30
Aug
11

officium: tysdag, 22. vike idet allmenne året, jer 20, 7-18 (matutin)

«Syng for Herren, lovpris Herren, for han bergar den fattige og friar han frå ugjerningsmenn» (v 20)

Desse strofene kunne like godt stått i ein av dei bibelske salmane, og det er ikkje utenkjeleg at Jeremia har henta dei frå ein slik tekst. Han plantar dei midt i ei lang klage over sin lagnad som profet; at kallet er ei bør, og at motstanden er stor, at han helst vil sleppe å vere profet.

Det som ber han, er nettopp tilliten til Gud. Som ein solglimt i natta og smerten, lyser dette fram. Og her har du heile grunntonen i den teologien og spiritualiten som profeten lever i: Lovsongen, tilliten, tryggleiken på at Gud tek seg av saka åt «den fattige», dvs den utleverte, den hjelpelause, at Gud tek seg av hans rett i høve til dei som står han mot og vil han til livs.

I grunnen er dette spiritualiteten i Salmane i det store og heile – og vi ser korleis det gjennomtrengjer tru og bodskap hos ein mann som Jeremia.  Dette bør vere også grunntonen i vårt liv:

Lovsong og tillit.

Reklame

0 Svar to “officium: tysdag, 22. vike idet allmenne året, jer 20, 7-18 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: