21
Mar
12

discursus: Næringslivet, mennesket og Gud. Næríngsliv og teologi.

Kompakt manus for føredraget på Moster amfi  i dag:…

0. Innleiing:

 

Eg byrjar med ei lita åtvaring: Vonar de veit kva de har gjort når de har invitert ein munk, tom ein tiggarmunk, som har fråsagt seg all privat eigedom, som ikkje har lov å tene pengar til eige bruk, som ikkje mottek offentlege stønader – men tilhøyerer ein kommunitet, ein klosterorden, som lever av gåver, og ikkje alltid frå dei rikaste…

Ei åtvaring også fordi det ei stund har vore populært med ’etikk-seminar’ for leiarar i næringslivet og andre høge instansar. Då kan oppskrifta lett bli, a la mykje som kjem frå Amerika: -Korleis få endå større suksses, med ein dash etikk, det kan ikkje skade. Litt etikk eller ”Gud” som ein kremtopp på kaka. Det er ein leiarkultur og ein type føredragshaldarkultur som ikkje akkurat er mi greie.

Men ei ærleg utfordring begge vegar, kan vere bra. Det vi snakkar om her, må vere noko som tek sikte på å informere våre tankar/vår tenkjing, våre haldningar/vårt samvit – og vår praksis. Kort sagt, ikkje berre eit seminartema, men ei utfordring, ein invitasjon.

Ansvaret for ein dialog mellom nærings- og arbeidsliv og teologi/tru, har sjølsagt med begge partar å gjere. Telogen og forkynnaren må ha noko skikkeleg å seie. Eg skal prøve – og baserer meg på den katolske sosiallæra: Ei samanhengande og konsistent del av den katolske kyrkja sitt syn på arbeid, skaparverk, samfunn osv… NB ikkje katolsk i smal tyding, men nettopp allment-kristent; bibelen, den kyrkjelege overleveringa og undervising gjennom tidene, framsett med vilje og mot til å stå for noko tydeleg og etterrretteleg.

1. Nokre grunnleggjande prinsipp (sosialetiske/politiske i vid forstand)

om økonomi, arbeid og samfunn

Mennesket, den menneskelege personen; målestav på  det økonomiske og samfunnsmessige feltet. Det gjeld både ’arbeidsgjevaren’ og arbeidaren. Uansett kva suksses du og ditt tiltak/ditt firma har profittmessig – om du blir eit dåreleg menneske, er det lite verd.

Suksses og framgang i verksemder skal målast på om det skaper menneskeleg utvikling, overskot, glede – både materielt, etisk, kulturelt og åndeleg.

Kva er eit menneske? Meir enn ein biologisk maskin. Meir enn eit evolusjonært produkt. Ein integrert einskap av kropp og sjel, med vilje, ansvar og fridom. Og Guds bilete, imago Dei. Med ei evig bestemming.  Bryt di verksemd ned menneske, eller byggjer det opp?

Familien.Mennesket er også eit fellesskapsvesen.  Ikkje berre stat/individ. Vi treng nærare fellesskapar, med ein annan base. Kyrkja er også ein grunnleggjande fellesskap. Vi treng fellesskapar som er mindre formale, meir fullstendige, djupe og verdibaserte. Staten/nasjonalstaten er for laus og sprikande; og for kristne/truande stundom direkte negativ/fiendtleg (jfr resrvasjonsrett-saka osv).

Eigedom – som  middel til personleg fridom; råderett over personlege resursar, ikkje negativt avhengig av andre. Men: ingen absolutt eigedomsrett. Gud er ”eigaren” og vi har alt felles! ( I naud har den fattige rett til å ”stele”).

Jfr urkyrkja – og klostervesenet.

Arbeid/kapital.  Arbeid, ein del av den mennskeleg ’verdigheten’. Både slik at eit kvart menneske er kalla til å arbeide (Paulus: ”den som ikkje vil arbeide/skal heller ikkje ete”) – og slik at samfunnet skal sjå til at det er verdig arbeid tilgjengeleg for alle. Kynisk spekulasjon i arbeidsløyse, for å halde løner nede og etterspurnad etter arbeid oppe, er umoralsk.

Moderne industri har skaffa menneske arbeid og utvikling, men har og fungert som ’slaveri’. Mennesket som rein energileverandør. Djupt fornedrande. Den ubetalte løna til arbeidsfolket ”ropar til himlen” ´, seier ap Jakob, og ”du skal ikkje la løna til arbeidaren liggje til  dagen etter. Betal straks” .

Gjennom arbeidet skal mennesket legge grunnlag for sin eksistens – og vere med på å byggje kulturen og samfunnet. Arbeidet må vere slik at denne meiniga kjem fram, at ein kan sjå noko av heilskapen, ikkje berre vere eit tannhjul i maskinen.

Ei overbetoning av arbeidet er også feil. Arbeidet som avgudsdyrking. Mennesket skal ha rom for leik, kvile, helg. Obs på helge- og fritidsarbeidet!

”Arbeidet er til for mennesket, ikkje mennesket for arbeidet”

Subsidaritetsprinsippet. At styring og avgjerder skal skje på lågast mogeleg nivå. Sikrar at avgjerder har nærkontakt med dei det gjeld. Og at administrasjon og byråkrati ikkje veks inn i himmelen, for ikkje å seie inn i helvetet… Ein viktig tradisjon i vestnorsk nærings- og arbeidsliv er den egaltære strukturen; arbeidsgjevar og arbeidstakarar frå same bakkgrunn, på same golv, dekk, kyrkje- og bedehusgolv, så vel som bedriftsgolv.

Det felles gode.  Det viktigaste politiske og sosiale prinsippet. oppgjer med tanken om at”berre eg blir rik, blir det bar for alle”, ”når det regner på presten/kapitalisten, dryp det på klokkaren/folk flest..” Du skal ha eit direkte og aktivt – ikkje indirekte og passivt – sikte på ”det felles gode”!  Personleg profittmaksimering utover det å få næringa til å fungere, er umoralsk.

Her skal det testast om vi fylgjer Guds logikk eller denne verdas.

2.Det personlege ansvaret og Gudstilhøvet.

Forvaltinga av materielle resursar, naturresursar, arbeid og kapital, har med vår personlege frelse å gjere. Alle skapargode kan bli det bestes fiende. Når dei blir eit mål i seg sjølv. Gud er menneskets mål.!

Om dette har vi tydelege Jesus-ord:

”Kva gagnar det eit menneske – ein n æringslivsleiar/ein kapitalist – om han vinn heile verda, men taper si sjel”?

”De kan ikkje tena både Gud og Mammon”; vi vil tena  og elska den eine eller den andre, ikkje begge på ein gong.  ’Mammon’ –det er våre godar, våre energiar, vår utrusting, våre resursar. Når dei blir lausrivne frå Gud, frå det gode, blir dei ein avgud, ja, ”verda sin fyrste”; Satan.  ”Kjøts lyst, augnelyst, og jag etter rikdom ”- alt slikt er ikkje av Faderen, seier apostelen Johannes.

Nokre møter og den direkte utfordringa, som den rike unge mannen: ”Gå og sel det du eig, gje det til dei fattige, kom så og fylg meg, og du skal få ein skatt i himlen!. Då gjekk det ein skugge over andletet hans og han gjekk sorgfull bort, står det. Kanskje son til ein bedriftsleiar med utsikt til arv og karriere?

Men kan vi ikkje vere rike og likevel truande? Jau, men berre så vidt! Pengane har ei makt i seg (mammon): ”Pengehugen er rota  til alt vondt”, seier Paulus; ”av kjærleik til pengar har mange lide skipbrot på trua”. Må seie at eg har sett fleire døme på det.

Kritikk av rikdom i NT: ”Ikkje mange rike…” (1 Kor).  ”Er det ikkje dei rike som utnyttar dykk og plagar dykk..?” (Jakob). Jakob er svært kristisk til rikdom – ei  tru som ikkje grip inn i livet og syner omsut for dei fattige. ”Gode gjerningar” er fyrst og fremst det. Jfr Jesu domstale: ’Eg var svolten, naken, i fengsel… og de gav meg mat, kledde meg, såg til meg” (Matt 25). Det blir ein revisjon av livsreknskapen som vi vil merke.

Vi ser i klostertradisjonen at askese, kallsmedvit og meining gjev gode resultat; kloster blei sukssesbedrifter! Og då var det lett å bli dekadent. Det same ser vi i mange bedrifter: Ein nøysam og ærleg gründar overlet verket til etterslekta – som kuttar ut nøysemda og idealismen og endar med forfall, både økonomisk og moralsk/personleg.

00.Avslutning:

 

Det vi treng, er ikkje berre ei opp-shining av det systemet vi har no  – som er veldig materialistisk og grådig.Næringslivstoppane er av dei verste. Fallskjermar og lureri.  Vi treng ei ny, sosial innstilling. At vi går saman om det som verkeleg trengs: Ein fellesskap, der arbeid og entreprenøskap går saman å byggje den menneskelege fellesskapen, med plass for Gud.

Regula St Benedicti. Har djupt prega europeisk sivilisasjon, også økonomisk. Jfr H N Hauge – klosteretikk for alle. Balansen mellom arbeid og bøn; arbeid, bøn, studium. Også intellektuell og kulturell stimulans og utvikling er viktig folk i næringslivet. Denne balansen er ofte forrykt i det moderne samfunnet (kapitalistisk som kommunistisk); berre arbeid/fritid/underhaldning.

Det som tèl for H N Hauge som for St Benedikt, er byggjing og fornying av samfunnet (klosteret/venesamfunnet), skape ein menneskeverdig sivilisasjon. Det er dette som må vere ambisjonen for næringslivet, det som triggar og ansporar.

Ora et labora!

 

 

Reklame

0 Svar to “discursus: Næringslivet, mennesket og Gud. Næríngsliv og teologi.”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: