31
Mai
10

homiletica: Treeiningssundag 2010, St Dominikus krk, Joh 16,12-15n

Kjære brør og systre!

Læra om Gud som Den treeinige, er ikkje eit resulatat av teologisk og filosofisk spekualsjon. Dette grunnleggjande dogme i vår tru er ei fyrst og fremst ei samanhalding av det som er forkynt i Den Heilage Skrifta, i Bibelen – og det er ei tru som den katolske og apostoliske tradisjonen har vedkjent heile tida. Fyrst som eit indre mysterium, overlevert i arkandisiplinen, til dei nydøypte; overlevert som ei innviing, som ei gåve, for det opne hjarte, ikkje som eit diskusjonsemne, eller som eit problem. Fyrst seinare, når det trua blei offentleg angripen, måte kyrkja forsvare seg og formulere denne trua, slik vi har det i vårt Credo, i vår trusvedkjenning.

Rotsystemet eller grunnlaget for trua på Gud som éin og tre finn vi altså i Bibelen, i Skrifta. Men Bibelen er sjølv ikkje ei systematisk lærebok; den er framfor alt  historie og forteljing. Men nettopp i denne historia, i desse heilage tekstene, ser vi at Gud openberrar, viser seg,  seg som Den treeinige.

Gud er éin; slik det står i den fortetta trusvedkjenninga til det gamle Israel: ”Sjemah Isjrael; Høyr Israel, Herren din Gud, Herren er éin!”

Men vi ser også at Gud sjølv er tilstades i sitt Ord, i sin Visdom. Som vi høyrde: ”Så sier Visdommen: Jeg var der da han reiste himmelen og spente hvelvingen over dypet… Jeg lekte på hele hans vide jord og hadde min fryd i menneskenes barn”. I Det nye testamentet les vi om Logos, om Ordet, som var hos Gud, som var Gud, om han som var i opphavet hos Gud; alt vart til ved han. Ordet som blei kjøt og tok bustad hos oss (Joh 1) – i Jesus Kristus. Det er han som er Visdomen, det er han som er Ordet.

Han er også Sonen, som fra æva av finst til i intim og fullstendig einskap med Faderen og Anden. Han er Herren, seier Paulus ()– og Herren er Gud sjølv. ”Han er ei utsråling av Guds herlegdom og biletet av hans vesen”, seier Hebrearbrevet (Hebr 1). ”I han bur heile guddomens fullnad (fylde) lekamleg” , seier igjen apostelen Paulus. Ja, i evangeliet ser vi han til slutt på himmelfartens berg, der han blir tatt inn i den himmelske herlegdomen – og apostlane ’fall ned og tilbad’ han, står det (Matt 28,17).

Og Anden, Den Heilage Ande, han er Talsmannen –som vi høyrde i evangeliet i dag. Ein talsmann,; ein levande person, ikkje berre ei kraft.  Det er nettopp denne familiariteten, denne indre utvekslinga og einskapen mellom Faderen, Sonen og Anden Jesus lukkar oss inn i evangeliet, i sin siste tale til apostlane. Han og Faderen er eitt; ”alt hva min Far eier, er også mitt”; og Sanningsande, Sannhetens Ånd, ”skal kaste glans over meg”, sa  Jesus, ”for det er av mitt han skal ta og forkynne dere”. Også Anden er guddomleg, ein person i guddomen.

Brør og systre; det er alt dette vi fastheld i dogmet om Den treeinige Gud; dette mysterium at Faderen er Gud , ja, sjølve guddomens kjelde, at Sonen er Gud, at Anden er Gud, og at denne Gud er éin.

Slik er Gud. Ein levande Gud, ein elskande Gud. Ein Gud som skaper og som frelser,ein Gud som er opphøgd og uendeleg, ein Gud som er nær, som tar vårt kjøt og blod på seg, som bur ved trua i vårt hjarte.  Det er denne levande Gud som er opphavet tll vårt liv, det er i hans bilete vi er skapte, det er hans born vi skal vere. Det er han som vil føre oss tilbake til seg, ja, gi oss del i guddomleg natur. Gjennom Sonen, i Anden, blir mennesket og heile skaparveket ført tilbake til Faderen! Det er der som er den djupaste meininga med alt som er.

Heilt frå dåpen av, der eg blei døypt i Den treeiniges namn, i eit lite kapell på sunnmørskysten, er livet mitt eigentleg sett inn i dette perspektivet, det er denne trua som gir sjølve møsnteret, som så å seie har informert livet mitt  som truande – i gode og vonde dagar. Og dette gjeld oss alle.  Det er om denne trua Jesus talar, i det han bryt ut i  lovprising: ”Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. Ja, Far, for dette var din gode vilje” (Matt 11,25f).

Bror og syster! Gud finst! Du finst!  Og de skal høyre saman. Gud har skapt oss til seg, seier den heilage Augustin. Ja, om vi lyttar til menneskehjartet, midt i all støyen, også i vårt samfunn, i vår verd, så høyrer vi dette hjarteslaget: Eg er ikkje i mål, før eg er i Gud;

så mitt hjarta stundar/bankande i barm//til eg ein gong blundar/ i Guds faderarm”.

Reklame

1 Tilbakemelding to “homiletica: Treeiningssundag 2010, St Dominikus krk, Joh 16,12-15n”


  1. 1 MT
    juni 1, 2010 ved 7:41 am

    Takk.
    mvh MT/Marie


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: