Arkiv for oktober 2011



12
Okt
11

officium: onsdag, 28. vike i det allmenne året, sak 3,1 – 4,14 (matutin)

«På ein einaste dag vil eg ta bort den skuld som kviler på dette landet» (3,10)

«På ein einaste dag». Gud let oss ikkje «krype til krossen». Bota skal vere grundig, men så snart det viser seg at vi verkeleg vil kome til han, skjer det fort. Om det bortkomne sonen står det: «Medan han endå var langt borte, fekk faren sjå han, og han ynkast inderleg. Han sprang i mot han, kasta seg om halsen på han og kyste han» (Luk 15,20f). Og så, til tenarane: «Skunda dykk! Finn fram dei beste kleda og ha på han..»

Det er om å gjere for Gud å kome oss i møte. I eitt, stort grep gjer han alle ting nye. Ingen ting blir som før.

Reklame
12
Okt
11

officium: tysdag, 28. vike i det allmemenne året, sakarja 1,1 – 2,4 (matutin)

«Med miskunn kjem eg att til Jerusalem» (1,16)

Guds historie med folket sitt, med oss, går i svingar, med framrykkingar og tilbakedraging og ny framrykking – ikkje beint fram. Ikkje fordi Gud er usikker, men fordi vi er det. Vi fell av, vik bort, nølar, tek våre eigne vegar, gjev opp undervegs. Er det i det heile eit mogeleg prosjekt å forbli i Guds plan, å gjennomføre sitt kall og sittl liv?

Det er mogeleg fordi Gud ventar på oss, hentar oss inn att, prøver igjen. Han er ein Gud som «kjem att». «Atter ein gong..», «endå ein gong» (1,17).

I dag også.

10
Okt
11

officium: måndag, 28. vike i det allmenne året, haggai 2,10-23 (matutin)

«Men no, legg merke til det som hender frå denne dagen og frametter!» (v 15)

Guds notid, «denne dagen» – når tida ikkje berre er «meir av det same», men ber i seg noko nytt.  I djupet av natta – matutinen blir vanlegvis beden om natta – blir den nye dagen født. Natta er alt morgon i den bibelske tidstanken. Morgongryet er der før du ser det.

Kvar dag er eit under, og vi skal speide etter det nye som ventar oss i timane som fylgjer. Kvar dag har ein bodskap til oss. Nokre dagar er meir avgjerande enn andre. Det galdt om den tida profeten tala inn i, og det kan gjelde for den dagen som kvar av oss møter i vår notid. Brått høyrer vi Guds røyst: «Legg merke til det som hender frå denne dagen og frametter…» Tida og livsløpet ditt er ikkje noko mekanisk, men noko profetisk.

Sjå opp, så får du sjå handa som held deg. Lytt, så høyrer du han som seier: «Frå i dag vil eg velsigna» (v 19).

09
Okt
11

diversa: Natthymne

Ei omsetjing, via fransk, av ein tekst frå natt-officiet (tidebøna, matutin, om natta) i Sinai-klosteret, frå om lag 1000-talet. Ein «ideolmèle»; ein hymnisk tekst, sungen på «sin eigen melodi»:

Syn meg di miskunn, Meistar og Herre,

og reins sjela mi for vondskap.

For du er full av medkjensle, du, den einaste Gud,

og du er Meistar for livet og for døden, å Kriste!

Tilgjev meg, så lenge eg lever,

utfri meg frå dei hisidige prøvingane,

for du er uåtskiljeleg eitt med din Fader,

og med Anden som vert tilbeden samstundes med deg:

Syn meg den uåtskiljelege Treeininga,

slik at eg kan lovprise din herlegdom i Einskapen.

Gjev meg, du Menneskeven, å tilbringe resten av natta i fred,

akt meg verdig til å nå heilt fram til daggryet

så eg då kan love ditt namn,

for deg tilhøyrer ære og tilbeding,

i alle æver. Amen.

Kom, alle trugne, lat oss tilbe

Gud, den allmektige Meistaren,

og den Eine, avla av den Eine,

Sonen som er av same grunnhått som Faderen,

slik også Anden er med-evig og uskiljeleg frå

den ufattelege Faderen.

Èin Gud i tre personar,

han som  dei himmelske Maktene feirar,

han som Kreftene, Fyrstane og Herredøma

tener, kastande seg ned for han;

Kjerubane og Serafane med uteljande augo

ber fram «Heilag, heilag, heilag»-hymna,

skaren av patriarkar og profetar

og det heilage apostelkoret,

saman med Guds Mor og martyrane

bed om avløysing for alle våre synder,

til deg, du Udøyelege og Medlidande,

for oss som syndar her på jorda,

så vi kan finne nåde og miskunn

på gjengjeldingsdagen.

Å høgheilage Treeining, sameint i eitt vesen,

skil oss aldri frå di miskunn,

men send denne di miskunn til jorda,

du som sårar, og deretter lækjer,

for deg tilhøyrer ære og tilbeding

i alle æver. Amen.

Kom, lat oss falle på kne; kom lat oss bønfalle han som Englane og Erkeenglane prisar. Himmelkreftene, Tronene, Herredøma, Fyrstane og Maktene tener Gud, Den Himmelske Faderen, den sam-evige Sonen

og den høgheilage Anden, Talsmannen, som Kjerubane herleggjer utan kvild, han som Serafane løyner sitt andlet for.

Profetar, apostlar og heilage martyrar: Bønfall den einaste Menneskevenen, den einaste Medlidande, og be om avløysing for alle vår sjels synder,

slik at vi kan gjerast verdige til å stå fram på den yttarste dagen utan å bli  fordømde,

og silk at vi kan høyre Frelsarens røyst seie til oss: «Kom, de velsigna borna åt Far min, og ta i arv det som er førebudd for dykk frå æva av: Guds Rike»,

så vi då kan syngje ei sigershymne til han som er vår domar: Menneskevenen!

08
Okt
11

officium: laurdag, 27. vike i det allmenne året, 1 tim 6,11-20 (matutin)»

«Kjære Timoteus, ta vare på det du har fått overgjeve» (v 20)

Kyrkja lever av overleveringa, av tradisjonen. Gjeven av Kristus til apostlane, overlevert vidare gjennom generasjonane, i Skriftene, i trusvedkjenningane, i liturgien, i ordninga av kyrkja. Særleg den som er hyrde og lærar, episkopos (biskop),  som Timotus, har som oppgåve å «ta vare på».

Trus-arven, depositum fidei, skal gjevast vidare, i forkynning, i undervising, i avgjerder, i rettleing – og i sjølve det livet vi lever. Vi finn ikkje opp trua på nytt i kvar generasjon. Vi deler de vi har motteke.

08
Okt
11

officium: torsdag, 27. vike i det allmenne året: 1 tim 5,3-25 (matutin)

«Den som verkeleg er enkje og står åleine, ho har sett si von til Gud og lever i bøn og påkalling dag og natt» (v 5)

Alt  dei apostoliske pastoralbreva ser vi ei vigsla livsform stige fram. Enkjene  er ferdige med det familiære livet og kan heilt og fullt tene kyrkja og Gud. Tydelegvis også med ein lovnad: «..den lovnaden dei fyrst gav om truskap», nemleg om  å leve som ugifte vidare.

«Enkjene» er ein institusjon, eit kyrkjeleg kall. Vi kjenner att det monastiske livet (klosterlivet); i sølibat, i bøn, i teneste. I bakgrunnen ser vi Simeon og  Anna Fanuelsdotter i templet. Eller profeten Elias og Johannes døypar. Det kontemnplative livet, heilt fokusert på det komande, messianske riket. Denne livsforma og nådegåva er uoppgjeveleg for kyrkja til alle tider.

05
Okt
11

officium: onsdag, 27. vike i det allmenne året, 1 tim 4 (matutin)

«Gjev akt på deg sjølv og lærargjerninga di» (v 16).

Timoteus er biskop og er såleis «hyrde og lærar» i si lokale kyrkje.  Den personlege integriteten og kvaliteten høyrer uløyseleg saman med sjølve den aktive gjerninga. Timoteusbreva og Titusbrevet  blir kalla pastoralbrev fordi dei handlar om livsførsla og arbeidet til presbytarar, biskopar og diakonar.

Den som fører eit embete i kyrkja, skal gje akt på kva han seier og lærer, men òg på kven han er og kva han gjer. Arbeid og liv er eitt.

05
Okt
11

poetica: oktober

OKTOBER

Det bleike ljoset

haustdagen

overblikket

 

tankane er tenkte

gjerninga gjord

åkeren hausta

 

eg vedstår meg livet

alt blei tydeleg

 

eit større land

stig fram

   

(Ved Øyern, 5/1o-11)

03
Okt
11

officium: måndag, 27. vike i det allmenne året, 1 timoteus brev 2 (matutin)

«Be for kongar og alle som er i høg stilling, så vi kan leva eit stilt og roleg liv i gudsfrykt og vinna vørdnad» (v 2)

Dei fyrste truande hadde ingen illusjonar om å overta makta eller spele ei dominerande rolle i imperiet og det antikke samfunnet. Påverknaden skulle kome gjennom den kristne livsferda – som òg synte seg som rettskaffen livsferd i samfunnet.

Omsuta for samfunnet skulle særleg syne seg i forbøntenesta. Feiringa av evkaristien omfatta også dei truande si felles forbøn, oratio fidelium. Her utøvde dei døypte sitt kongelege prestedøme og sameina sine forbøner med Jesu Kristi øvsteprestelege forbøn, han som «alltid lever og går i forbøn for oss». Nettopp som mellommannen, forbedaren, er han nærverande i messa.

Det er eit enormt behov for forbøn i samfunnet rundt oss. Når kyrkja er samla, slik ho framstår som eit offentleg Guds-folk og som Kristi kropp i liturgien, skulle vi verkeleg bere verda og menneska fram for Gud, i Jesus Kristus.

Det ville vise.

 

01
Okt
11

officium: laurdag, 26. vike i det allmenne året, fil 4,10-22 (matutin)

«Alle dei heilage helsar dykk, mest dei som er i teneste hjå keisaren» (v 22)

Dei truande i Roma, kyrkja i keisarbyen… «i teneste hjå keisaren. Dette er et av dei orda som plutseleg får dei nytestamentlege tekstene til å rykkje oss inn på livet. Ikkje berre det eksotiske Orienten, men vår eigen verdsel,vår eigen kulturkrins, vår historie.

Dei kristtrugne var etterkvart overalt. Før kyrkja vart offisiell religion, før ein fekk innflyting på lovene og på rikssstyret. Berre eit nærvere der eins eige liv og eins eiga ferd var det som bana veg for trua. Kvar vike, på dagen for Den uovervinnelege sol, Sol invictus, møttest kyrkja, diskré, i eit romersk hus, for å feire evkaristien, messa. For då var det Herrens dag, og han var nær som er Kongen over kongane og Herren over herrane.

Grytidleg. For dei måtte vere på plass i rett tid i keisarpalasset, eller ein anan stad.  I verda – vår verd – men eigentleg som borgarar av eit anna rike.




kategoriar