10
Nov
10

officium: onsdag, 32. vike i det allmenne året, Daniel 5 (matutin)

«Dette er det som var skrive: mene, mene, tekel ufarsin. Og såleis skal orda tydast:… Vegen er du på vekta og funnen for lett» (v 25-26)

Skrifta på veggen til kong Belsasar; tydd av den vise Daniel. All anna skrift må vike når Gud skriv. Alt vi skryt av, alt vi talar lett om, alt som ikkje har sanninga i seg. Det er sanninga som gjev vekt til orda våre og til heile vår personlegdom. 

Gå til skriftemålet. Sei det som det er. Som du er. Skriv på Guds vegg – før han skriv på din.

Reklame

8 Svar to “officium: onsdag, 32. vike i det allmenne året, Daniel 5 (matutin)”


  1. 1 solveig
    november 10, 2010 ved 9:58 pm

    «skriv på Guds vegg – før han skriv på din». kva betyr dette å skrive først? Er det alltid negativt om han skriv først?
    Ofte er det sånn at orda treng tid til å forme seg og at ein treng å lytte og tie. Men dette viser vel til ei bibelhistorie eg berre vagt huskar. Er det forøvrig mulig å skrifte også for dei som enno er i lytte-tie-undre seg-søke-stille forsiktige spørsmål fasen?

  2. november 10, 2010 ved 11:04 pm

    Takk for spørsmål! Ein bør helst lese heile tekstavsnittet i overskrifta, før ein les det korte verset/utdraget og kommentaren. Når Gud «skriv på veggen» til babylonarkongen er det eit uttrykk for at Gud syner han sanninga, kongen får «sjå skrifta på veggen». Når vi skriftar, tek vi oppgjeret på eige initiativ; vi erkjenner kven vi er. Det var det Belsasar ikkje gjorde. Han levde på illusjonar. Han hadde inga tyngde. Til slutt blei han konftrontert med det.

    Alle kan kom til skriftestolen og betru seg. For å motta avløysinga, «formelt», må ein vere katolikk dersom ein skriftar for ein katolsk prest. Men ein kan snakke ut om alt, og teieplikta til presten gjeld, absolutt, for alle.

  3. 3 øystein
    november 11, 2010 ved 6:58 am

    ok, men har han facebook?

  4. 4 Solveig
    november 11, 2010 ved 9:47 am

    @Øystein: synd man ikke kan trykke på «like» her inne! 🙂

  5. november 11, 2010 ved 9:51 am

    Om presten har facebook, kan han ikkje røpe noko som er sagt til han i skriftemålet. Er det grunn til å tvile på det…?

  6. 6 Solveig
    november 11, 2010 ved 10:09 am

    Det er det heilt sikkert ingen grunn til å tvile på!
    (apropos dette: las for ei stund sidan ein interessant diskusjon inne på nettsidene til tidsskriftet til legeforeninga om korvidt det er etisk sett forsvarlig for legar å vere vennar med eigne pasientar, og det vart vel enighet om at det er ok, så lenge ein ikkje utveksler intim medisinsk informasjon. I lokalsamfunn rundt omkring kjenner jo legane pasientane sine gjerne også privat, og som lege er ein jo ikkje berre lege, men også eit menneske i det sosiale fellesrommet!)

  7. 7 Solveig
    november 11, 2010 ved 10:09 am

    vere vennar på Facebook, skulle eg skrive…

  8. november 11, 2010 ved 1:53 pm

    Dette høyrest ut som kloke retningsliner! Teieplikt og vern om personleg integritet er viktig, både for dei som mottek personlege opplysingar og for dei som gjev dei. Når det er sagt, er kanskje samfunnet vårt i overkant engsteleg for at andre skal kjenne oss, på ein open og vanleg måte. Meir og meir tek frykt og sikringstiltak overhand.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: