokale særtrekk. Altså overhodet ikke udogmatisk..
    Tror det er nyttig å sette seg inn i sakene før man stiller spørsmålstegn..

  4. 4 Rob
    august 16, 2009 ved 11:47 am

    Forøvrig har keltisk spiritualitet mange likhetstrekk med den man finner i Øst Kirken (Har sterke impulser fra ørkenfedrene). Den er videre belagt med mange kilder og en viktig del av Kirkens felles arv.

  5. 5 Kari Jacobsen
    august 16, 2009 ved 4:38 pm

    Meget interessant lesing. Takk for ref.

  6. 6 Elisabeth Vetland
    august 16, 2009 ved 6:21 pm

    er ikke det å stille spørsmålstegn å sette seg inn i kildene? Jeg ber jo bare om henvisning/kilder.Som jeg ikke får her. Det å spørre når jeg lurer på noe er iallefall min måte å sette meg inn i kildene. Jeg har allerede bestilt p.Arnfinns henvisning (Eusebius)inn til mitt lokale folkebibliotek for å lese det selv. Nå venter jeg på Robs kildehenvisninger. Takk til p.Arnfinn for etterrettelighet.

  7. 7 Rob
    august 16, 2009 ved 7:33 pm

    Kilder, noen eksempler:

    Ray Simpson, Keltiske veimerker (oversatt til norsk)
    Harald Olsen, Ørkenvind
    Harald Olsen, Ilden fra Vest
    Harald Olsen, Frodig fromhet i Vest

    I disse bøkene finnes mange henvisninger til annen litteratur (mange engelskspråkelige)

  8. 8 Elisabeth Vetland
    august 16, 2009 ved 7:42 pm

    Takk, Rob, da skal jeg se hva jeg får ut av dette!

  9. august 16, 2009 ved 7:48 pm

    Bøkene som Rob presenterer, har eg ikkje lese, men dei er sikkert bra. Dessverre har eg oppdaga, på eit seminar, nettopp det som Hans Bj, er inne på: At «keltisk spiritualitet» blir sett opp mot tradisjonell katolsk/romersk tru, lære og kyrkjeordning. Det er ein stor miss, også reint historisk.

    Sjølvsagt var kyrkja i Irland (og andre «keltiske» område ein del av den udelte, katolske kyrkja, t o m ein del av den vestlege. St Patrick, St Columba, St Columbanus var katolske biskopar/abbedar, og nettopp i Irland blei latinsk språk og kyrkjeleg teologi dyrka og teke vare på i ei forfallstid på kontinenntet.

    Sjølvsagt var den katolske kyrkja mangfaldig – og ulike tradisjonar levde side om side. Romas sentrale posisjon var ikkje så definert og dominant som seinare, men det vil ikkje seie at vi ikkje har å gjere med den same kyrkja. Den keltiske katolisismen var – også sjølsagt – fullt medviten sin katolisistet, både dogmatisk, hierarkisk og liturgisk.

    Det dumt viss norske retreatkretsar – som eg syns står for svært positive ting! – prøver å nedtone dette og lage seg ein slags keltisk spiritualitet «light». Det er plass for alle i den keltiske tradisjonen, men det er ikkje nødvendig å sjå forbi dens kyrkjelege og historiske forankring. Irland var katolsk, då som no.

    PS: Eit ekstra boktips:

    Beda: Anglernes kirkes historie, Thorleif Dahls kulturbibliotek.

  10. 10 Rob
    august 16, 2009 ved 7:48 pm

    Bare hyggelig! God lesning!

  11. 11 Rob
    august 16, 2009 ved 8:04 pm

    Kirken i de keltiske områdene var en del av den udelte Kirke, ja det er et faktum.

  12. august 17, 2009 ved 12:52 pm

    Jeg kan også anbefale å lese de gamle liturgiene. Da jeg leste disse ble jeg overasket over hvor mye de ligner på liturgien i dagens messer:
    http://www.ccel.org/ccel/schaff/anf07.xii.html

    Forøvrig, hvis man skal danne seg et bilde av den tidlige Kirken, mener jeg det er best å gå til de tidlige fedrenes egne skrifter – la Kirken tale for seg selv med sine egne ord. Det er liksom det tryggeste.

    Da er denne siden en fantastisk ressurs:
    http://www.ccel.org/fathers.html


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: