08
Okt
09

officium: onsdag, 27. vike i det allmenne året, 1 Tim 4,1 – 5,2 (matutin)

”Alt Gud har skapt, er godt” (v 4).

Dette er eit dogme, ei trussetning, ei erklæring, ei avgjerande sanning. Ja, ho ligg i botnen for heile den kristne trua. Dei tidlegaste og mest intense vranglærene gjekk nettopp ut på å fornekte at materien og det naturlege livet var godt.

Å fornekte skaparverket, er å fornekte Skaparen. Vi skal ikkje vere redde for kroppen, for seksualiteten, for kulturen, for politikken, for kjenslene, for livet.  Alt kan misbrukast, og det skjer, men det er godt i seg sjølv, som skapt av Gud. Gud stadfester dette ved å bli menneske, ikle seg skapningen, forløyse han og lyfte han opp.

Fornektar vi skaparverket, fornektar vi Kristus, komen i kjøt, oppstoda av lekamen og heile det sakramentale livet i kyrkja.

Skaparen og Frelsaren er den same.

Reklame

2 Svar to “officium: onsdag, 27. vike i det allmenne året, 1 Tim 4,1 – 5,2 (matutin)”


  1. 1 ephrussi
    oktober 8, 2009 ved 11:00 pm

    Det som er vanskelig å forstå skal være godt er jo sykdom og naturkatastrofer, og i det hele tatt de vanskelige leveforholdene menneskene har levd under gjennom størstedelen av verdenshistorien og mange steder fortsatt gjør.

  2. oktober 9, 2009 ved 10:56 am

    Skaparverket er godt. «Og Gud såg alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt» (1 Mos 131). Men skapningen er lagd under forgjengelegdom pga mennesket sitt fall. Mennesket er ein sentralfigur, ein midlar. Vårt vesen og vår «agenda» verkar inn på resten av skaparverket. Difor er skaparverket ute av lage. Ein dag skal mennesket og all skapningen forløysast og fornyast (Rom 819ff).


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: