21
Mar
12

homiletica: 4. sund i faste, lætare, st dominikus krk, joh 3,14-21

Kjære brør og systre!

Lætare – ”Gled deg,  du Sions dotter”!(Jes)  ; det er introitusverset på denne sundagen midt i fasta. Når vi går bota sin veg, skal vi minnast om målet: Om frelsa i Jesus Kristus. Vi søkjer frelse og nytt liv fordi vi veit at frelse finst, at det er von, at det er mogeleg å fornye sitt liv!  Gleda i Bibelen, i Israel, er ikkje berre gleda over livet, over at Gud har skapt oss og held oss oppe; det er aller mest ei glede over Guds frelse. Med frelsejubel omgjev du meg,  syng Guds folk  i ein av sine salmar.

Jesus Messias er prest, konge og profet, og i alt dette, gjennom alt dette er han Frelsar. Salvator mundi. Verda sin frelsar. Iesus Hominem Salvtor, Jesus, frelsaren for menneskeslekta.

Slik presenterer han seg sjølv i dag:

Som Moses reiste slangen i ørkenen, slik skal Menneskesønnen bli løftet opp – for at hver og en som tror, ved ham skal få det evige liv i eie, høyrde vi, og så kjem dei kjende orda:

Så høyt har Gud elsket verden, at han gav sin egen Sønn til pris – for å frelse fra undergang alle som tror på ham, og gi dem det evige liv i eie.

Men ”frelse”? Kva er det? I Skrifta og tradisjonen, i liturgien og i heile kyrkja sitt skattkammer er det klart: Det er utfriing frå synda, døden og djevelen. Det er bli fri frå Guds vreide og indignasjon over vår urett– og å ta i mot forsoning, nåde, ettergjeving, tilgjeving. Det er å bli tatt ut av dødens famntak og få del i liv og udøyelegdom for kropp og sjel. Det er å få del i evig liv og ikkje fortapast  på den yttarste dagen; ikkje bli mist og forfeila for evig.

Er det ikkje som vi krympar oss, som norske kristne, når vi må ta desse orda til oss? Ord som kyrkja forkynner for oss på vegner av Jesus Kristus.  Dei gjer oss forlegne, dei har mist sitt tak på oss. Glede over frelsa? Det er berre noko for simple prostestantar. Det høyrest så fjernt og uverkeleg ut. For vi gode nordmenn og –kvinner synest så ferdige med alt dette.  Ja, eg kjenner at eg må ta meg kraftig sammen i denne pene forsamlinga for å våge å seie det, eller rett og slett sitere det. Frelse? er ikkje det noko berre for simple protestantar? Eit evig liv? Er der noko etter døden? Og i så fall –  ikkje ein dom, ein evig eksistens som frelse eller undergang.  Ingen grunn til å vere uroleg her til lands..

Jesu ord seier noko heilt anna. Han kom, sa han,  for å frelse fra undergangen alle som tror på ham.   Han kom ikkje for å besegle domen over oss, men for å gi oss ein sjanse, for å forkynne frelse og redning. Gud sendte jo ikke sin sønn til verden for å fordømme den, men for at verden skulle bli frelst ved ham. Og nettopp difor: Den som tror på ham, blir ikke dømt, men den som ikke tror, er allerede dømt.

Det heilt avgjerande er faktisk  korleis mennesket stiller seg til Jesus Messias. Så uforståeleg, så påståeleg. Men han seier at han er Lyset som er kommet til verden, og menneskene valgte mørket fram for lyset.

Jesus fører mennesket til møte med seg sjølv, gjer at vi møter oss sjølve. Han utfordrar og pro-voserer, fram-kallar, vår instinktive trang til å skjule oss, til å leve bak Guds rygg.  Ja, bak ryggen på kvarandre, bak ryggen på sanninga.

Vegen til gleda, brør og systre, den ligg i å handle som sannheten byr… å komme fram i lyset. Ljoset dømer og avslører, men det leger også, for det lar oss også sjå det som er godt, det som gir liv: At alt er oppgjort, at alt er overvunne, at vegane til Gud er opna, at vi kan reisast opp frå vår fornedring, vår løgn, vår fortviling – ved å sjå opp på Slangen i ørkenen, opp på Jesus på krossen, sjå opp på han i hostien og i kalken, sjå på den sigrande Menneskesonen, han som er sterkare enn alt som vil knuse oss, kue oss og forkaste oss.

Brør og systre! Det norske mennesket treng å sjå djupare inn i realitetane, kva som kan true oss og kva som til sjuande og sist kan hjelpe oss. Veldige krefter kjempar om oss, eksistensen vår er eit evig drama, ikkje berre ein jordisk karriere. Frelsa – det er det som grip heilt inn i denne eksistensen, dette dramaet, og lyfter oss ut av destruksjonen.  Glede – det er å skjøne at dette er noko vi verkeleg kan få del i; at det er denne frelsa vi feirar og forkynner nettopp i messa.  Her er livet, her er legdomen, her er Jesus!

Bror og syster! Alt kan synast tapt, forbrote, umogeleg, slik templet, sjølve nærveret av Gud og det gode, var øydelagd og borte for Israel; ja, folket sjølv var fordrive og utan von. Då handlar og talar Gud gjennom kong Kyros, slik han talar til oss i dagens lektie (2  Krøn 36,14-23),  og kallar oss heim frå det vonlause og destruktive og fortapte  og seier:

Nå kan dere dra tilbake!

No byrjar vi på nytt!

 

Reklame

0 Svar to “homiletica: 4. sund i faste, lætare, st dominikus krk, joh 3,14-21”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: