29
Des
11

carpe diem: romjul iii

Stormen har stilna, men skadde bygningar, båtar, hamner, vegar, kraft- og telefonliner, knekt og rotvelt skog pregar biletet her vest. Folk tek det med vanleg tôl og handlekraft. Naturkreftene gjer inntrykk, men folk kjenner dei. Og må finne ein måte å leve med dei på. Det er nok grense for kor trygt og sikra det menneskelege samfunnet kan bli, men eg er samd med dei som hevdar at innsatsen til dei ansvarlege for infrastrukturen – som elektrisitetsbransjen – må stå i stil med dei store inntektene deira.

Mildt og fint er det. Snø ned» i fjell- og dalsidene eit stykke, men berre og grøne marker og svart skog nede i bygdene og langs strendene. Gjekk meg ein lang og bratt tur på ein gardsveg inst på Stranda i dag. Opp frå Opshaug, ved fjorden, til den høgtliggjande garden Liene, på kanten til Sunnylsvfjorden. Stor furuskog her og bratte hamrar. Bakom stig tunge, vakre fjell opp. Ikkje mykje snø, der heller; rabbane lyser mørkt gjennom det kvite. Trygge ligg dei der. To toppar heimste- og fremste Blåhorn) som for mange år sidan, då eg nettopp hadde teke avgjerda om å konvertere,  ser meg når eg ser dei:

Ein glimt av fjell mellom trea

med mild og høg panne

stig dei fram i linnveret

ikkje gneistrande og strenge

som når det er kaldt

 

er du der? seier dei

du er vorten vaksen no

alt er som det skal

du kan lite på oss

(MILD DESEMBER», 1997)

Ja, eg lit på dei. No også.

Reklame

0 Svar to “carpe diem: romjul iii”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: