08
Okt
09

carpe diem: Heim frå Mariaholm

Tilbake frå Mariaholm og prestemøte. Tysdag tjukna det til med regn, men til gjengjeld var det skinande fint i går og i dag. Endeleg fann eg meg ein turveg i ope landskap ikkje langt frå leirstaden. Tidlegare har eg berre funne vegar i mørke granskogar og i brattlendet ned mot Øyern.

Så viste det seg at eg kunne gå utover markene frå Mørk gard, sørover ein smal grusveg midt gjennom kornåkrane, ut mot andre gardar som låg som øyar i åkerhavet; tette tun med vakre hus og driftsbygningar. I bakgrunnen er alt innramma av høg lauvskog og balndingsskog, med mørkegrønt, ljosare grønt og flammande gult. Himmelen over, vid og blå og haustskarp.  Der eg gjekk, bøygd mot den ganske friske vinden, med kappa flagrande rundt føtene, kjende eg meg nesten flytt tilbake til eit nordfransk område, landskapet i Artois, Bernanos-landet. Der gjekk den svarte og skrinne landsbypresten hans og bauta seg fram i regn og sol og leirjord. Med kvitkalka landsbyar som skulle visiterast.

I dag tidleg var det ein raud soloppgang over Øyern; heile leirstaden og kapellet vender mot aust med utsyn over innsjøen og bygdene og åsane på den andre sida. Austsida. Bygdene og skogane inn mot Sverige.

Professor og studieleiar ved Menighetsfaklutet (MF )hadde ein heil dag med førlesingar for prestane; ein teologisk fagdag om Bibelen. Det var svært positivt. Han blei nyleg katolikk og det er interessant å merkje seg at det no på mange måtar er ein  ny generasjon konvertittar som gjer seg gjeldande. Folk med aktv bakgrunn i norsk-kyrkjelege miljø. MF tilbyr no studiar også i katolsk teologi, i samarbeid m  a med universitetet åt dominikanarane i Roma, Angelicum (der eg oppheldt meg i fjor vår). Dei norske katolske prestestudentane/seminaristane, tek deler av sine studiar ved MF.

Mykje av det beste i den norske, kyrkjelege og kristne kulturen også frå tida etter reformasjonen, blir no med inn i den katolske kyrkja. Der det høyrer heime.


9 Responses to “carpe diem: Heim frå Mariaholm”


  1. oktober 8, 2009 ved 8:03 pm

    Ja, alt det gode, skjønne og sanne i Den norske kirke hører hjemme i moderkirken. Det er hun som har samlet Dnks bibel mellom to permer. Det er hun som har formulert den nikenske og athanasianske trosbekjennelse som Dnk fortsatt bekjenner som normativ, og som sammen med Bibelen danner grunnlaget for Arndts, Dass», Kingos Ingemanns, Brorsons, Hauges og Hallesbys teologi og forkynnelse. Til og med Den augsburgske bekjennelse ble til i hennes navn og i kjærlighet til henne. Sist men ikke minst er det moderkirken som idag bevarer både Bibelen og bekjennelsen når Dnk nå er i ferd med å kollapse i heresi og ettergivenhet mot Giske-regimet.

  2. 2 Rolf Egil Pedersen
    oktober 11, 2009 ved 9:13 pm

    Når ungane vert vaksne så forlet dei mor si. Men eg trur ein ikkje skal gleda seg for tidleg og kome med spådomar om eit «kollaps» i DNK. Det er meir levande tru i DNK enn kva nokre kverulantar gjev inntrykk av.

  3. oktober 11, 2009 ved 10:10 pm

    Ja, det er masse levende tro i Dnk, ingen tvil om det! Og jeg håper det blir stadig mer og at Dnk vokser seg stor og sterk.

  4. oktober 12, 2009 ved 8:08 am

    Det er vel ikkje snakk om å «glede seg» over det som er kritisk for DNK. Spørsmålet er heller ikkje om det finst levande tru. Det meiner eg det gjer.Problemet er at dei som har styringsmakt, både statleg og indrekyrkjeleg, har ein policy som er destruktiv, ikkje minst i høve til dei som representerer levande tru i DNK. Dette heng saman med- og samverkar med ein teologisk skade som har fått utvikle seg og som har blitt sterkare under Giske: Den dårlege ekklesiologien(læra om kva kyrkja er). Personleg, individuell eller privat tru er ikkje alt som skal til for ei kyrkje. Kyrkja lever av den felles trua, vedkjent offentleg og forpliktande. Grunnleggjande er det også at kyrkja er lokale forsamlingar kring forkynninga og nattverdfeiringa, ikkje eit tilbod om isolerte kyrkjelege handlingar.

    Problemet for DNK er at ein enn så lenge ikkje tek eit oppgjer med den folke- og statskyrkjelege ideologien og dei makttsrukturane som særleg fremjar dette. Den levande trua må omsetjast i konkret kyrkjebyggjing på eit heilt anna grunnlag, sentralt og lokalt.

  5. oktober 12, 2009 ved 8:11 am

    Etter mitt syn er det for få kverrulantar i DNK. Det er ufatteleg at så få protesterer mot Giske og hele retorikken med «den åpne og inkluderende folkekirken». Igjen må eg sitere Jan Eggum: «Kor e alle helter henne?»

  6. 6 KJ
    oktober 14, 2009 ved 8:19 am

    Statsråden la til et interessant ord i det vanlige munnhellet i Vårt Land idag: «jeg tror at vi skal klare å opprettholde en meget god, åpen, inkluderende og misjonerende folkekirke også i årene fremover, sier Giske til Vårt Land.» Lurer litt på hva han mener med det siste adjektivet her..

  7. 7 Wieczeslaw
    november 7, 2009 ved 6:33 pm

    Men bør vi ikke glede oss at DNK degenerer? Bør vi ikke glede oss at en av protestantiske kirker dør?
    De av deres troende som vil, kan jo komme over til den virkelige Kirken når som helst.
    Hvorfor skal vi snakke eller diskuttere med deres «kirken» og til og med gi dem gode råd for å bli sterkere og vokse??? Det bare svekker oss, eller?

  8. november 7, 2009 ved 7:44 pm

    Nei, eg ser det ikkje slik. For det fyrste ynskjer eg at at dei som ikkje er klare til å konvertere, kan ha rimeleg bra forhold der dei er. For det andre vil alt det som drar i rett retning, nettopp føre til ei større forståing for den fullstendige/katolske trua. Katolsk tru kan berre vekse fra som noko positvt, som noko ein gjer av fri vilje og djup motivasjon. Dersom innsikten i katolsk tru (som er den kristne trua, rett og slett) slår rot i sinnet, kan det godt hende at ein ser det utilstrekkjelege i den protestantiske tydlegare. Det er også ein innsikt som ein sjølv må tileigne seg. Kritikk utanfrå er ikkje nok.

    Eg trur at frisk polemikk er sunt, det er ekte, tydleg, utfordrande og oppklarande. Men polemikk åleine er ikkje nok.

    Eg oppmuntrer folk til å konvertere, når eg skjønar at det berre er nøling og kanskje feigskap som held dei att. Men «timen» for at menneske verkeleg skal kjenne dette kallet, må eg/vi overlate til Gud og hans Ande. Difor «kastar eg mitt brød på alle vatn» (Forkynnaren)når eg preikar, skriv og underviser – og finn det att i si tid. Den katolske kyrkja skal vere utålmodig i si utfordring, men også tålmodig i den prosessen som fører den gode vegen. Nettopp fordi ho er Kyrkja (i nær einskap med dei ortodokse og orientalske kyrkjene), har også ho tid til å vente.

  9. 9 Wieczeslaw
    november 7, 2009 ved 9:39 pm

    Takk. Men virker «bra forhold der de er» ikke som bedøvelse? Bra nok for å ikke merke at noe er galt.
    Ja, men protestanter reagerer jo på voksende galskap i deres opprinnelige kirke med… å lage ny kirke og ikke konvertere… derfor ville det sannsynlig ikke hjelpe med å vise dem galskap for fort.
    Jeg gleder meg at du nevner ortodokse og orientalske kirker – vi er den virkelige Kirken sammen med dem.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: