20
Jul
11

officium: onsdag, vike 16 i det allmenne året, 2 Kor 3,7- 4,4 (matutin)

«Vi som utan slør over andletet ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi blir alle omdanna til dette biletet, frå herlegdom til herlegdom, og dette skjer ved Herrens Ande» (v 18)

Å tru er ikkje berre å høyre og halde for sant. Det er å sjå. Ikkje sjå som eit prov, men skode, dvelande, noko som fyller sinnet ditt, som du vert innteken av. Innteken i. No skjer det glimtvis, «som i ein spegel».  Når evangeliet talar til oss, når liturgien og dei sakramentale hadlingane opnar seg for oss, i meditasjonen og bøna. Då er det ikkje berre snakk om mentale prosessar, men om at Gud sjølv stig inn til oss. Den mystiske røynsla.  Å «sjå» Gud på denne måten, er nåde. Det skjer når han vil. Vår del er å forvente, innstille oss, fokusere, speide, lengte. Det er det kontemplative livet som alle menneske er kalla til. Eit møte blir til når ein ser kvarandre, som verkelege. Slik ser Gud på oss og vil bli sett av oss. Mennesket er skapt for dette møtet med Skaparen sin.

Den som ser ein annan, let den andre inn  i livet sitt og tek noko av den andre opp i seg. I skodinga av Gud, blir vi prega av han, delaktige i han. Å sjå og bli sett er ei skapande og omskapande røynsle.  Vi tenkjer lett at her projiserer vi menneskeleg psykologi på vårt tilhøve til Gud. Men det er heller omvendt: Når menneske «ser» kvarandre, er det fordi vi, som Guds bilete, imago Dei,  har i oss ein avglans av Guds eige, skapande blikk.

 

Reklame

1 Tilbakemelding to “officium: onsdag, vike 16 i det allmenne året, 2 Kor 3,7- 4,4 (matutin)”


  1. 1 MT
    juli 21, 2011 ved 7:51 am

    Takk for gode ord i dagen.
    Marieklem


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: