23
Okt
11

nota bene: Bibel rett på sak

Fyrst publisert i Dag og Tid (kommentar), fredag 21/10-11, à propos den nye bibelomsetjinga…

Ny bibelomsetjing – det er både eit kulturelt og kyrkjeleg landemerke av dimensjonar. På mange måtar er det grunn til å helse den nye omsetjinga hjarteleg velkomen.

Ikkje minst fordi ein har gått bort frå det såkalla idiomatiske omsetjingsprinsippet som låg til grunn for den førre (1978), der ein la vinn på å omsetje heile meingssamanhengar heller enn ord for ord. Det var velmeint, men vel skulemeistaraktig. Det blir forståeleg, men i det lange løp veit ein ikkje lenger kva ein skal forstå. Det vil alltid trengast teologiske og filologiske fagfolk, eksegetar, forkynnarar og formidlarar, og lesaren sjølv har bruk for å fundere litt, og for noko å vekse seg inn i. Når ein no har vendt tilbake til ei meir ord-nær omsetjing, kjem vi nærare inn på stoffet.

Dette medfører også at teksten blir tøffare. Omsetjarane har ynskt å la både einskildord og forteljingar stå fram med mindre polstring og sminke. Dei har ynskt å gje oss ”ein meir usminka bibel”, seier dei sjølve. Det er  bra for alle partar. Dei bibelskeptiske slepp å kjenne seg lurte av kyrkja – og dei som i dag søkjer trua og vil snuse på dei heilage tekstene, er stort sett langt meir tiltrukne av ei tru med konturar og utfordringar enn av slapp, verbal og telogisk velling.

Bibel-lanseringa bør gje alle eit høve til å oppdage kor tett desse tekstene og forteljingane er innvevde i kulturen og samfunnet vårt; åndeleg, litterært, estetisk, etisk og sosialt. Bibelhistoria er menneska si historie, ja, vår personlege historie. Historia om opphav, meining, svik, fall, tilgjeving og oppreising, om krig og fred, jubel og fortviling. Bibelen har også skapt mykje av det symboluniverset og den førestellingsverda vi operer med: Himmel og helvete, englar og demonar, helgnar og profetar, ørkenvandringar, paradis og lova land.  Denne symbolikken finn du i populistiske og kitsjy utgåver likesåvel som i akademiske og høgkulturelle. Bibelen er verkeleg ”common ground”! Ja, tek du bort bibelske vendingar og allusjonar, blir det ikkje ein gong lett å banne. Reint ateistiske eidar er ikkje særleg skræmande. Med Bibelen blir både røykjelsesangen og svovelstanken borte frå kulturen.

På eitt avgjerande punkt er eg kritisk til den nye omsetjinga: Val av nynorsk-normal. Her har Lomheim-nynorsken skora for mykje. ”Håper”, ”fryktar” og ”lys” kunne vi unngått i ein representativ tekst som den bibelske. ”Sørgjer”, ”ønskjer”, ”bølgjer”, istaden for ”syrgjer”, ”ynskjer”, ”bylgjer” osv, legg føringar for framtidig nynorsk som hadde fortent meir diskusjon, spør du meg.

Elles er det berre å seie som den hl Augustin: Tolle, lege. Ta og les!


3 Svar to “nota bene: Bibel rett på sak”


  1. 1 solveig
    oktober 23, 2011 ved 7:28 pm

    Gleder meg til å lese i denne nye utgåva! Veldig bra å ha fått ein meir ord-nær omsetjing. Og fin tekst frå di hand! (Slutten med poenget om korleis det ville vere om vi måtte banne ateistisk var bra, fekk meg til å tenkje på det rike bannskapsrepertoaret som var på Sunnmøre før, og sikkert forsatt i ei viss grad. Lurer på om språkforskarar har gjort noko for å kartlegge og forklare det? – huskar vagt ein del spesielle ord ein kunne høyre rundt seg, med dei passar seg ikkje å gjenta i denne bloggen din!) Trur ellers vi treng både røykjelsesangen og svovelstanken (av og til), men luktesansen har dessverre dårlege kår i den antiseptiske, luktfiendlege kulturen vår!

    • oktober 23, 2011 ved 9:26 pm

      À propos bannskap på Sunnmøre: Ein fiskeskipper og alvorleg kristen frå Hareid fekk noke tungt nedover tæne ei gong – og brende til med nokre sterke ord, for han å vere. Mannskapet såg litt forundra på han og sa: -Men banna du??.. -D’e i slike anledninga det ska brukast , svara han. : )

  2. 3 homo viator
    oktober 26, 2011 ved 6:36 pm

    Isaiah 7.14

    The Hebrew word rendered “virgin” is almah. It is the only biblical word that truly signifies a virgin. Prof. William Beck, who researched this matter with great precision, declared 1 :
    I have searched exhaustively for instances in which almah might mean a non-virgin or a married woman. There is no passage where almah is not a virgin. Nowhere in the Bible or elsewhere does almah mean anything but a virgin.”
    Robert Dick Wilson, the incomparable Hebrew scholar who was proficient in forty-five biblically-related languages, declared that almah “never meant «young married woman,’” and that the presumption of common law is that every almah is virtuous, unless she can be proved not to be 2 .

    Even the Jewish scholar, Cyrus H. Gordon, who made some of the archaeological discoveries at Ras Shamra, conceded 3 that recent archaeological evidence confirms that almah means “virgin.”

    The notion that almah merely signifies a “young woman” was first argued 4 by the anti-Christian Jew, Trypho, in the mid-second century AD
    ????????


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: