Nemleg at eg på den nye framsida har fått på plass (igjen) arkiv, oversikt over kategoriane og ein søke-knapp. Alt til høgre på sida. Vonar dette lettar bruken av bloggen. Igjen: kom gjerne med spørsmål og innspel.
I min nye eksistens som prior ved klosteret dei neste tre åra, vil bloggen gå som før. Kanskje får eg også meir høve til skriving og studiar, med færre eksterne oppdrag. Ein preikebror skal både vere ute og forkynne og undervise – og ha sin konteplative base i kommuniteten. Med ulik vekt i ulike fasar. Takk for forbøner.
Dette året underviser eg også i dei katolske studiane ved Menighetsfakultetet. Der studerte eg sjølv på syttitalet, så det er ei interessant oppleving å kome tilbake i ein annan modus. Ingen ting er så fullt av overraskingar som Guds planar.
– Ingen ting er så fullt av overraskingar som Guds planar.
Det same seier eg!
Elles: Fantastisk med søkeknapp! Og han verkar! Han går rett på sak!