21
Aug
08

officium…

Torsdag, vike 4, Jesaja 11 (matutin)

”Bustaden hans skal vera full av herlegdom” (v.10b),

seier profeten om ”renningen av Israels rot”, om det fornya, trufaste Guds-folket. Etter skildringa av det messianske fredsriket (v.1-9), kjem summen av det heile, noko som går utover det reint moralske. Bustaden åt Frelsarkongen skal vere som eit tempel, fyllt av Guds herlegdom. ”Herlegdomen” –det er det som sprengjer alle ord og kategoriar, det som er overmålet av venleik, av godleik og av sanning. Det omfattar alt det menneska har søkt å uttrykkje gjennom kunst og skapande verksemd; dikta, bileta, skulpturane, musikken, songane, dansen, alle handverka, det godt utførte arbeidet… På rette- eller langs kronglete vegar endar alt dette, heile den menneskelege ’driven’ etter meining, på ein plass i Guds store altartavle, i hans ikonostas, under hans kvelv og kuplar.

Der høyrer det heime.

Reklame

0 Svar to “officium…”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: