18
Mar
09

nota bene: Snåsamannen, bøn for sjuke, eksorsisme m. m.

Tematikkar med religiøs profil er på topp for tida. Sist måndag var det fem hundre deltakarar, med folk utgjennom dørene, på Litteraturhuset i Oslo, der mange av dei trendy debattane i hovudstaden går føre seg.. Det seier meir enn et meste om at religion og tru er tilbake på den offentlege arenaen – om noko endå skulle tvile på det. Sjølsagt er ikkje alle tilhengjarar av religion; tvertom ser vi ei mobilisering mot, men det hadde ikkje vore tilfelle dersom ikkje nettopp mange er for! Som eg har både blogga og skrive og sagt lenge: Samfunnet blir meir polarisert, ikkje minst i høve til religion og tru. Bra og sunt for alle partar, sjølv om det blir vansklegare. Og meir spennande, meir lærerikt!

Mykje av det kontroversielle kjem av at den etablerte, sjølvtrygge og ofte arrogante sekularismens hegemoni er i ferd med å bryte opp, som tjukkisen i ei elv om våren; ’isfærd’, kalla vi det i heimbygda mi. Den siste tida er det Snåsamannen, lækjande hender, bøn for sjuke, hijab og eksorsisme som har vore i fokus. Hijab og denslags har eg skrive om her tidlegare – og kan no berre rsakt seie noko om det andre:

Bøn for sjuke? Skulle det vere så merkeleg? Det utgjer ein stor del av Jesu gjerning slik vi les det i evangelia. Likeeins i apostlane si verksemd og i urkyrkja. Og i oldkyrkja. Og heile vegen i den katolske kyrkja. Alle dei store helgnane , som den hl Frans og den hl Dominikus, ba for sjuke og opplevde at under skjedde. I den katolske kyrkja er dei heilage si forbøn hos Gud ein viktig del av trusliv og trusrøynsle og eit kriterium for helgenkåring. Dei store valfartsplassane som Compostella, Nidaros og Røldal i mellomalderen og Lourdes, Guadalupe, Fatima og Medjugore i nyare tid – bøn for sjuke er ei av hovudsakene her. Sjukesalving-sakramentet (tidlegare kalla ’Den siste oljen’) er ein ordinær del av katolsk sjelesorg.

Så vidt eg har skjøna Snåsamannen, utfører han sitt kall på kristen grunn, som eit truande menneske. Han er klokkar i Snåsa! Det finst også menneske som har ”lækjande hender” som ei reint naturleg gåve – og det skal vi ikkje avvise, dersom det vert brukt på ein seriøs og open måte. Vi skal hugse på at Gud verkar også i skaparverket, hans nåde er på ferde også der; alt godt kjem frå Gud; ”all god gåve og all fullkomen gåve kjem frå han” (Jak 1,17).

For truande er det viktig at bøn for sjuke blir utført på ein usekterisk måte, i harmoni med kristen tru og lære,

Eksorsime? Ja det er også heilt dominerande i Jesu gjerning og i apostlane sin misjon. Evangeliet handlar om forløysing og utfriing av mennesket og all skapningen frå fordervskreftene: Døden, synda og demonen (djevelen). Eksorsismebøner inngår i det katolske katekumen- og dåpsritualet og ’eksorsist’ er eit embete i kyrkja Kvart bispedøme har som oftast ein eller fleire eksorsistar.

Det er heilt vanleg at ein i denne delen av sjelesorgen samarbeider med somatisk og psykiatrisk medisin.

Så også på dette området seier eg: -Velkomen til røyndomen! Det finst ei usynleg verd likesåvel som ei synleg. Og kyrkja tek heile røyndomen på alvor.


6 Responses to “nota bene: Snåsamannen, bøn for sjuke, eksorsisme m. m.”


  1. 1 Wenche
    mars 18, 2009 ved 11:43 pm

    Du etterlyste ein helgen frå Groruddalen. Helgenkåring dreier seg i flg. katolsk.no om å granska mirakel, i praksis om å granska lækjedom.

    Snåsamannen må vera ein opplagt helgenkandidat. Håpar han lever lenge, og at det derfor er lenge til han blir aktuell. Det er vel ikkje krav at ein må vera katolikk?
    Når de katolikkar er så opptekne av helgenar, kvifor tek du då så lett på t.d. Snåsamannen? Denne kommentaren var ikkje av dei mest tankevekkjande du har skrive, om eg skal seia det forsiktig. (Du har sjølv skapt forventningane! 🙂 )

    Sjølv om veldig mange vanlege folk i dette landet, les og undrar seg, så vil ikkje du prioritera å setja deg inn i saka. Eg tvilar ikkje på at du er i ei verre tidsklemme enn dei fleste, men likevel. Det er sjølvsagt mogleg at eg er dårleg orientert om kva som foregår i DKK.

    Kyrkja som elles ber om og fattar stor interesse for under, ser nærast forbi alle dei undera som skjer her. I boka om Snåsamannen går det fram at han har måtta forsaka mykje og har sjølv hatt mange vanskar pga. dei uvanlege evnene og denne veldige trongen til å hjelpa.

  2. mars 19, 2009 ved 6:51 am

    Jeg har på følelsen av at de frikirkelige pastorer i media for tiden, ikke snakker om eksorsisme som forstått innen moderne sjelesorg. I alle fall en av disse går ut med annonse om at besatte mennesker kan komme og bli fri for sine demoner som har hoppet inn i dem. Dette handler om en ekstrem tabloidisering av det alvorlige som sjelesorg er. Tragisk.

  3. mars 19, 2009 ved 3:11 pm

    Wenche:

    Det eg lova, var å kommentere litt på «Snåsamannen» – som eg ikkje har fått lese så mykje om endå, nei. Sant at folk er opptekne av dette; likevel må han (boka om han) nok stå i kø hos meg endå ei stund. Viktigast for meg i denne runden var å gjere ryddig greie for korleis katolsk tru ser på det som er kjernen her: at sjuke blir bedne for/lagde hendene på. Kanskje er det nettopp ikkje så merkeleg for katolikkar?

    Kan han bli helgen? Ikkje i «formell» forstand (= at han har ein offisiell status, erkjent av den katolske kyrkja, for då må han faktisk vere katolikk.

    Når/dersom eg får lese boka, kan eg kanskje seie meir om kva inntrykk heilskapen i historia hans gjer på meg. Det du skriv om forsaking og vanskar stadfester det sympatiske og ærlege inntrykket eg har fått av han.

    Summa: 1) Den katolske kyrkja ser positivt på bøn for sjuke og på lækjedomsunder. 2) Ho kan uttale seg offentleg om fenomena, men ikkje starte ein helgenkårings prosess av ein person frå eit anna kyrkjesamfunn. Det har òg med respekt for han å gjere.

  4. mars 19, 2009 ved 3:17 pm

    unitar:

    Samd i at tabloidisering av sjelesorg (inkludert eksorsisme)er uheldig. Difor er dette ei ordna og ansvarleg teneste den katolske kyrkja.

    Pdas blir slikt stoff lett tabloidisert og sensajonelt i norsk setting – fordi vi er blitt så framandgjorde for den åndelege dimensjonen ved røyndomen. Løysinga er ikkje å halde fram den religiøse fortrengjinga i samfunnet og kulturen. Då fortrengjer vi mennesket.

  5. 5 Katolsk Gjerstad-fan
    mars 19, 2009 ved 9:50 pm

    Jeg slukte hele Snåsamann-boka på ca. et døgn. Fantastisk spennende og overbevisende lesning. Anbefales!

    Flott å se at ihvertfall en katolsk prest er åpen for muligheten for helbredelse – ikke bare gjennom kristen forbønn men også gjennom » «lækjande hender» som ei naturleg gåve.» Det er fortsatt mye trangsynt skepsis til dette åpenbart autentiske fenomenet i kristne kretser. Jeg kan ikke se at det er noe problem i å kombinere tro på dette fenomenet med et kristent livssyn – det dreier seg bare om at mange mennesker har åndelige evner, også utenom / i tillegg til Den hellige ånds overnaturlige karismer med utgangspunkt i dåp/ferming. En unødvendig skepsis på dette området lukker muligheten for kristen dialog med den folkelige (ny)religiøsiteten og kan gi inntrykk av at Kirken ikke tar vanlige folks åndelige opplevelser på alvor.

    Det kan ihvertfall ikke være tvil om at Gjerstad selv ser på hele sitt virke som en kristen tjeneste som «den kristne» Gud har kalt ham til.

    Kanskje vi kunne begynne å eksperimentere med en tredeling av menneskets evner/krefter for å bake inn både Kirkens tro og Snåsamannens evner inn i et overordnet skjema:
    1. «Naturlige» evner: syn, hørsel, muskelkraft
    2. «Paranaturlige» evner: f. eks. varme hender og synskhet
    3. «Karismatiske» evner som Gud gir på overnaturlig vis ved den sakramentale nåde i dåp/ferming. Her kommer f. eks. den bibelske «helbredelsens nådegave» inn, som Ånden kan gi i gave uavhengig av om helbrederen fra før av har «paranaturlige varme hender» eller ikke.

  6. mars 21, 2009 ved 10:45 am

    Syns systematiseringa di er god; likar kanskje ikkje «paranaturleg» så godt…


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: