«Det er ikkje alderen som gjev visdom, dei gamle veit ikkje alltid kva som er rett» (32,9)
Elihus tese synest å stride mot tradisjonell, bibelsk og forsåvidt allmenn-kulturell innstilling: Alderdom og klokskap er identiske. Forfattaren av Jobs bok vil gjerne vise at ei overflatisk forståing av tradisjonen endar ille, kor «rett» det enn kan verke.
Visdom fylgjer ikkje alderen automatisk. Mange gamle endar som bitre og kyniske, og ofte mindre opne også for trua enn unge menneske. Vidsom er ei dygd som må tileignast; det grunnlaget du legg i unge år, syner si berekraft elller sin svikt når du blir eldre. Lever du ikkje ope og sjølvkritisk, endar du i forsteina egoisme.
Anten du er ung eller gamal, er det dei personlege kvalitetane som tèl. Med Elihus ord: «Det er ånda i mennesket og Anden frå Den Allmektige som gjev skjøn» (v 8 )
0 Responses to “officium: onsdag, 9. vike i det allmenne året, job 32,1-6; 33,1-22 (matutin)”