26
Sep
09

officium: laurdag, 25. vike i det allmenne året, Esek 47,1-12(matutin)

”Vatnet dei får, skal renna ut frå heilagdomen” (v 12)

Templet. For profeten og presten Esekiel er det sentrum for Israel, for verda, for livet. Frå heilagdomen fløymer det levande vatn, fløymer det liv frå Gud. Templet. Der Gud rører ved jorda og opnar sine kjelder.

Elvar av liv vatnar trea så dei ber frukt og lauv. Der vatnet slepp til, vert alt liv friskt og fornya. I vår tid har vi oppdaga naturen som eit mysterium og ikkje berre som råstoff. Også naturen vert påverka av moralske og åndelege relaitetar. Utan Gud, døyr verda.  Der kyrkja opnar opp for Guds forløysande kraft, i messa, i bøna, i livet vårt – der rører ho ved alt som er til.

No opplever vi i glimtar og teikn det som ein gong skal kome. Når skapningen vert som eit sakrament. Då skal vi sjå det:  ”Frukta på trea skal vera til mat og blada til lækjedom” (ib.)

Reklame

0 Svar to “officium: laurdag, 25. vike i det allmenne året, Esek 47,1-12(matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: