31
Mai
10

officium: laurdag, 8. vike i det allmenne året, job 13,13 – 14,6 (matutin)

«Eg vel den farefulle vegen, ja set livet på spel» (v 13)

Talen om Gud – det er det Jobs boka handlar om. Sjølv om orda og læra kan vere objektibt sann og rett, slik det var tilfelle med Jobs vener, kan det likevel bli urett tale om Gud. Job sjølv måtte bite i graset då Herren omsider tok til orde. Og likevel: Job fekk attesten at han hadde tala rett om Gud, med all si klage og anklage, medan venene vart refsa. Både med sine ord og med si haldning sette dei seg utanfor det nakne møtet med Gud, både Jobs og sitt eige. Dei leste berre frå læreboka.

Men teologi er levande tale om Gud, ein dialog – med ord, med kropp og sjel, med heile eksistensen. Jobs bok syner oss at bibelsk tru og teologi har eit eksistensialistisk preg.

Den som vil leve på den sikre sida, lærer ikkje Gud å kjenne. Blir ein dårleg teolog. Den gode teologen må gjere som Job: Velje den farefulle vegen. Setje livet på spel.

Reklame

0 Svar to “officium: laurdag, 8. vike i det allmenne året, job 13,13 – 14,6 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: