30
Apr
12

carpe diem: Iona – oxford

Her er vi; rask publunsj (burger) på The Ireon Horse, like ved Clasgow Queen Street Station. Toget frå Oban kom inn for ein times tid sidan, og neste tog, til Birmingham/Oxford, går 1740. Tidleg i dag feira vi messe i kapellet på Iona, saman med sr Jane og nokre gjester. Nokre fine dagar er over. Og i dagmorgon var det grå himmel og regn – etter over ei vike med sol og vind. Lucky us!

Ikkje minst gårsdagen var fin, med avskilsrunde til St Columba Bay og vandring langs Ionas austkyst, med viker, bratte berg og lyngheier. Arbeidet mitt har også skride fram; er eg god, greier eg å kome i mål med eitt av kapitla før eg er tilbake i Oslo. Eg jobbar, i dette kapitlet, med Newmans syn på språket.

OK, toget går snart…


1 Response to “carpe diem: Iona – oxford”


  1. 1 Solveig
    april 30, 2012 ved 4:05 pm

    Deo volente, viss Gud vil. Er det spesielt for dominikanarar å legge til dette? (du gjorde det jo ikkje no, men har lagt merke til at du bruker uttrykket ofte. Får tru Gud vil la deg bli ferdig med kapitlet! Lukke til)


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: