17
Mai
10

discursus: 17. mai og det nasjonale «vi»

…eit kristisk perspektiv må med…

17. mai fordrar også kristisk diskusjon om det nasjonale. Den einskaplege nasjonalkjensla er «ute» – fordi den kristne historia som ligg til grunn for tradisjonell norsk identitet, ikkje har dekning lenger. Den franske og amerikanske revolusjonen med tilhøyrande tekster, heile opplysingstradisjonen, har vore bakt inn i den kristne, meir og mindre vellukka, men det funkar ikkje lenger. Opplysinga og revolusjonen åleine funkar heller ikkje som ny fellestradisjon, som ny nasjonalmyte. Det er for magert som hjartejord. Det syng ikkje.

Korleis kan det vere eit verkeleg kollektivt «vi» i eit folk som er kløyvt i noko så avgjerande som tru og religion? Ikkje-kristne truande er ikkje det primære problemet her, slik eg ser det. Det er den aktive framandgjeringa frå trua på Gud som legg ein front mellom oss. Kva deler eg med dei som tek avstand frå det eg trur på? Vi kan og bør dele det menneskelege; respekten, den gjensidige interessa, sansen for rettferd, lovlydnad og fred. Det er ikkje lite. Dette fordrar – og det skaper – ein leveleg og sympatisk sivilisasjon, og vi bør arbeide for det, verdsetje det og gjerne demonstrere/eksponere  det. På 17. mai.

Men det er noko anna enn ein verkeleg djup verdifellesskap. Å late som noko anna, blir hôlt og på liksom.

Det er ikkje til å unngå at ein god del av tekestene og symbola knytte til 17.mai, må setjast i parentes eller hermeteikn for at vi skal kunne svelje dei i lag. Eller dei må historiserast. Fair enough.

Som symbol  får vi nøye oss med den kongelege flosshatten 🙂

Reklame

1 Tilbakemelding to “discursus: 17. mai og det nasjonale «vi»”


  1. 1 Kazimierz
    mai 27, 2010 ved 2:29 pm

    Dette var veldig god og riktig uttalelse!

    Hilsen

    Kazimierz


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: