Siste statistikk frå dei tre norske katolske bispedøma viser at den katolske kyrkja i Noreg nærmar seg 70 000 truande; det er nesten 9% vekst på eitt år. Heia Ecclesia! Vi treng fleire kyrkjer!
26
Sep
09
Siste statistikk frå dei tre norske katolske bispedøma viser at den katolske kyrkja i Noreg nærmar seg 70 000 truande; det er nesten 9% vekst på eitt år. Heia Ecclesia! Vi treng fleire kyrkjer!
Me i den Nordisk-katolske kyrkja veks også, men kanskje ikkje så mykje! Me rekrutterer blant etnisk norske (mest karismatikarar). Har du noko tal på kor mykje som skuldast innvandring frå katolske land og kor mykje som er konversjonar?
Talet på konvertittar har eg ikkje oversyn over på ståande fot. Berre her hos oss i St Dominikus klosterkyrkje har vi dei siste par-tre åra motteke eit trettitals konvertittar.
Ein katolsk kristen er ein katolsk kristen uansett nasjonal bakgrunn. Dei som flytter til Noreg og blir verande her, blir/er norske på line med alle andre. Noreg er eit land og ein kultur i stadig endring, også demografisk. Det interessante og viktige er at tilflyttarar held fram å praktisere si tru. Slik er dei også med å endre det norske andletet.