20
Mar
12

nota bene: Ateistkvoten

Fyrst publisert i Signert-spalten, Klassekampen, laurdag 17/3-12…

Det ville undre meg om ikkje ei sosiologisk gransking stadfester mitt allmenne inntrykk: At leiarsjiktet i det norske samfunnet er overvegande ateistisk, eller noko som liknar. I akademia, i media og i forfattarlauget er det sjeldan å sjå nokon presentere seg som truande. På toppen i næringslivet verkar også trua nokså fråverande.  Eg tenkjer ikkje på privatiserte, personlege tankar og haldningar, men på offentleg, vedkjend tru og praksis.

Sannsynlegvis avspeglar dette noko av trua si stilling i samfunnet som heilskap; toppateismen ligg nok likevel i overkant av den folkelege.

Tru eller vantru – det bør sjølsagt vere fritt val. Men det er ikkje bra dersom vi har å gjere med politiske og kulturelle disiplineringsmekanismar. Det hender at universitetsfolk blir truande, til og med katolikkar, og det er forstemmande å høyre om korleis stemninga på lunsjrommet og i kollegagruppa vender seg frå den eine dagen til den neste, når ein elles respektert og verdsett akademikar nesten blir idioterklært fordi han eller ho røpar si tru.

Men har vi ikkje fått ei opnare haldning til religion dei siste åra? Jau. Tydeleg trusutøvig – ikkje minst takka vere islams nærvere og aukande katolsk innvandring – er i dag ein markert del av samfunnsbiletet, og religion er utan tvil tematisert langt hyppigare enn før. Samtidig har dette skapt sterkare brytingar og skjerpa frontane både i debatten og i dagleglivet. Richard Dawkins og hans nyateistiske misjonærar har også vind i segla. Så lenge ikkje den eine av partane prøver å presse den andre heilt ut av banen, er det berre bra at vi har fått ei friare og tøffare offentleg stemning.

Mi røynsle er at vi også har å gjere med ein generasjonsskilnad. Ingen grunn til å undre seg over at mange unge har lite tilhøve til religiøs tru; den generelle sekulariseringa saman med fjerninga av regulær kristendomsundervising i skulen kan sjølsagt merkast. Men det er òg i denne gruppa det er størst og mest fordomsfri interesse for det som har med tru å gjere. Etter mange vitjingar i den vidaregåande skulen og jamn kontakt med elevar og studentar, konstaterer eg dette – og har på same tid ingen vanskar med å førestelle meg at ei vitjing på lærarrommet ville gitt eit anna inntrykk. I det heile synest aldesrsgruppa lat oss seie mellom 40 og 75 år, å vere den som er mest etablert i sin sekularisme og og minst open for gudstru og religiøs livstolking. Dei har funne si form og er stort sett å rekne for ein ”lost” generasjon, sett frå trua sin synsstad. Unntaka lyser opp.

Det er difor eit godt stykke att før aktiv tru er normalisert og likestilt i det norske samfunnet. Dette til trass for den anakronistiske statskyrkjeordninga. Ho gjev ikkje nett det store religiøse kicket, og er etterkvart mest ei innretning som ein medvite opprettheld for å halde trua og religionen i sjakk. Nominell kyrkjemedlemskap er èin ting, men kor lett ville det vere for ein person i leiarsjiktet, til dømes ein redaktør i ei av dei viktige avisene, å stå fram som ein aktiv truande? Det er ikkje vanskeleg å tenkje seg ramaskriket som ville reise seg og innvendingane om at ein ikkje kan representere ei ”særgruppe”. Å kalle seg ateist har langt mindre kostnader og blir ofte teke som noko sjølsagt og allment. Med dei opne haldningane fylgjer det ofte ein uskriven prislapp: -Interessant at du er truande, men hugs alltid at du eigentleg er urein og bør vere takksam for vår generøsitet.

Religiøs framandgjering er kanskje endå gangbart i Noreg, men det er ikkje representativt for det internasjonale samfunnet, og er eit handikapp når ein skal forstå den verda vi faktisk lever i.

Vi treng ateistar. Men ikkje overalt.

 

 

 

 

 

 

Reklame

4 Svar to “nota bene: Ateistkvoten”


  1. 1 Solveig
    mars 20, 2012 ved 10:55 am

    At truande i visse miljø nesten blir idioterklært er vel dessverre treffande skrive:( Og mange er vel derfor skapkristne, av redsle også for å verke truande, ikkje berre irrasjonelle (bokmål: truende, i motsetning til troende). Men du har rett, interessen for religion fins der sterkt, men kanskje hos mange unge mest fordi det er (blitt) eit kuriøst fenomen, som ein til og med som student kan finne på å studere utan sjølv å ta stilling.

  2. mars 21, 2012 ved 9:19 am

    Samd i at mykje ligg det kuriøse, men det er alltid eit stadium til større interesse. Å ta eit forpliktande steg er sjølsagt meir krevjande. Fleire vil nok gjere det i framtida.

    • 3 Solveig
      mars 21, 2012 ved 9:48 am

      Interessen for religion er der i allefall, ser den i eigne studentar, i tillegg til at eg i tekstane vi les er mykje meir oppmerksam på å løfte fram det som har med teologiske spørsmål å gjere enn før. Lesestrategiane endrar seg jo avhengig av kva som ligg ein sjølv nær. Når det gjeld filosofien er det viktige å få fram at ateisme ikkje er den uunngåelege konklusjonen å ende opp med. Er vel enig med kritikarane av Gudsbevisa der. Gud er ikkje ein ting blant andre ting som det så er eit empirisk eller logisk spørsmål om eksisterer eller ikkje. Og det mysteriet at Gud er viser seg bedre i liturgien og naturen enn i tekstene, enten dei er filosofiske eller naturvitenskapelige. Wallace Stewens: «A tune beyond us, and yet ourselves»: vi treng noko meir enn oss sjøl for å vere oss sjøl. Som du veit kjenner eg poesien bedre enn Bibelen..

  3. 4 Maria E. Fongen
    mars 21, 2012 ved 9:24 am

    Skarpt observert! Av og til kan man føle seg ikke bare som idioterklært, men også som en spedalsk i det øyeblikk man flagger sin tro. Vi har en enorm oppgave i å gi allmennheten presis og adekvat informasjon om troen på Kristus. Både gjennom klok forkynnelse i ord, og gjennom tro satt ut i livet.

    Du påpeker fenomenet med en tapt trosgenerasjon, og jeg tror du har veldig rett i det. Det handler om å vokse opp i et trosstyrkende miljø eller ikke. Og noe er dessverre selvforskyldt. I etterkant av VAT II forsømte også Den katolske kirke å gi videre fromhetsutøvelsen som var allemannseie; sakramentsandakter, hengivenheten til Jesu Hellige Hjerte og Jomfru Marias Rene Hjerte, rosenkransbønnen, månedlig skriftemål, novener, kunnskap om helgeners liv og det å ty til deres forbønn, bevissthet om verneenglenes virke – mye av dette ble stuet bort, forkastet og også underkjent som «unødig fromhet». En god del er heldigvis på plass igjen i aktuell og levende form, ikke minst takket være JPIIs innføring av Verdensungdomsdager, og gjennom innvandrernes medbragte fromhetsliv. Men den viktigste vei til en levende tro går gjennom den overlevering som skjer i familiene. Å evangelisere familiene er da også en hovedstrategi Johannes Paul II og Benedikt XVI stadig har minnet oss om. Det er der Kirken har sin naturlige tilvekst. Det er der vi trenger en sterk pastoral satsning.

    Ellers tror jeg nok vi må belage oss på – og oppøve oss i – å stå i stadig mer sekulær motvind. Med friskt mot! For Kristus var ikke noe hengehode; Han gikk ufortrødent opp til Jerusalem, og gledet seg inderlig til å spise det siste påskemåltid med disiplene.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: