01
Mai
12

carpe diem: til Oxford, omsider

Omsider… fordi vi miste toget vårt frå Glasgow i går kveld. Det blei meldt om «delay», men det kom ikkje opp ny annonsering på el-tavla, og den skotske aksenten samt klangen i stasjonshallen gjorde at vi ikkje oppfatta detaljane om ny avgangstid – og dermed strauk toget avgarde utan oss.

Der stod vi, nokså fortapte, men ein prest vi hadde observert og raskt helsa på nokre minutt før, kom ned mot oss på veg ut etter å ha henta den han skulle – og såg dei to molefonkne preikebrørne. Før vi fekk sukk for oss, hadde han invitert oss til seg, no problem, lasta oss inn i bilen og teke oss med til ei messe han fyrst skulle vere med på; ei jubileumsmesse for ein gamal prest, 50 års ordinasjonsdag, i soknet «St Mary, Mor til hjelp i allslags naud» (Mater omnia seccursus), ute i ein forstad i Glasgow. Stor kyrkje, fullt hus, og eit slags kombinasjon av stemninga på eit norsk bedehus og ei katolsk messe, med sterk somg av den evangeliske typen, kraftige og samstemde svar i liturgien,frimodig og glad preike osv. Presten fortalde at han hadde vore proff fotbalspelar (!) som ung mann, at han hadde fått alvorleg lungeinfeksjon som mange døydde av, i krigens dagar, at han overlevde, at han tok opp att fotballen og fekk ein hard ryggskade – og etter alt dette lova han Gud og Maria møy at om han blei frisk, skulle han bli prest og vie sitt liv til Kristus. Han blei begge deler.

Etter messa fekk vi både mat og hus i prestegarden til fr Stephen (Dunn) med ein lang og ivrig prat om kyrkja og trua, både i Skottland og elles. I si tid, sa han, var det 300 katolske prestar i Glasgow; masse irske innvandrarar og stor aktivitet. No er det ca 80 prestar, og i det etterindustraliserte samfunnet har det også vore nedgang i folketalet. Over 44 skipsverft var det i Glasgow (samt gruveindustri og mykje meir); no er det berre tre verft att. Vi var samde om at i framtida vil kyrkja i VestEuropa bli mindre, men sterkare og tydlegare. Fr Stephen tok oss med inn i huskapellet sitt og ba for oss og velsigna oss.

I dag tidleg dro vi inn til Glasgow Central og fekk tog med skifte i Wolverhampton til Oxford. Fin reise gjennom skotske åslandskap med beitande sauer, ned NordEngland, stadig grønare og meir sommarleg, til full bløming her i Oxford. På plass i gjesterom i vårt kloster, Blackfriars, her. Til fredag.


Kva er det å vere katolikk? Det er å stå «lost» på ein stasjon i ein storby, bli invitert etter fem minutt av ein prest, vere med i ei messe i eit sokn du aldri har vore i før og delta i songen og bøna, den same messa, å kjenne at den eldre mannen på benken bak deg som song med i salmane av full hals, pikkar deg på skuldra (han såg at vi var dominikanarar) og gir deg 20 pund; -You’ll need it! Det er å helse på ei dame som kjem bort til oss og som kjenner systrene på Lunden kloster i Oslo. Det er å bli velsigna for natta og reisa vidare.

Verda blir lita i ei stor kyrkje. Som rett og slett er Guds familie, i Glasgow og kvar som helst.


3 Responses to “carpe diem: til Oxford, omsider”


  1. 1 Ragnhild
    mai 1, 2012 ved 8:09 pm

    Fantastisk historie! Godt å få hjelp av «Sta. Maria, Mor til hjelp i allslags naud» – inkludert i tognød.

    Ja, akkurat sånn er livet som katolikk. Du er hjemme uansett hvor i verden du befinner deg. Herlig!

  2. mai 1, 2012 ved 10:12 pm

    Fin berättelse om att vara «lost». Blackfriars låter inte dumt heller.
    Allt gott från Lund!

    • mai 4, 2012 ved 5:48 pm

      Hei, Sebastian! Takk for sist, i Lund!! Flott at du fiksar nynorsk, også! Blackfriar’s er absolutt å anbefale for gjestande studentar! Like ved alt som er stas i Oxford! Og eit fint liturgisk liv å delta i.

      Håper vi snakkast snart!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: