29
Aug
11

officium: måndag, 22. vike i det allmenne året, Jer 19,1 – 20,6 (matutin)

» Eg vil knusa dette folket og denne byen liksom ein knuser eit leirkar som ikkje lèt seg bøta» (19,11)

Å lese profetane, er ikkje å lese ei solskinshistorie. Det opprivande oppgjeret med uretten fyller sidene. Profetane var heilt identifiserte med bodskapen sin og  vart ofte forfylgde og plaga. Bodskapen blei ikkje framført i skadefro triumf, men lidingsfullt, med smerte og stundom stor frustrasjon.

Profetbodskapen innheld ei stor spenning: Mellom alvoret i å bryte med retten, ja med Gud og truskapen mot han – og nåden og Guds ettergjeving, utsetjing og langmod. Det kan vere lett for oss å teste Guds nåde og godvilje. Det skal vi vere varsame med. Når mennesket verkeleg vaknar opp og tek fatt i livet sitt, kjem Guds uendelege kjærleik oss i møte, men dersom vi berre skuvar alt framfor oss, skal vi la oss åtvare. Det kan bli for seint. Det uopprettelege kan inntreffe.

Vi bør ikkje drive høgt spel med vårt eige liv.

 

Reklame

0 Svar to “officium: måndag, 22. vike i det allmenne året, Jer 19,1 – 20,6 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: