31
Des
11

carpe diem: romjul IV

På ferja. Som så ofte på desse kantar, dvs Sunnmøre og Vestlandet elles. Har vore ein rask tur til Ålesund i går og i dag. Det letta i veret, og eg begav meg også ut i havskjera, til Alnes (på Godøya), rett vest for Ålesund. Frisk nordabris, og salte bylgjer brytande innover strendene. Stormen hadde blese hardt, men ikkje herja her, berre ein masse stor-tare slengd oppover land og over vegane, heilt opp i husveggene. Havet er ein streng, men nær ven her ute.

På butikken er det ein lite kaffi-kafé; ein sosial rasteplass der ein kan slå av ein prat med folk. Triveleg. Ingebrigt (Austnes) var med utover og det er mykje å snakkast om ved eit årsskifte. Elles: Vitjing hjå Kolbjørn og Ingunn Hellevik, sunnmørske med-katolikkar. Det har ein eigen dimensjon. Den gamle kyrkja kjem heim, sakte, men sikkert..

Skarpt ljos over sunnmørsfjella i dag, her eg sit på ferja og ser austover og sørover, mot Sykkylven og Hjørundfjorden. Oppover Velledalen mot Stranda snart. Godt nytt år seinare…

Reklame

5 Svar to “carpe diem: romjul IV”


  1. 1 MT
    desember 31, 2011 ved 11:47 am

    Det er stille etter stormen.Fjella,trea,fjorden,stille.
    Nokre stormar,orkanar,vert for sterke.Rasteplassar for ro og fred trengst.

    Takk for din rasteplass her.
    Marieklem med ynskje om eit godt år 2011 for deg

  2. 2 Øystein Lid
    desember 31, 2011 ved 6:31 pm

    Er indremisjonsfolket blitt meir merksame på sine katolske røter, vil du seia?

    • januar 1, 2012 ved 12:10 am

      Eg tenkjer nok meir på einskildpersonar med tradisjonell, norsk bakgrunn – gjerne med indremisjonsbakgrunn òg – som tek steget til den katolske kyrkja, Men eg trur òg at mange, særleg dei som greier å sjå over tidsavhengige, innlærde fordomar, anar det. Og nokre vågar å seie det, og endå nokre å gjere noko med det.

      Og ja, eg trur at dersom ein ikkje ser dei røtene som den historiske kyrkja har gjeve oss, vil det vere fatalt.

  3. 5 Ragnhild
    januar 2, 2012 ved 2:22 am

    Ja, akkurat den setningen traff meg også: «Den gamle kyrkja kjem heim, sakte, men sikkert..»


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: