19
Jul
11

carpe diem: dbs-tur iv: Averøy, Kristiansund, retur bud, fræna, aukra – til Haram

Her sit eg, som ein ofte gjer på desse kantar, på ei ferje, den andre i dag. Dro frå Småge på Aukra i dag tidleg, til Finnøy/Harøy. Den same ferja som går til Ona. Duvande i den opne sjøen heilt ytst ute på romsdalskysten. Overnatta hos Peder og Ingri (Nedrelid ) etter å ha kome fram i sjutida i går kveld. Då hadde eg sykla frå Atlanterhavsvegen, forbi Vevang, Farstad og Hustad til Bud, så inn, fem mil, rundt Fræn-fjorden igjen.

Dagen før (sundag), kom eg til Kristiansnd og besøkte slekta, Kersti og Jan Gunnar Engvik som bur på Innlandet. Svært gjestfritt og hyggjeleg!  Krisitiansund låg lenge litt i bakevja, etter at sunnmøringane hadde teke over klippfiskeksporten, skipsindustrien (og det meste :)). Men no er det liv og røre; byen er blitt base-by for olje- og gass, og på ein liten sightseeing rundt i området, fekk eg sjå den moderne og kjempedigre terminalen som strekkjer seg eit par kilometer langs land. Sjølv om Kristiansund  – som er ein gamal og verdig by, med Lossius-familien som lokalt aristokrati – blei rått bomba under krigen og nybygd i femtitalsstil (à la Bodø, Molde, Åndalsenes), er det ein skikkeleg kul by, syns eg. Sentra rundt den intime hamna, men med storhavet rett bak ryggen. Kanskje den norske kystbyen som verkeleg er hav-nær, så godt som ingen øygard og skjergard utanfor.

Averøya er litt kjip å sykle retur på viss du ikkje må, og sidan det også var nokre regndropar på morgonkvisten, takka eg ja til tilbodet å bli frakta til Kårvåg – og litt til. Stadig litt regn då eg entra Rosinante (sykkelen), men før eg var komen til Farstad, skein det opp og det blei sol og varme som berre det! Vakkert, vakkert langs Hustadvika! Hard kyst ut i nordvest, opne, venlege landskap med holmar og sund eller lange strender, rett innanfor. Og grønt, vidt og dyrka, markert og frisk mot den knallblåe havstripa! På Farstad var det gjensyn med Coop-en, litt attåt nista. Vel framme på Bud, for eg ut på moloen, fann meg ein kampestein på utsida, såg ned i den glitrande sjøen og utover hav og øyar. Sol og sol! Traff også to karar som hadde fortøydd inne i hamna – ikkje ein stor siglbåt eller motorcruisar, men ein færing, ein skikkeleg Oselvar! Dei hadde rodd heilt frå Nordkapp, under mottoet «Rodegned» og skulle heilt til Lindesnes!

No kjem ferja til lands i Brattvåg… Meir seinare.

Reklame

0 Svar to “carpe diem: dbs-tur iv: Averøy, Kristiansund, retur bud, fræna, aukra – til Haram”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: