«Det fins vegar i lova, det fins vegar i profetane, vegar i evangeliet, vegar også hos apostlene, vegar også i å handla etter boda, og sæle er dei som i gudsfrykt ferdast på dei».
St Hilarius vil lære dei truande vegen til sann gudsfrykt – som ikkje er skrekk og redsle, men kjærleik. Redsle for alskens fårer treng vi ikkje å lære, seier han, det er nedlagt i vår natur. Men gudsfrykt må vi «lære», tileigne oss som ei gåve og ei dygd. Ved å fylgje mange vegar og gå gjennom mange fasar i Guds pedagogikk. Heile Skrifta er eit stort landskap å ferdast gjennom for å kome til målet: Den respektfulle kjærleiken og nærleiken til Gud.
0 Responses to “officium: torsdag, 2.vike i faste, frå kommentar til sal 128, av den hl Hilarius, biskop av Poitiers (ca 350) (matutin)”