”… at dei har brote den lovnaden dei fyrst gav om truskap” (v 12)
Det innvigde livet, friteke frå dei vanlege oppgåvene i heim og arbeidsliv, finn vi alt i Det nye testamentet, i urkyrkja og apostelkyrkja. Vi finn det, som her, som ein særleg stand og ei særleg teneste i kyrkja: Enkjene – som avla ein lovnad om truskap i denne livsforma. Ikkje fordi famile, ekteskap og arbeid er noko negativt, men fordi eit friare liv er eit teikn på den komande verda og ei kjelde til fordjuping og bøn for heile kyrkja.
Som ”dei stille i landet”, som Simeon og Anna Fanuelsdotter, skulle enkjene leve ”i bøn og påkalling dag og natt” (v5).
Her skimtar vi også nokre av røtene til klosterlivet.
0 Svar to “officium: torsdag, 27. vike i det allmenne året, 1 Tim 5,3 – 25 (matutin)”