20
Aug
08

carpe diem…

ONSDAGS-OBS:

Det regnar i Oslo i dag , men eg likar det. Skvært vêr. Just no har eg ein rask kaffirast på «Samson» (tak over hovudet, trådlaust nett, see?…) på Majorstua, på veg til campus på Blindern (Universitetet i Oslo). Der skal det vere stands for ulike studentlag og -aktivitetar – og også for «Katolsk Studentlag». Som (deltids) katolsk studentprest, må/vil eg seff vise meg der! Artig å prate med folk! Vi startar snart opp med messe i kapellet på «Fredrikke» (studentkantina), onsdagar kl 1215, med treffetid for presten i eit samtalerom under trappa. Det deler eg i prinsippet både med imamar, rabbinarar og guruar…

Sjølv kjem eg til å vere på Universitetsbibloteket (eit flott bygg!) på Blindern tysdagar og onsdagar 9-17, for å arbeide vidare med Newman (og Grundtvig.)- studiane.

Sjekk kommentarar etter nokre av postane her på bloggen i det siste (heilt tilbake til «notabene»-posten «Sjølvsagd fleirkultur». Mange interessante synspunkt frå både bloggarar og bloggredaktør der. Mykje av tematikken går på «fleirkultur’/sameksistens mellom ulike religionar, livssyn og samfunnsformer.

Reklame

4 Svar to “carpe diem…”


  1. august 20, 2008 ved 12:13 pm

    Fin blogg du har her. Eg skal følgje med framover. Og apropos veret; kom til Bergen – byen langs solkysten 😉

  2. august 20, 2008 ved 1:23 pm

    Gjerne Bergen, ja! men då må eg inviterast av eitt eller anna forum (foredrag e.l.); det «private» reisebudsjettet er minimalt for tiggarmunkar…

  3. 3 Andreas S
    august 20, 2008 ved 5:29 pm

    Jasså, du skal sitte på UB! Du kan nok bare glemme å få gjort noe med Grundvig og Newman, siden det finnes en kaffebar i bygget…

  4. august 20, 2008 ved 9:41 pm

    Det blir nok ei utfordring… Men kaffibaren er ei viktig tankesmie! Vi snakkast der, vonar eg!!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: