16
Okt
11

nota bene: Tomrom

Fyrst publisert i spalten Signert, Klassekampen 15/10-11…

Eg såg nyleg Joachim Triers film: ”Oslo.31 august”. Eg gjekk inn på Colosseum frå gata på Majorstua, såg filmen, og gjekk ut att – og det var som eg var i det same romet heile tida. I kinosalen var eg eigentleg ute i Oslo, då eg kom ut, var eg framleis i filmen. Trier er så skjønsam og varsam at han kjem heilt inn på byen. Oslo er ikkje ein kulisse for ein serie med hendingar, men det romet vi lever i. Byen og vi, hud mot hud.

Merkeleg at ein forbarka sunnmøring og vestlending opplever dette? Ja, eg blei litt overraska sjøl, men hadde godt av å forstå i kor stor grad hovudstaden og tigerstaden også er min by. Trier hjalp meg til å vedgå  min blyge kjærleik til Oslo. Fordi byen sjølv, mitt i storbyståket, er ein blyg by. Bergensarar er meir patrtiotiske, og meir rappkjefta,  høgrøysta og tydlege. Eg har budd der lenge, og du får litt nok av det. Det er ei tid for alt. Oslo er den slække byen; den late diksjonen, den melankolsk-muntre uttrykksmåten, det tilbakelente, diskré sjølvmedvitet: Dette er hovudstaden, vi treng ikkje å heve røysta.

Det er nettopp fascinasjonen over Oslo som gjer det mogeleg for Trier, og for oss som ser filmen, å få kontakt med det smertefulle og vonde som også denne storbyen slit med. Den narkomane unge mannen frå Oslo vest, synleggjer sjukdomen i bysjela.  For det fyrste i sin eigen generasjon. Det ørkeslause i det vellukka familielivet så vel som den beinharde kampen for suksess i festmiljøet. Her er det verkeleg ”köttets lustan og själens obotliga ensamhet” (Söderberg) som rår. Ikkje vanskeleg å skjøne at rusen på stoff og alkohol blir ein utveg for mange. Den eigentlege tomleiken røpar seg likevel i dei bakanforliggjande miljøa, i foreldregenerasjonen og det offisielle samfunnet. Filmens suicidale hovudperson har fått ein tidsriktig og frisinna oppvekst, med foreldre som har lagt alt til rette utan utidige moralske eller åndelege føringar. Karrikaturen ligg ikkje langt unna: -Sjølmord? Så fint at du tek sjølstendige val, slik vi har prøvd å lære deg. Det er ditt liv! Slik blir ein sugd inn i denne kulturens ”black hole”. Foreldra har formidla si livskjensle til den unge mannen; og i denne er tru på Gud sjølsagt noko forkvakla og ingen option for menneske i dag. Sjølv vågar han å seie at han ikkje er så sikker på det, men han har ikkje nok nerve og motivasjon til å gjere meir med det.  Gud er død på Oslo vest.  Også terapeutane og fagfolka på mentalsjukehuset framstår som velmeinte og hjelpelause. Tomme når det kjem til stykket.

Trier avdekkjer denne atmosfæren utan å bruke store fakter.  Midt i meiningskrisa bryt også det uutryddeleg menneskeleg igjennom her og der. I humor og sjølironi, i glimt av kjærleik, venskap og ømleik. Men det festnar seg ikkje i mannen. Han er blitt ei glattcelle inni seg. I den pene, men nedmonterte  og folketomme barndomsvillaen, tek han overdosen etter eit vemodig postludium på flygelet.  Dei sterkt eksistensielle og moralske tematikkane i filmen får inga oppfylgjing. Det er berre den nakne krisa. Difor sluttar filmen også brått. Livsresursane var oppbrukte. Heilt parallelt til mangelen på etiske resursar i denne kulturen. Der alle metafysiske perspektiv er borte, kan det synast som  fridom, ansvar,  anger, død og liv blir skuggeaktige termar.  Orda for meining utover det å hevde seg i livskampen, blir borte. Ikkje meir å seie, ikkje meir å filme. Det gode med filmen er at han vågar å antyde at det er noko som manglar. Han opnar døra i Oslo-livet på gløtt så vi ser at det er tomt på den andre sida.  Vi møter ikkje berre eit isolert, mislukka tilfelle, men eit menneske som blir eit bytte både for seg sjølv og andre i den felles mangelen på meining.

Filmen viser meg , anten det er tilsikta eller ikkje, at den norske storbyen er veldig etablert i sin nyhedonistske livskjensle. Det er både noko komfortabelt og resignert over denne  kjensla. Ein urban kynisme, forsona med seg sjølv. Nihilisme à la Oslo.

Sett frå mitt synspunkt er det noko djupt tragisk over dette, men Triers film gjev ingen trong til fordøming. Berre til sorg, og ein underleg sympati.

 

 

 

 

 

 


3 Responses to “nota bene: Tomrom”


  1. 1 solveig
    oktober 16, 2011 ved 9:27 pm

    Har ikkje sett filmen, og ikkje bur eg i Oslo, men temaet sjølmord fekk meg til å tenke på denne kloke og modige kronikken, skriven av ein kollega av meg i Bergen som miste sonen sin då han tok sjølmord 20 år gammal. Kjenner også ein mann som for ikkje så lenge sidan tok livet sitt – filosofisk reflektert og tilsynelatande stabil, og eg kan av og til fortsatt sjå han for meg på stader der han gikk, og kjenne sorg, og sinne. Må nok sjå denne filmen.
    Her er kronikken: http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/article1445786.ece

    • oktober 17, 2011 ved 7:20 am

      Takk for link til ein svært god kronikk! Eg er samd med i at det er feil å sjukleggjere sjølvmordet, generelt. Mennesket har sin fridom. Men eg er usamd med kronikkøren i at ei slik fri, eksistensiell handling er moralsk rett enn seie høgverdig. Om ho ikkje meiner det, er det i alle fall litt utydeleg i teksten. Orsak om eg les feil.

      Nettopp denne «kloke» tilnærminga kan samstundes vere ein fåre. Ein vaksengenerasjon som ikkje tek stilling, skaper lett det nihiistiske vakuumet som kan ligge bak suicidet. Kanskje fordi den som vel det, har større mot/evne til å ta konsekvensar enn andre. Samfunnet vårt hyser, etter mi meining, nihilistiske haldningar samstudnes som ein (heldigvis, får vi seie) ikkje gjennomfører tomleiken. Dessverre er det nokon som gjer det, som tar den nihilistiske støyten (som i filmen), for å seie det slik.

      Kronikkøren – mora – tek opp noko av det viktigaste heilt på slutten: -At nokre ikkje vil/maktar/kan opne seg for nokon om det som er vondt, eller om sjølve kjensla av det meiningslause. Å vere evnerik, sosial, engasjert, velfungerande er nettopp ikkje alt. Som Salmen seier: -Det er ingen som spør etter mi sjel.

      Dei som tek livet sitt, som fri og overlagt handling, betaler på mange måtar prisen for meiningstomleiken i storsamfunnet.

      • 3 solveig
        oktober 17, 2011 ved 10:23 am

        Eg trur ikkje ho meiner at ei slik handling kan vere høgverdig isolert sett, for den som tek det ekstreme valet er alltid del av noko større enn han/ho sjøl, som tek skade. Men å vise til Antigone er ein ikkje-psykiatrisk måte å nærme seg det forferdelege på som legg vekt på ansvaret for eige liv og fridomen som kvar enkelt har, samstundes som det nok kan gjere det uforståelege meir forståeleg. Nihilismediagnosen både din og Camus´ trur eg er treffande. Ein er i det nihilistiske tomrommet når ein (manisk kanskje) har fått det føre seg at ein sjøl åleine må skape meining, om noko meiningsfylt i det heile tatt skal kunne vere, og så, som Vigdis seier, kan ein finne sjølve det å skulle skape meining i seg sjøl meiningslaust, i alle fall uendeleg tungt, og døyver med rus eller i verste fall den frivillige døden.
        Sinnet ein kan føle når nokon ein kjenner har teke eit slikt ekstremt val har vel å gjere med at det i ein viss forstand også impliserer at ein har redusert seg sjøl til det/den einaste som betyr noko; den ekstreme egoismen altså. Og ekstrem egoisme er i alle fall ikkje heroisk.
        I ein kultur der – med Nietzsche – Gud er død, er vel tomheten – den radikale – der alltid som ei muleg side ved livet. Filosofen i meg seier at det viktige då er å prøve å vise at individet aldri er alt, at det (per impossibile) åleine er ingenting, at det alltid er noko som allereie er gitt oss – før vi sjøl kan velje, som vi (meiningsfylt) er i. Den innsikta må til for å overkome nihilismen. Men dette i seg sjøl er sjølvsagt «tynt».


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: