”Heren gjekk framom beint for augo hans og ropa…” (34, 6)
Igjen: Guds rop. Den ropande Guden. Moses sit like ved, i bergskora og skal få sjå Herren attantil.
Guds underlege og ”keitete” framferd… Han vil nærme seg menneska, vere saman med folket sitt. Men det er så motsetningsfullt; hjarta hans brenn av kjærleik, men og av harme; dei gløymde han og forkasta han, dei ville heller ha gullkalven. Ropet – den guddomlege rådvilla, den guddomlege smerten: ”Kva skal eg gjera med deg, Efraim? Kva skal eg gjera med deg, Juda?”
Hans rop kling i livet mitt: ”Kva skal eg gjera med deg….?”
Jeg nyter å lese dine små betraktninger!
Kjell H.
Takk. Dei er kanskje korte, men i mi form for skriving ligg det å kunne prøve å treffe byttet med berre éi pil….