Arkiv for august 2009



01
Aug
09

nota bene: Gud og kvarmann

fyrst prenta i Signert-spalten, Klassekampen, laurdag 1/8-09…


I løpet av sommaren har det bryggja opp til kulturdebatt, ja, til kulturkamp, ifylgje nokre av debattantane og kommentatorane. Med Asle Toje i teten har fleire yngre intellektuelle markert ein ny giv for høgreradikale og høgrepopulistiske idéar. Ein manar til oppreist mot kulturradikalismen som har utvikla seg til elitisme og maktarroganse. Strengare og meir kunnskapsorientert skule- og utdannigspolitikk, mindre snillisme i utanrikspolitikken og tøffare justispolitikk står på programmet. Favoriseringa av finkulturen og den nedlatande haldninga til kulturverdiane åt folk flest er også noko ein vil til livs. Dei nye vimplane har umiskjennelege danske fargar og Toje har hylla statsminister Fogh Rasmussen som ein av våre dagars store statsmenn. I Danmark har kulturradikalismen vore under eld i lang tid og den høgrepopulistiske fronten på sterk frammarsj.

Men er dette eit verkeleg oppgjer med kulturradikalismen? Dei høgreradikale protagonistane har, så langt eg har sett, ikkje tøtsja kulturradikale flaggskip som familie- og seksualetikken eller abortsaka. Samtidig er mykje av patosen i innvandrarkritikken nettopp vernet om dei såkalla vestlege verdiane, akkurat som hjå kulturraddisane. Typisk for den nye høgrefronten er også religionskritikken, særleg kritikken av islam. Den som ei stund har fylgt med i bloggar, fjesbøker og avisinnlegg tilhøyrande ”folk flest”, har grunn til å bli skremt av den temmeleg uhemma hatretorikken som ovrar seg der. Difor undrar det meg at Knut Olav Åmås i sin kommentar i Aftenposten nyleg hektar folk som Mohammed Usman Rana på flokken av mogelege Toje-tilhengarar. Det folkelege raseriet som kulturkjemparane ynskjer å istemme, vender seg jo særleg mot islam og den muslimske trusselen. I den danske debatten er kritikken av kulturradikalismen rett nok stiva opp med religiøse argument uttenkte av prestepolitikarar som Søren Krarup og Jesper Langballe. I denne superdanske statsgrundtvigianismen er det kristne stor sett identisk med det danske, og det er det nasjonale som er poenget. Det minner om programmet til den franske nasjonalistrørsla Action Francaise. Leiaren, Charles Maurass (1868-1952), var langt frå ein truande og brukte berre katolisismen som fargestoff i sin eigen kulturkamp. Mange åtvarer mot å blande religion og politikk. Men trua kan sjølvsagt ikkje dra seg unna eit så viktig livsområde; etter mitt syn er det mixen av nasjonalisme og religion som er det verkeleg risikable.

Eg trur at nettopp det nasjonale er eit nøkkelomgrep når vi skal forstå kva som inspirerer Toje-patruljens kamp mot dei kulturradikale. Kulturradikalismen har vunne mange skansar og opplever for tida det nokon har kalla ”sigerens melankoli”. Makt og posisjonar kan ikkje fylle det intellektuelle og idémessige tomromet som sakte, men sikkert har meldt seg, så å seie proporsjonalt med nedgangen for Dagbladet. Som offisiell ideologi har venstresidekulturen mist mykje av inspirasjonskrafta si. Samfunns- og kulturengasjement må ha ein overordna visjon, eit sett av symbol som formulerer kva som eigentleg er meininga med livet. Det er ikkje lett å stampe opp i eit samfunn som har oppnådd så mange av sine mål og kvitta seg med så mange av dei store forteljingane, som til dømes religionen.

Då er den nasjonale forteljinga den som er lettast å ty til. Som i Danmark, så òg i Noreg: Nasjonen og folket som metafysikk. Er ikkje Sigurd Skirbekks nye bok ”Nasjonalstaten” eit liknande teikn i tida? Apell til det nasjonale fungerer i dag mest som eit vern kring forbrukskulturen og myten om kor fortreffeleg vår eiga livsform er. I røynda har det store fleirtalet av folket tileigna seg mange av dei kulturradikale haldningane, men ynskjer no å kombinere dei med litt hardare høgreverdiar. Den folkeopinionen mange no ynskjer å mobilisere, er i alle fall ingen verdikonservativ front. Det smakar meir av proteksjonisme og sjåvinisme.

Vi treng kritikk av kulturradkalismen. Men for mange er det truleg ikkje freistande å alliere seg med grupper som den eine dagen er for ytringsfridom og den neste for aktiv dødshjelp.

Uansett kor folkeleg det måtte vere.





kategoriar