… til Molde og Ålesund går det i dag. I morgon e m retur til Oslo, med toget frå Åndalsnes. No lettar regnskodda som kom inn over Romsdalsbygdene i går kveld. Langt ned i fjellisdene og tretoppane hang ho dag morgon, som ei påminning om «tåredalen», og om skapningens «sukk» (Rom 8), gråt og lengt. – S0m har si tid. For no skin han av! I går gjekk eg ein lang tur langs skogsvegane, inn i dalbotnen – dalen er flat, med myrar og moar – og ut att på den andre sida, ned til granda og gardane. Ein verkeleg meditasjonsveg. Det store fjellet. Skåla, som dominerer dalen, er ikkje spesielt høgt (vel 1000 moh), ikkje spesielt flott eller med svung som Slogen. Det er trygt og famnande. Held verda her saman. Eit bilete på Gud, skaparen og oppretthaldaren. Eg trur at naturen er «full av Guds herlegdom», «full av hans miskunn», full av teikn og analogiar på Gud. Slik Skåla er, slik er også Gud. Slik også.
Takk for dagane her.
Tusen takk for ein retrett med utfordrande og interessant forkynning ! Har fått mykje å drøvtygge på vidare !
Har fått eit nytt syn på skaparverket sin plass i kristentrua.
Flott også å få repitert undervisninga på bloggen !
Lukke til vidare på reisa !
Åse , Hjelset
Takk sjøl for fine dagar, i nydeleg Romsdals-natur!