«Dette var ei herleggjering av mennesket, for det gav han [adam/mennesket] det han mangla, nemleg venskap med Gud».
«Dette»? At Gud lærte mennesket sine bod og si rettferd – heilt fram til kunnskapen om Kristus og møtet med han. Målet for Guds openberring og inngrep i historia for å frelse oss, har venskapen mellom Gud og mennesket som mål. Kor lett tenkjer vi ikkje at Gud eigentleg ikkje bryr seg om oss; han vil berre få oss på plass og «redde oss», som eit anna prosjekt, og helst kue oss og halde oss nede. Vi er skeptiske til Gud, og Gud til oss – det er grodd inn vår religiøse kultur som ein arv frå ytterleggåande protestantisme og nominalistisk filosofi; med Gud som ein fjern og uberekneleg majestet.
Venskap mellom oss og Gud. Smak på det, og kjenn at det varmar og at du veks som menneske.
0 Responses to “officium: fredag, 2. vike i faste, frå den hl Ireneus» «Mot vranglærarane» (matutin)”