21
Aug
09

officium: Fredag, 20. vike i det allmenne året, Jes 30, 1-18 (matutin)

”Lat oss vera i fred for Israels Heilage” (v 12)

Det kunne vere ei oppsummering av haldninga til tru og kyrkje i eit land som vårt. Tru inneber å sleppe Gud inn på seg. Særleg viss det er ei tru som eg ikkje sjølv rår over, ei tru som eg kan forme ettersom det passar meg. Kyrkja si tru.

Held vi kyrkja på avstand, er det òg lettare å halde Gud på avstand. Stundom, når eg går på gata i mi ordensdrakt, merkar eg at folk eg møter, i ein lynrask augneblink blir råka av tanken på Gud. Uforvarande. Nesten irriterande. Vanlegvis er det ytre romet i vårt samfunn heilt fritt frå slikt som kan minne menneska om Gud.

Å vere i fred for Gud. Den fråfalnes fred.


2 Responses to “officium: Fredag, 20. vike i det allmenne året, Jes 30, 1-18 (matutin)”


  1. august 21, 2009 ved 11:16 am

    «Særleg viss det er ei tru som eg ikkje sjølv rår over, ei tru som eg kan forme ettersom det passar meg. Kyrkja si tru.»

    Ja, dette kan jeg bekrefte etter ~20 år i frikirkene.

    Det er liksom greit så lenge man ser på seg selv som både prest, biskop og pave. 😉

  2. 2 wo
    august 23, 2009 ved 6:13 pm

    Eg ville tru at du oftare blir møtt vørdnad når du kjem i ordensdrakt. Er det ikkje slik?


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: