18
Aug
09

homiletica: 20. sundag i det allmenne året, 16/8-09, St Dominikus krk, Joh 6, 51-58

sist sundags preike/homilie. Sitat frå tekstane som vart lesne i liturgien, fylgjer lektionariet. Andre sitat er frå den nynorske bibelen…

Kjære brør og systre!

Vi høyrer svært ofte at kristendom eigentleg handlar om ”Jesu enkle lære”, og at kyrkja, ikkje minst den katolske, har omgjort henne til eit tungt dogmatisk system.
Men dette stemmer i alle fall ikkje med det vi høyrer i evangeliet i dag, eller med Johannes-evangeliet i det heile. I den tette teksten, henta frå Jesu tale i ein synagoge, kan vi spore ein heil serie med påstandaar om Jesu person og gjerning, påstandar som er tunge av trusinnhald, ja, av dogma.

For det fyrste:
Jesus er Menneskesonen, ein himmelsk skikkelse; han er guddomleg, pre-eksistent, han har alltid vore; han er det levende brød som kommer ned fra himmelen. Altså ikkje berre ein jordisk profet eller vismann. Det er Faderen, den Levende, som har sendt meg, [og som] det er ham jeg har mitt liv fra..seier Jesus. På talarstolen i synagoga står han som er Gud av Gud og Ljos av ljos; sann Gud av den sanne Gud (Nicenum).

For det andre:
Han er dessutan eineståande, han er Verdas Frelsar! Den éine, ikkje éin av mange. Det er samfunnet med han som gjev evig liv: Dersom dere ikke spiser Menneskesønnens legeme og drikker hans blod, finnes heller ikke liv i dere. Som han seier ein annan plass i Johannesevangeliet: Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg (Joh 14,6).

For det tredje:
Han talar om evakaristien, nattverden, som sin kropp og sitt blod, på ein veldig konkret måte: Den som spiser mitt legeme og drikker mitt blod, han blir i meg og jeg i ham. Som vi kjenner det frå nattverdens forvandlingsord: Tak dette og ét det, det er min lekam... Her kan vi verkeleg tale om realpresens; at det evkaristiske brødet, nattverdsbrødet, verkeleg er Kristi kropp, og kalken verkeleg Kristi blod.

For det fjerde:
Jesu tale om dette viser oss også at han ser seg sjølv som eit offer for våre synder: Mitt eget legeme, hengitt for verden. «Hengitt for» – det er offerspråk. Sanneleg, seier profeten Jesaja om Messias; våre sjukdomar tok han på seg, og våre pinsler bar han… Straffa låg på han så vi skulle ha fred, og ved hans sår har vi fått lækjedom (Jes 53, 4-5). Det er dette offeret vi stadig på nytt feirar i messa og som nærer vårt liv. Han bar det vi ikkje makta å bere. Han er Lammet qui tollis peccata mundi, som tar bort verda si synd, som gir open veg, som gir blanke ark!

For det femte:
Ikkje minst høyrer vi i evangeliet i dag at tru på Kristus handlar om den kroppslege/lekamlege oppstoda, oppstoda av kjøtet, som det heiter i Credo. Den som spiser mitt legeme og drikker mitt blod, han får evig liv, og ham vil jeg oppreise på den ytterste dag. Det handlar om kroppen; Kristi kropp og vår kropp. Den kristne vona er ikkje berre åndeleg, ho er også kroppsleg, fysisk, materiell.

Kva peikar heile denne Jesu tale, denne undervisinga, fram mot? Jau, mot stillingstaking, mot vedkjenning. Jesus utfordrar tilhøyrararne til å ta stilling til hans ord, til kven han er. Hans ord vakte reaksjonar: Mange av læresveinane hans sa då dei høyrde dette: ’Dette er harde ord. Kven kan høyra på slikt?» Og mange tilhøyrarar og tilhengarar og sympatisørar forlet han. Så stod han der med ein flokk og sa: Vil de óg gå bort? (v 67).

Då svarar Peter. Han vedkjenner det som er den kristne trua, den katolske trua, kyrkja si trua: Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord og vi trur og vi veit at du er Guds Heilage (v 68-69). Altså Messias, Guds Son,

Brør og systre! Vi er alle kalla til å vedkjenne den fullstendige katolske trua! Kanskje blir vi ikkje martyrar, men i vår tid er det vårt kall å vere confessores, vedkjennarar! La det bli tydeleg kva du står for, kva du trur på. Vi kan ikkje overlate formidlinga av trua til prestane og og ordensfolket. Som katolsk kristen er du døypt og ferma til å vere apostel, og dermed til å vedkjenne den apostoliske trua, trua på han som er Guds Heilage og som har det evige livs ord! Ein diskret, anonym og pynteleg katolsk eksistens tar ikkje høgde for det som trengs i dag. Vi skal ikkje prakke trua på andre, men, sant å seie, trur eg ikkje det er den store risikoen for oss som er her.

I grunnen er det berre å vite kvar du sjølv står, kva som ber ditt liv. At du, trass alt, kan seie: -Dersom eg skulle forlate Kristus; kven skulle eg gå til? Han har det evige livs ord!

Som vi song i den bibelske inngangssalmen i messa: Herre, du er mitt vern/i din ære finner jeg all min kraft!”


1 Response to “homiletica: 20. sundag i det allmenne året, 16/8-09, St Dominikus krk, Joh 6, 51-58”


  1. 1 Ståle
    august 18, 2009 ved 12:23 pm

    Dette var en god preken, hjertelig takk.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: