20
Aug
08

officium…

Onsdag, vike 4, Jesaja 9,8- 10,4 (matutin)

””Dei driv småkårsfolk bort frå retten…” (v.2)

Fokus og tema for profetane sin botsforkynning er som regel dobbelt: At Israel vender seg bort frå Sinai-pakta og dyrkar framande gudar – og at sosial urett får breie seg i gudsfolket.

Djupast sett handlar det om det same. Den sosiale uretten heng saman med verdslegdom og rikdom. Det gjer mennesket grådig og omsynslaust, gjev det ein falsk tryggleik som fortrengjer tilliten til Gud og endar med sjølvgod kynisme. At Gud krev til rekneskap og at han vaktar over livet vårt, særleg over dei verjelause, blir sett på som fromt prat. Uretten og mammonsdyrkinga skaper det kyniske og hovmodige mennesket som er sjølve antipoden til den paktstru israelitten, til gudsmennesket, til den trufaste resten, til dei stille i landet.

Den same sosiale patosen finn vi att i Jesu forkynning om rettferda og den evangeliske fattigdomen (Bergpreika). Men her er det ført vidare, utover den nasjonale og politiske fellesskapen i det gamaltestamentlege gudsfolket, inn i ei universell og personleg livshaldning.

Gud er dei verjelause sin Gud. Difor dei materielt fattige – ”småkårsfolket – si verje, difor ”enkjer og farlause” si verje. Eller kven det kan vere til ei kvar tid. Ingen kan dyrke Gud rett dersom han avviser Dei verjelause sin Gud. Ingen kan tilbe Gud og samstundes proletarisere, utnytte og slavebinde medtruande, medmenneske, medskapningar… Gud og Guds born, Gud og Guds skapningar, Gud og mennesket, Gud og nesten – dei har slått fylgje for alltid.

”De har vanvørdt den fattige” seier apostelen Jakob til sine medkristne (Jak 1,6). Og dermed vanvørdt Gud.

Reklame

0 Svar to “officium…”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: