30
Nov
10

homiletica: 1. sund i advent, st dominikus krk, matt 24,37-44

Kjære brør og systre!

Advent handlar om Jesus Kristi gjenkomst; adventus domini, Herrens parusi, hans tilsynekomst. Han kom og tok på seg ein tenars skapnad; vart som ein slave, lydig til døden, døden på ein kross. Han skal kome igjen. Amen. Han skal då kome i sin herlegdom, i si kraft, si allmakt, sitt kongelege velde; då skal alle kne bøye seg for han – i himlen, alle englane; på jorda, alle menneske; i djupet, alle demonane og maktene. Og alle skal sanne: Jesus Kristus er Herren, til Gud, Faderens ære. For ein dag det blir! Den dagen kjem; det er sikrare enn alt, jamvel sikrare enn døden, som vi elles reknar for det sikraste av alt; for Messias kjem att midt i livet, midt i den daglege donten: Som vi høyrde:

To menn kan være ute på marken og den ene blir tatt med, mens den andre står igjen; to kvinner kan være i ferd med å male korn, og den ene blir tatt med, mens den ene står tilbake. Så våk da!

Slik skal det vere i ”Menneskesønnens dager”. Det er slik Jesus omtalar dei siste dagane for verda, dei siste dagane av tida, av historia. Han kalllar seg Menneskesonen – som nettopp er ein gamal jødisk tittel på ein himmelsk figur som opptrer i endetida, det er ein messiastittel, som nettopp står for hans guddom, slik vi les hos profeten Daniel:

Så såg eg i nattsynene mine: Sjå, med himmelens skyer kom det ein som var lik ein menneskeson. Han gjekk bort til den gamle av dagar og vart ført fram for han. Han fekk herredøme, ære og rike…Hans velde er eit evig velde, det skal ikkje forgå; hans rike skal aldri gå til grunne (Dan 7,13ff).

Brør og systre!  Mange kristne, ikkje minst i dei etablerte, gamle kristne landa i Vesten, har eit noskå svett og forlegent forholdt til dette, til bodskapen om Kristi kome i glans, til at denne verda, dette sæculum, skal ta slutt, at Guds rike skal bryte inn. Kanskje fordi vi er blitt så altfor bundne til denne verda? Kan vi få det betre enn her? I den gamle liberalteologien vart alt guddomleg med Jesus plukka bort; alt som blei igjen, var noko som likna mest på ein velfrisert, tysk, religiøs humanist. Seinare oppdaga den nytestamentelege forskinga at Jesus framstod i si samtid som ein apokalyptisk profet, ein endetidsprofet; ein som forkynte ei ny verd og samla seg eit folk – eit folk av alle som trudde på han og som ville fylgje etter han. 

Det var denne trua som gav martyrane mod til å vitne om han heilt inn i døden og vedkjennerane mod til å vedkjenne.  Det er denne trua som kling gjennom heile den evkaristiske liturgien; Din død forkynner vi Herre, og din oppstandelse lovpriser vi, inntil  du kommer! (akklamasjonen etter innstiftingsorda). Det er denne trua som gjer at nokon lar sitt liv bli teikn på det riket som skal kome, der ein ikkje lenger skal ’ta til ekte eller gi til ekte, kjøpe eller selje’. Difor går dei bort og sel alt dei eig og gjev det til dei fattige. Anten det er sølibatet eller den evangeliske fatigdomen – det skal vere teikn på ei anna verd, på ein annan målestokk.

Mange vil hevde at å vente på det komande Guds rike, tek bort engasjemenet og omsorgen for denne verda og for samfunnet her. Eg trur det er omvendt. Berre den kan endre verda som er fri, som ikkje sit fast i henne opp til øyrene, berre den kan endre verda som har eit fast punkt, eit fast punkt utanfor alt som kjem og går, oppstår og forgår.

 

Brør og systre! Det er på tide å klare synet. Alt eg balar med, alt eg kjempar med det kjem på plass når eg ser at eg skal gå i møte med min Gud! Bu deg, Israel”, seier profeten Amos, bu deg til å møta din Gud”, (4,12). Når eg skjønar det, er det mykje eg kan greie meg utan, mykje eg kan halde ut, mykje eg må ordne opp i. Ikkje seinare, men no. Kristendomen er ikkje eit livssyn, kyrkja er ikkje ei  dennesidig klubb – vi trur på han som skal kome med nye himlar og en ny jord. Han som alt no møter menneske, i dag som då orda i evangeliet lydde den fyrste gongen; eit ord forkynt i hast, til å bli motteke i hast. Liksom Israel skulle ete påskemåltidet i hast, med ombunde lender. Når Gud talar, når Gud handlar, må du vite kva du vil, må du har tenkt over livet ditt.

Han seier: Eg kjem snart! og kyrkja svarar som alltid: Maran atha! Kom, Herre, Jesus! Mange ventar deg ikkje, alt går som før, seier dei. Men vi veit at du kjem, at du skal kome til syne; vi ventar deg! Kom, ja

kom, konge, konge, kom i morgenglans/og gjør en ende bratt/på jordens mørke// Tenn den dag/som aldri mer blir natt!


0 Responses to “homiletica: 1. sund i advent, st dominikus krk, matt 24,37-44”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: