26
Nov
10

officium: fredag, 34. vike i det allmenne året, 2 pet 3 (matutin)

«Men vi ser fam til det han har lova: ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur» (v 13)

Peter har åtavara og oppmuntra dei truande, eit alvorleg perspektiv er opna opp; historia og verda går mot ein ende, den siste, store krisa, den universelle domen når Herren kjem att. 

Men over desse mørke skyene ser han sola stå opp og ljoset stråle fram. Målet er ikkje undergang og kaos, men ei ny verd og ein ny verdsorden; «ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur». Himmel og jord – det er det bibelske omgrepet for kosmos, for universet. Rettferd – det er summen av alt godt, rett og sant; Gudsfreden som til sist skal omfatte alt. 

Vi må gjennom krisene. Men krisene er ikkje det siste. Korkje i verdshistoria eller i vår personlege historie.


2 Responses to “officium: fredag, 34. vike i det allmenne året, 2 pet 3 (matutin)”


  1. 1 Solveig
    november 26, 2010 ved 9:23 am

    Krigen er alle tings far, sa Heraklit, som kan tolkast dithen at det er kriser og konflikter som skaper utvikling (kulturell, personlig, eller på anna vis). Etter den endelege forsoninga, når alt skal vere godt, kjem ein ikkje til å sakne motstand, friksjon? Eg spør fordi eg ikkje klarer å forestille meg korleis ein slik tilstand av ro ville vere, kanskje fordi eg er ei urolig sjel..

  2. 2 Herman
    november 26, 2010 ved 5:24 pm

    Vi får bare håpe at dagens eksisterende tradisjoner ikke tar skriftens ord bokstavelig og regner med at vi bare kan «bruke opp» denne kloden og dra videre til den neste..!

    Hilsen Herman


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: